Cyathea dealbata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cyathea dealbata
Maori: Kaponga


Silver Fern
Silver Fern

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Pteridophyta
Klasse: Polypodiopsida
Orden: Cyatheales
Familie: Cyatheaceae
Slekt: Cyathea
Art: C. dealbata
Vitskapleg namn
Cyathea dealbata
(G. Forster) Swartz, 1801

Silver-fern (sølvbregne), eller silver tree fern (sølvtrebregne), (Kaponga eller Pongamāorispråk)[1], er ei art middelstor trebregne som er stadeigen (endemisk) på New Zealand.Sølvbregna er nasjonalplanten til New Zealand.

Innhaldsliste

[endre] Synonym

  • Polypodium dealbatum G. Forster, 1786
  • Cyathea tricolor Colenso, 1883
  • Alsophila tricolor (Colenso) Tryon, 1970

[endre] Utsjånad

Planten kan veksa seg over ti m høg (men kan ein sjeldan gong opptre som krypplante). Kruna er tett, og bregneblada kan verta om lag fire m lange. Dei har ein sølvkvit farge på undersidene og lysare grøn på oversidene. Denne klåre, sølvaktige fargen har gjort dei nyttige som markørar langsetter stiar, så ein kan sjå å gå i mørke. Skjella er mørkt brune, og er ofte vridde og glinsande.

[endre] Utvikling og vokster

Cyathea dealbata kom til relativt seint i New Zealands historie, under Pliocenepoken[2] (kring 5 - 1,8 millionar år sidan). Bregna finst på dei newzealandske øyene og på Chatham Islands i aust, mest i nærleiken av tørrare skogar og i open krattskog. Ho er kjend for å veksa godt i vel drenert humus, og når ho først har slått rot, greier ho gjerne tørrare vokstervilkår. Ho veks best i ly frå vind, og bør vernast mot frost. Sølvbregna veks ikkje på skogbotnen under dei tette krunene til utvaksen skog.

[endre] Sølvbregna i bruk

Koruspire

[endre] Referansar

  1. Māoriordet ponga (IPA:'poŋa) er eit låneord i newzealandsk engelsk som ei uspesifikk nemning på trebregner. Engelsktalande uttalar vanlegvis ordet som punga (IPA:'pʌŋə).
  2. Stuart Parsons et al. (2006) Biology Aotearoa – Pearson Education New Zealand. ISBN 1 877268 00 3.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cyathea dealbata
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk