Carol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om ein musikktype. For kvinnenamnet Carol, sjå Carola. For mannsnamnet Carol, sjå Karl.
«Coventry Carol» frå 1500-talet framført av U.S. Army Band.
Tekst og noter til «Agincourt Carol» frå 1400-talet.
«God Rest You Merry, Gentlemen» framført av The Carol Singers i 1917.
Blad frå carolsamlinga English folk-carols frå 1911.

Carol (uttalt /kˈærəl/) er ein songtype frå England med røter frå mellomalderen. Han blei opphavleg sungen til dans, men blei seinare for det meste framført som musikk åleine. Carolar var knytte til feiringar som jul, påske eller siger, og hadde ofte kristent innhald, særleg knytt til juleevangeliet, jomfru Maria og liknande. I moderne engelsk viser omgrepet «carols» som oftast til julesongar, og kan også omfatta ein del nyare og utanlandske songar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ordet carol kjem frå gammalfransk «carole», og dei to orda viser begge til gledesfylte dansesongar. Opphavleg blei carolar sungne til ringdans, kanskje særleg av unge kvinner. Opphavleg var songane truleg einstemmige. Dei blei etterkvart utvikla i fleirstemmige former til bruk i kyrkjer og religiøse prosesjonar, til framføring av profesjonelle kor. Mange av songane var del av mysteriespel knytt til dei ulike kristne høgtidene. Ein mellomaldercarol kunne ha engelsk, latinsk eller makaronisk (blanda) tekst. Songane var vanlegvis bygde opp av refreng, som ein gjerne byrja og slutta med, og vers med lik struktur og enderim. Frå tida rundt 1500 kunne carolar ha to refreng, eller ulik melodi for ulike vers.

Tidsrommet mellom 1350 og 1550 er rekna som ei gylden tid for den engelske carolen. Han var hovudmusikkforma på denne tida, utvikla i ein særeigen stil ulik kontinentaleuropeisk musikk.[1] Rundt femhundre tekstar og ein handfull melodiar er bevarte frå denne tida, hovudsakleg med innhald knytt til jul og elles knytt til påske, moralske råd, satire, kjærleik eller andre emne. Det kongelege Fayrfax-manuskriptet frå 1400-talet inneheld fleire carolar, mange av dei med kjend komponist, som Robert Fayrfax, William Cornyshe eller John Browne.

Reformasjonen i England førte til at mysteriespel og dei tilhøyrande songane deira blei fortrengde frå kyrkjene til fordel frå bibelbaserte metriske salmar. Det blei likevel skrive og framført musikk etter carolmønster blant overklassen, til dømes komposisjonar av William Byrd og Thomas Weelkes. Allmugen fortsette også å synga carolar. Desse var enklare folkesongar knytt til jul og andre høgtider, som May Day. Dei kunne ha form som balladar eller hymne og vera med eller utan refreng. Desse songane blei samla inn saman med anna folkeminne på 1700- og 1800-talet. Fleire samtidige diktarar og komponistar blei inspirerte til å skriva carolliknande songar, ofte til eldre melodiar. Utanlandska julesongar blei også omsette og kalla carolar. Omgrepet «carol» blei etterkvart utvida til å gjelda det meste av julesongar ein song i kyrkja eller heimen, sjølv om mange framleis skil mellom «carols» og «hymns» (salmar).

I dag er carolar særleg knytt til julegudstenester og -konsertar. Dei kan framførast av kor, som allsong, eller som instrumentalmusikk. Frå 1880 blei det utarbeidd ei eiga gudstenesteform kalla «Nine Lessons and Carols» som omfatta opplesing av ni korte tekstar med carolar imellom. Skikken blei utbreidd, og gudstenesta frå King's College i Cambridge blir kringkasta årleg av BBC.

Døme på carolar[endre | endre wikiteksten]

Frå mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

«This Endris Night» framført av U.S. Army Band.
  • «Gabriel, from Heaven-King» (1200-talet)
  • «Agincourt Carol» (også «Agincourt Song/Hymn» og «Deo gratias Anglia») (1400-talet)
  • «The Cherry-Tree Carol» (1400-talet)
  • «Adam lay ybounden» (1400-talet)
  • «I syng of a mayden» (1400-talet)
  • «Lullay, mine liking» (1400-talet)
  • «Saint Stephen and Herod» (1400-talet)
  • «This Endris Night» (1400-talet)
  • «Corpus Christi Carol» (nedskriven 1504)
  • «Boar's Head Carol» (nedskriven 1521)
  • «Coventry Carol» (1500-talet)
  • «Green groweth the holly»(1500-talet)
«A Virgin Unspotted» framført a cappella.

Folkesongar frå 1600- til 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

  • «A Virgin Unspotted» (nedskriven 1661)
  • «I Saw Three Ships» (1600-talet eller tidlegare)
  • «Sussex Carol» (1600-talet)
  • «God rest you merry, gentlemen» (1700-talet)
  • «The Holly and the Ivy» (truleg 1700-talet)
  • «Wexford Carol» (1700-talet, frå Irand)
  • «Twelve Days of Christmas» (utgjeven rundt 1780)
  • «Tomorrow shall be my dancing day» (først utgjeven 1833)
  • «Down in yon forest»
  • «The Bitter Withy»
  • «The First Nowell»
Instrumentalversjon av «Angels we have heard on high».

Nyare songar rekna som carolar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christmas carols

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Fallows (Feb.), «The Fayrfax Manuscript», The Musical Times 
  • «carol», Encyclopædia Britannica, Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011 
  • Michael Kennedy og Joyce Kennedy (2007), «carol», Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  • Peter Wilton (2002), «carol», Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  • Dinah Birch, ed. (2002), «carol», Oxford Reference Online. Oxford University Press