Cesena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cesena
Fontenen Masini de Cesena
Fontenen Masini de Cesena
Byvåpenet til Cesena
Byvåpenet til Cesena


Plassering
Cesena is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Forlì-Cesena
Borgarmeister Giordano Conti
Geografi
Flatevidd
 - By

249,47 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2001)
   - folketettleik

93 857
  376.23/km²
Koordinatar 44°8′″N 12°14′″EKoordinatar: 44°8′″N 12°14′″E
Høgd over havet 44 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 47023
Telefon-retningsnummer 0 547
Nettstad: www.comune.cesena.fc.it

Cesena er ein by i provinsen Forlì-Cesena, der han deler det administrative ansvaret i lag med Forlì, i regionen Emilia-Romagna i Italia og har om lag 95 000 innbyggjarar. Han ligg sør for Ravenna og vest for Rimini ved elva Savio og foten til Appenninane, om lag 15 km frå Adriahavet.

Palazzo del Capitano i Cesena.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cesena var opphavleg ein etruskisk by i Umbria. Etter ein kort periode under gallarane vart han erobra av romarane200-talet fvt.. Han var ein strategisk viktig garnisonsby og vart øydelagd i krigane mellom Gaius Marius og Sulla. Plinius nemner at vinen i Cesena er av dei beste ein kan få tak i.

Cesena låg på grensa mellom Eksarkatet Ravenna og riket til langobardane. Det vart gjeve til Kyrkjestaten av frankarane, som erobra området, i 754 og gjekk fram og tilbake mellom pavane og erkebiskopane i Ravenna, og var ei kort tid ein republikk frå 1183 til 1198. Lenge vart han kjempa om mellom pavane og Det tysk-romerske riket og var stundom halde av Malatesta.

Det korte styret til Ordelaffi-familien frå Forlì vart knust i 1357 av troppane til paven leia av kardinal Gil de Albornoz.

Byen gjorde igjen opprør i 1377 under dei åtte helgenane-krigen. Denne gongen vart han gjenerobra av dei bertonske troppane til Giovanni Acuto (den engelskfødde condottiere John Hawkwood) under Robert, kardinal i Geneve (seinare motpave Clement VII) sin kommando. Robert fungerte som legaten til pave Gregorius XI. og tok livet av mellom 2 500 og 5 000 sivile, noko som var rekna som ei grusom krigshandling på denne tida og som fekk namnet «Blodbadet i Cesena». Kardinalen fekk tilnamnet «slaktaren av Cesena». Året etter gav Urban VI det som var igjen av Cesena til Galeotto I Malatesta.

I perioden 1379-1465 kom byen seg opp att og blømde under Malatesta-familien, som bygde opp att borga (kalla Rocca Malatestiana) oppfor byen. Malatestiana bibliotekt, bygd nær borga av Malatesta Novello (1429), vert rekna som eit av dei flotte biblioteka frå renessansen og inneheld mange verdifulle manuskript.

Etter Novello døydde i 1465 gjekk Cesena tilbake til paven, men vart igjen erobra av ein lokal herre, Cesare Borgia, i 1500. Byen vart hovudstad i det mektige, men kortvarige hertugdømet hans.

Cesena vart så etter kvart ein sekundær by i Kyrkjestaten. Under napoleonskrigane vart mange av klostera og kyrkjene plyndra. Nokre av borgarane hadde framtredande roller under samlinga av Italia på midten av 1800-talet.

Under den andre verdskrigen låg Cesena nær den gotiske linja, som kryssa Appenninane nær byen, og han vart derfor råka av mange bombetokt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]