Den stille veka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Religiøst opptog på Sardinialangfredag. Slike opptog er vanlege i mange katolske område.

Den stille veka er tida mellom palmesøndag og påskedag. Ho vert òg kalla den heilage veka (latin Hebdomas sancta) eller Den store veka (Hebdomas maior). Når folk kallar desse dagane for påskeveka, er det eigentleg feil – påskeveka begynner 1. påskedag.

I den tidlegaste kristne liturgien vart påska truleg berre feira på påskedagen. Etter kvart begynte dei å feire over fleire dagar, for å følgje Jesu lidingshistorie. Dette skjedde særleg i samband med at pilegrimmar begynte å valfarte til Jerusalem. På slutten av 300-talet var langfredag og påskeaftan rekna som dagane for Jesu liding, og det utvikla seg ein eigen liturgi for desse dagane.

Pave Leo den store bestemte på 400-talet at dei i Roma skulle lese lidingshistoriene etter dei fire evangelistane på palmesøndag, onsdag og fredag i den stille veka og påskenatt. Dette vart etter kvart endra, men ordninga vart i Den katolske kyrkja gjeninnført av Pius XII i 1955. Mange protestantiske kyrkjer følgjer ein liknande modell.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Veka vert kalla «stille» fordi kyrkjeklokkene tradisjonelt ikkje ringer denne veka; eventuelt kan ein slå på klokkene med ein dymbill, ei treklubbe som gjev ringing med ein dempa klang.

I katolske kyrkjer er det skikken å dekke til statuer og andre bilete i kyrkjene, helst med fiolette klede. Denne skikken vert òg følgd i mange lutherske kyrkjer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den stille veka