Carlo Gesualdo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carlo Gesualdo

Fødd8. mars 1566
FødestadNapoli i Italia
Død8. september 1613 (47 år)
DødsstadGesualdo i provinsen Avellino
OpphavKongedømet Napoli
Aktiv1585-1611
SjangerRenessansemusikk
Verka somKomponist
MorGeronima Borromeo
FarFabrizio II Gesualdo
Gift medMaria d'Avalos, Leonora d'Este
BornAlfonsino Gesualdo

Carlo Gesualdo (fullt namn Don Carlo Gesualdo, Principe di Venosa (fødd 8. mars 1566 i eller i nærleiken av Napoli, død 8. september 1613 i Gesualdo i provinsen Avellino) var ein napolitansk prins og komponist mest kjend for sine utrykksfulle madrigalar, mange skriven i eit dristig kromatisk tonespråk ein ikkje finn maken til før på 1800-talet. Gesualdo er òg herostratisk vidkjend for å ha gjort nokre av dei mest berykta morda i musikkhistoria.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gesualdo vart fødd inn ein aristokratisk familie der faren var regjerande prins av Venosa, moren Girolama var niesa til Pave Pius IV og Carlo Borromeo onkelen hans. Ved hoffet fekk Carlo Gesualdo tidleg ei grundig musikalsk utdanning og opplæring i bassluttspel. Han spelte òg cembalo og gitar[1], og viste liten interesse for noko anna enn musikk. Etter at bror hans døydde rykte han opp i arverekkefølgja, og vart regjerande prins i 1586.

Same år gifta han seg med syskenbornet sitt Donna Maria d'Avalos som to år seinare starta ein kjærleiksaffære med Fabrizio Carafa, hertugen av Andria. Dei heldt det gåande i to år før Gesualdo fekk nyss om affæren. Han let då som han skulle på ein fleire dagars jakttur, men vendte attende same kveld og tok kona og elskaren in flagrante delicto («på fersken»). Kva som så skjedde vart aldri heilt klargjort, men det er ganske klart at han drap hustrua Maria på eiga hand. Same natt døydde òg elskaren og ei dotter med uklart farskap. Ei rettsleg undersøking førte ikkje til nokon endeleg konklusjon, men for å unngå hemn frå familiane til ofra, flykta Gesualdo til familieslottet og vart der dei neste fire åra.

Han gifta seg på ny i 1594 etter bistand av onkelen, kardinal Alfonso Gesualdo. Paret busette seg i Ferarra og i løpet av dei to åra dei budde der skreiv han truleg størstedelen av komposisjonane sine, spesielt dei fire første madrigalbøkene. Så trekte han seg igjen tilbake til slottet Gesualdo.

Etter 1600 døydde det einaste barnet han hadde med den andre kona. Gesualdo gjekk no inn i ein stadig sterkare depresjon og skreiv mest kyrkjemusikk. I 1611 publiserte han sine siste verk. Gesualdo døydde isolert i slottet Gesualdo i Avellino.

Ein trur at han leid av ei form av bipolar liding.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Verka til Gesualdo omfattar ei rekkje kyrkjemusikalske komposisjonar, mellom anna responsoriar for liturgien i den stille veka. Dessutan skreiv han motettar og seks bøker med madrigalar. Ei sjuande madrigalbok er tapt.

Tidsmessig høyrer Gesualdo til i overgangsperioden mellom renessansen og barokken, men stilmessig er han forankra i 1500-tals vokalpolyfoni. Komposisjonane hans er kjenneteikna av hyppig bruk av kromatikk og uventa modulasjonar for å understreke meiningsinnhaldet tekstmaterialet. Slik står han i tradisjonen til andre madrigalistar som Luca Marenzio og Claudio Monteverdi. Verka til Gesualdo var akseptert i hoff- og akademiske kretsar fram til midten av 1600-talet, men forsvann raskt straks operaen gjorde inntog.

  • 1594: Madrigali libro primo (5-stemmig)
  • 1594: Madrigali libro secundo (5-stemmig)
  • 1595: Madrigali libro terzo (5-stemmig)
  • 1596: Madrigali libro quarto (5-stemmig)
  • 1603: Sacrarum cantionum liber primus, 21 motettar (5-stemmig)
  • 1603: Sacrarum cantionum liber secundus, 20 motettar (6-7-stemmig)
  • 1611: Madrigali libro quinto (5-stemmig)
  • 1611: Madrigali libro sesto (5-stemmig)
  • 1611: Responsoria eit alia ad Officium Hebdomadae Sanctae spectantia (6-stemmig)
  • 1626: Madrigali libro settimo (6-stemmig, tapt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anthony Newcomb|Newcomb, Anthony. "Carlo Gesualdo and a musical correspondence of 1594" in The Musical Quarterly, oktober 1968, vol. LIV no. 4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Carlo Gesualdo

Notar[endre | endre wikiteksten]