DS «Rauma» (1889)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar, sjå Rauma (fleirtyding)

DS, seinare MS «Rauma» var i perioden 1889-1963 ein lokalrutebåt i fart i Møre og Romsdal fylke.

DS «Rauma»[endre | endre wikiteksten]

DS «Rauma» i Molde omkring 1890.
Foto: Axel Theodor Lindahl
  • 1894: Mælt om etter nye målereglar: brt:120
  • 1906: Ny kjele installert ved Akers Mek. Verksted, Oslo. 25 nhk 135 ihk
  • 191x: Maskinkrafta mælt om til 26 nhk 144 ihk
  • April 1940: «Rauma» var akkurat komme til Molde med såra, norske soldatar frå Åndalsnes, då båten vart angripen av tyske bombefly. Båten vart freista sett på land, men sokk i forsøket på dette. Seinare vart båten heva og reparert.

MS «Rauma»[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: Omfattande ombygging ved A. M. Liaaens Mek. Verksted, Ålesund. Nytt overbygg av «sjøbuss»-type og ny salong i full breidde akter. Ny tonnasje: 160 brt. Motor montert: firesylindra 4tev Crossley dieselmotor (1948). Fart: 10 knop
  • 1962: Tatt ut av rutefarten og lagt i opplag i Vegsund.
  • Januar 1963: Sokk under opplag i Vegsund fordi ein open ventil kom under vatn da skipet sokk noko ned etter eit snøfall. Heva kort etter, men vart ikkje funnen rekningsvarande å reparere.
  • Mai 1963: Seld til Maaløy Skipsopphugning, Måløy. Vurdert reparert og ombygd, men dette vart det ikkje noko av. Vart istaden hogd opp i Måløy.
  • Januar 1965: Sletta frå norsk register.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Chr. Egenæs