Chester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chester

Bridge Street med Chester Rows og St Peter's Church
Bridge Street med Chester Rows og St Peter's Church
Plassering
Chester is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cheshire
Distrikt Cheshire West and Chester
Grunnlagd 1. hundreåret evt.
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

81 718
Koordinatar 53°12′″N 2°53′″WKoordinatar: 53°12′″N 2°53′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer CH1-4
Telefon-retningsnummer 01244
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chester

Chester er administrasjonsbyen i grevskapet Cheshire i det nordvestlege England. Byen ligg nær grensa til Wales, nord for elva Dee, og er den viktigaste byen i distriktet City of Chester. Chester har ein av dei best bevarte bymurane i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den romerske demninga i elva Dee, Chester

Romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Chester vart grunnlagt i romersk tid, og delar av bymuren er frå denne perioden. Byen var kjent som Deva eller Castra Devana, og det er castrum, latin for 'festning', som er opphavet til namnet. Legio XX Valeria Victrix var forlagt der i ein periode. Byen var då ein av dei viktigaste i dagens England. Romarane anla ei kunstig demning i elva, for å halde vassivået høgt og for å hindre keltarar i å segle for langt opp elva. Staden der dei to hovudgatene kryssast er òg bevart, og dessutan eit hypokaustsystem, nokre rom og halvparten av amfiteatret. Den andre halvdelen er delvis øydelagt og dekt av nyare bygningar.

Angelsaksisk tid[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av det 600-talet, i 605 eller 606 iflg. Den angelsaksiske krønika, eller i 613 eller 614 iflg. Beda, slo Æthelfrith av Northumbria ein stor keltisk styrke i slaget ved Chester. Angelsaksarane forlenga og forsterka seinare murane rundt Chester for å kunne forsvare byen mot danane. Dei kalla byen Ceaster eller Legeceaster.

Mellomalderen etter 1066[endre | endre wikiteksten]

Etter erobringa til normannarane i 1066 vart Chester slott bygd som eit forsvarverk mot keltarane. Normannerne bygde òg Chesterkatedralen, som inntil Henrik VIII si tid var vigd til byen sin vernehelgen, St. Werburga.

Chester hadde på denne tida den største hamna i det nordlege England, og handelen dette førde med seg gjorde byen velstående. Dette fortsette inntil Dee vart ufarbar på grunn av mudder; handelen vart då flytta til den nyare byen Liverpool. På dei nye jordområda som vart skapt av elvemudderet vart det seinare anlagt ein veddeløpsbane, Rodee. Der står enno ein gammal steinkross som vart brukt til å markere vassivået.

Borgarkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Under borgarkrigen i England stod slaget ved Rowton Moor like utanfor byen. Parlamentarianarane knuste i slaget rojalistane, medan Karl I såg på frå vasstårna til byen.

Georgiansk og viktoriansk tid[endre | endre wikiteksten]

I georgiansk tid vart byen igjen meir velstående, og han vart populær blant den jordeigande adelen. Dette fortsette fram til den industrielle revolusjonen, då dei øvre samfunnsklassene frå Manchester og Liverpool byrja å flytte til Chester.

Chesterkanalen, no ein del av Shropshire Union-kanalen, vart anlagt. Han har vorte kalla «Den første mislukka kanalen til England» etter at han mislukkast med å bringe tyngre industri til Chester. Det vart òg anlagt jarnbane, med to store stasjonar. Berre ein av dei eksisterer enno.

I viktoriansk tid vart det store rådhuset bygd, etter at den gamle laugshallen brann ned. Det har eit klokketårn som berre har utskive på tre sider, medan den sida som vender mot Wales er blank. Arkitektane forklarte at dette var fordi «Chester won't give the time of day» (laquo;Chester vil ikkje eigong fortelje Wales kor mykje klokka er», frå eit engelsk uttrykk for ikkje å bry seg om noko). Likevel var Chester vertskap for den nasjonale Eisteddfod, ein walisisk festival, i 1866.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chester