Danskar i Sør-Slesvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den danske minoriteten i Sør Slesvig er ei folkegruppe som reknar seg som danskar, og som bur i den nordlege delen av delstaten Schleswig-Holstein i Tyskland. Medlemmene av den danske minoriteten er normalt tyske statsborgarar, sjølv om dei har eit dansk morsmål og sinnelag. Sjølv kallar dei seg danske sydslesvigere.

Språket er dansk (ofte sørslesvigsk dialekt) og sønderjysk. Her er også ein frisisk minoritet som snakkar frisisk. Tysk blir meir og meir vanleg som heimespråk.

Det danske mindretalet omfattar om lag 50 000 menneske som er organisert i eit rikt foreiningsliv. Det er om lag 50 skular, og like mange barnehagar, kyrkjer, bibliotek, fritidsheim, ei dansk avis og eit politisk parti.

Den danske minoriteten skuldast at området mellom Ejderen og dagens grense mellom Danmark-Tyskland var styrd av danske kongar til 1864. Hertugdømet Slesvig var i personalunion med Danmark, i og med at den danske kongen òg var hertug av Slesvig.

Etter den andre slesvigske krigen vart styringa av Slesvig teken over av Preussen. Etter første verdskrig var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]