Cornelius Thomas Rønnau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornelius Thomas Rønnau

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. september 1752
Kristiansand kommune
Død

11. november 1828 (76 år)

Utdanning cand.theol. (København 1777)
Yrke prest, prost
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Born Tvillingdøtrene Dorothea og Helene

Cornelius Thomas Rønnau[1](fødd 16. september 1752 i Kristiansand, død 11. november 1828 i Trondheim) var ein norsk prest, forfattar og visesamlar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og studiar[endre | endre wikiteksten]

Beitstad kyrkje

Rønnau voks opp i eit småborgarmiljø i Kristiansand. Han starta utdanninga si ved katedralskulen i heimbyen og vart uteksaminert derifrå i 1772. Etter det studerte han ved Københavns universitet, der han vart cand.theol. i 1777. Som student verka han og som huslærar i Mandal, medan han i åra 1780–84 var huslærar i København. Han vart vigd til prest i 1784.

Liv og Verknad[endre | endre wikiteksten]

Oppdal kyrkje

Etter at han vart vigd til prest, fekk han arbeid på eit av skipa til Østasiatisk Kompagni, som segla til Kina. Han var på sjøen fram til 1787, og på ein av turane preika han i Den danske kyrkja i London, der han og vart medlem av Det nordiske selskab. I 1787 vart han residerande kapellan i Beitstad, og i åra 1794–1802 var han sokneprest på same stad, medan han frå 1801, og var prost i Vestre Innherad. I 1802 vart han utnemnd til sokneprest i Oppdal, og han var konstituert prost i Dalerne prosti i perioden 1814–16. Helsa svikta han etter kvart, og i 1822 vart Rønnau, etter søknad, pensjonert med 350 spesidaler i pensjon og fri bruk av enkesete til sokneprestembetet i Oppdal.

Rønnau var ein aktiv skribent og dessutan særs musikalsk. Han utga i 1801 ei musikksamling: Aftryk af Cantater, opførte Tid efter Tid i Solbergs Kirke i Bedstaden. To år seinare kom han med eit oppbyggjande og eit kyrkjehistorisk skriv, Et ungt Menneskes bedste Beslutning paa Confirmationsdagen og Religiøse Høitideligheder i Norge. Rønnau skreiv og ei oppmuntrande vise for soldatane frå prestegjeldet, Soldatervise for det Opdalske Kompagnie paa Marchen til Bataillonssamlingen 1805. Noko seinare kom han med to topografiske skildringar av Oppdal, ei utgjve i 1817 og ei i 1820. Den siste var meint som ein korreksjon til Jens Edvard Krafts Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge frå åra 1820-1835.

Ein særs viktig del av verket til Rønnau var 30 melodiar til Nyerup og Rahbeks Udvalgte danske Viser som vart gjeven ut i 1814. Han samla fleire viser enn desse som kom med i samlinga, men mest alle er gått tapt.

Rønnau var ein ihuga folkeopplysingsmann, og ynskte difor å inndra embetet som residerande kapellan i Beitstad. Dei innspara midla skulle brukast til å erstatta ein av omgangsskulane med fastskule. Ordninga let seg likevel ikkje gjennomføra så lenge stillinga var oppteken, men vart gjennomført av Rønnaus etterfylgjar. I Oppdal grunnla han eit kornmagasin og stifta eit allmogebibliotek. Han oppretta og søndagsskule, der han sjølv var lærar. I prekenane sine oppfordra han til verksemd og verksemdutvikling, og starta sjølv to pottoskekokeri.

Rønnau verka elles for meir edruelegdom blant bøndene. Han kritiserte dei lange brudlaupsfestane og fekk mange av sokneborna sine til å gå inn for måtehold. Ein del av inntektene til Sokneprestembetet i Oppdal var frå St. Antonius prebende i Trondheim. Rønnau viste her sitt nasjonale sinnelag da han i 1808 ga avkall på denne inntekta og let midla gå til styrking av sjøforsvaret i Noreg.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Cornelius Thomas Rønnau var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1804 og vart i 1809 riddar av Dannebrogordenen. I 1821 vart han dekorert med Borgardådsmedaljen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Aftryk af Cantater, opførte Tid efter Tid i Solbergs Kirke i Bedstaden, Trondheim 1801
  • Et ungt Menneskes bedste Beslutning paa Confirmationsdagen, Trondheim 1803
  • Religiøse Høitideligheder i Norge, i Fallesens Magasin, bd. 12, 1803, s. 243–254
  • Soldatervise for det Opdalske Kompagnie paa Marchen til Bataillonssamlingen 1805, Trondheim 1805
  • Om Opdals Præstegjeld, DKNVS Skr., bd. 2, Trondheim 1817
  • Efterretninger om Oppdals Præstegjeld, i Budstikken 1820

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nekrolog i Adresseavisen nr. 98/1828
  • Norsk Folkeminnelag, bd. 4, 1896
  • En Autobiographi af Provst Cornelius Thomas Rønnau, skrive av Ludvig Daae i Personhistorisk Tidsskrift, rk. 4, bd. 4, 1901, s. 219–222.
  • Ole Mørk Sandvik: biografi i Norsk Biografisk Leksikon1, bd. 12, 1954
  • Henrik Kvam: Beitstadboka, bd. 2, Steinkjer 1985

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cornelius Thomas Rønnau». Store Norske Leksikon.