Carl Peter Thunberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Peter Thunberg måla av Krafft d.y. i 1808.

Carl Peter Thunberg (11. november 17438. august 1828) var ein svensk botanikar, lærling til Carl von Linné.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Carl Peter Thunberg var født i Jönköping som son av bokhaldaren Jean Thunberg og Margareta Starkman. Han gifta seg i 1784 med Brita Charlotta Ruda.

Døme på plantar samla av Carl Peter Thunberg.

Thunberg studerte ved Uppsala universitet der han studerte medisin og filosofi, og gjekk ut i 1772 med ei avhandling om isjias. Gjennom tilrådingar frå Linné fekk Thunberg stipend for å studere i Amsterdam og Paris i 1770, der han vart kjent med botanikaren Johan Burman og son hans, Nicolaus Laurentius Burman. Gjennom desse kjennskapa kunne i 1772 han reise for Nederlanda si rekning i 1775 til Japan via Sør-Afrika og Java, og tok derfor teneste i Det nederlandske austindiakompaniet som kirurg, då Japan berre tok imot nederlendarar. Tolkane i Japan var legar som han sjølv, noko som gjorde at han òg hadde eit medisinsk utbytte av reisa.

I 1776 hadde Thunberg fått nok av den strenge overvakinga han var utsett for i Japan og reiste attende til Holland. På reisa vitja han mellom anna Ceylon (Sri Lanka) og gjorde viktige planteinnsamlingar. Før han hadde kome attende fekk han melding om at han var blitt utnemnd til Carl von Linné d.y. sin etterfølgjar som botanices demonstrator ved Uppsala universitet. Han kom attende til Holland i 1778, og etter eit besøk i London, kom han heim til Sverige i mars 1779. I nesten femti år skulle han vere verksam som lærar og professor i Uppsala. Han var leiar av 66 vitskaplege samfunn (mellom anna Svenska Vetenskapsakademien frå 1776).

Reisene og samlinga av planter og andre saker, gav opphav til meir enn 300 skrifter innan etnografi, botanikk og språkvitskap. I tillegg skreiv Thunberg ein sjølvbiografi, og breva hans er blitt utgjevne. Den store prøvesamlinga hans vart donert til Uppsala universitetsbibliotek. Thunberg «oppdaga» og skildra vitskapleg om lag 800 japanske artar og den sørafrikanske rooibosbusken.

Thunberg døydde på Tunaberg i Gamla Uppsala. Han er gravlagd på Uppsala gamla kyrkogård.

Botaniske namn[endre | endre wikiteksten]

  • Planteslekta Thunbergia (i Akantus-familien) er oppkalla etter Thunberg
  • Mange artar med artstillegget thunbergii viser òg til han
  • Autornemninga Thunb. viser at det er Carl Peter Thunberg som har gitt arten sitt vitskaplege namn.

Utvalde utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Botanikk
    • Flora Japonica (1784)
    • Edo 'reiseguide'.
    • Prodromus Plantarum Capensium (Uppsala, vol. 1: 1794, vol. 2: 1800) [1]
    • Flora Capensis (1807, 1811, 1813, 1818, 1820, 1823)
    • Voyages de C.P. Thunberg au Japon par le Cap de Bonne-Espérance, les Isles de la Sonde, etc.
    • Icones plantarum japonicarum (1805)
  • Entomology
    • Donationis Thunbergianae 1785 continuatio I. Museum naturalium Academiae Upsaliensis, pars III, 33–42 pp. (1787).
    • Dissertatio Entomologica Novas Insectorum species sistens, cujus partem quintam. Publico examini subjicit Johannes Olai Noraeus, Uplandus. Upsaliae, pp. 85–106, pl. 5. (1789).
    • D. D. Dissertatio entomologica sistens Insecta Suecica. Exam. Jonas Kullberg. Upsaliae, pp. 99–104 (1794)..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl Peter Thunberg

Litteratur

  • RESAN til och uti Kejsaredömet Japan åren 1775 och 1776, facsimileutgåva Bokförlaget Rediviva, Stockholm (1980). ISBN 91-7120-132-7

Biografiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Prodromus Plantarum Capensium på Biodiversity Heritage Library.