Changzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Changzhou, med Tianning-pagoden til høgre
Frå byfylket Liyang i byprefekturet Changzhou

Changzhou (kinesisk skrift 常州; pinyin Chángzhōu) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu i Kina. Prefekturet ligg sør i provinsen og har ei kort grense mot provinsen Zhejiang, i nord ligg Changzhou ved sørbreidda av Chang Jiang. Changzhou har eit areal på 4 385 km² og 4 591 972 innbyggjarar i 2010.

Byprefekturet Changzhou omfattar fem distrikt (区 ) og to byfylke (市 shì).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Changzhou har både vore eit kommersielt senter, og særleg ein marknad for omsetting av landbruksprodukt. Matvarene vart skipa ut mot nord gjennom kanalen og seinare til Shanghai.

Byen er eit sentrum i tekstilindustrien. Her er store matvareprodusentar som driv mylner, ris-polering og med pressing av oljevekstar. Etter 1949 har byen også utvikla seg til eit senter i verkstadindustrien. Ein av dei største lokomotivfabrikkane i Kina ligg i byprefekturet. Andre maskinfabrikkar lagar dieselmotorar, generatorar, transformatorar og landbruks-og tekstilmaskinar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppested i Changzhou. Byen er også stoppestad på den viktige jarnbanelinja Jinghubana som strekker seg frå Beijing til Shanghai via mellom andre Tianjin, Jinan i Shandong, Nanjing og Suzhou.

Kinas riksveg 312 fører gjennom området. Han går frå Shanghai og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi, før han endar på grensa mot Kasakhstan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Changzhou er over 2 000 år gammal, dagens namn fekk han 589. Etter at Keisarkanalen vart bygt i 609 vart Changzhou ei viktig kanalhamn. Omlandet rundt byen hadde, og har, stor produksjon av ris, oppdrettsfisk, te, silke, bambus og frukt.

På 1920-talet begynte bomullsindustrien å vekse fram i Changzhou. Då Japan okkuperte Shanghai, vart mykje av bomullsproduksjonen flytta frå Shanghai-området til Changzhou, som voks mykje.

I motsetning til dei fleste kinesiske byane, gjekk næringslivet godt i Changzhou også under Kulturrevolusjonen 196676. I dag er byen eit viktig industrielt senter for tekstilar, næringsmiddel, maskineri og teknologi.

Changzhou vart i 1982 utropt til «modellby» for Kinas barnavgrensingspolitikk som tillet einast eitt barn pr. familie i byane. Styresmaktene i Changzhou melde same året at nær 100 % av alle ektepar hadde gjeve løfte om å få berre eitt barn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Changzhou

Kjelder[endre | endre wikiteksten]