Frisisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frisisk
vestfrisisk Frysk; saterfrisisk Fräisk; nordfrisisk Friisk, fresk, freesk, frasch, fräisch, freesch
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
    Frisisk
Talarar frisarar
Bruk
Tala i Nederland, Tyskland
Område Friesland, Nordfriesland
Frisisktalande i alt 200 000
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i -
Normert av Fryske Akademy
Språkkodar
ISO 639-1 fy
ISO 639-2 fry
ISO 639-3 fry

Frisisk høyrer til dei vestgermanske språka. Frisisk er utbreidd langs nordsjøkysten av Nederland og Tyskland, og blir tala av om lag 400 000 menneske.

Dei første skriftlege kjeldene stammar frå 800-talet, da det frisiske språket framleis vart sett på som del av det gammallågtyske språket.

Oppdeling[endre | endre wikiteksten]

Det frisiske språket som finst i dag oppstod i løpet av 1400-talet, og er no oppdelt i tre dialektgrupper, som er så ulike at brukarane har vanskar med å skjøne kvarandre.

Kvar av desse dialektgruppene har så fleire dialektvarietetar.

Det frisiske språkområdet
Nordfrisiske dialektar

Status[endre | endre wikiteksten]

Tospråkleg skilting i nederlandske Friesland

Saterfrisisk og Nordfrisisk er offisielle minoritetsspråk i Tyskland, medan frisisk i Nederland er eitt av to offisielle språk i Nederland, med spesielle rettar i provinsen Friesland.

ISO 639-1-kode fy og ISO 639-2-kode fry har vore tildelte frisisk språk som heilskap, men er frå 2006 berre nytta for frisisk i Nederland. Den nye ISO 639- koden er nytta for saterfrisisk, medan den nye ISO 639-koden frr er nytta for dei nordfrisiske varietetane i Slesvik-Holstein.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Frå romerske historikarar som Plinius og Tacitus veit vi at det før vår tidsrekning fanst eit folk som vart kalla frisarar. Lovverket Lex Frisionum (802) fortel vidare om eit frisisk rike. Dei eldste tekstane ein kjenner til som er skrivne på frisisk, er frå 1200-talet, og er hovudsakleg lovtekstar, handskrifter og bryllaupsdikt. Det er omdiskutert kor vidt det frisisktalande området rakk, det vert stundom tala om kystområdet frå Brügge i Belgia til elva Weser i Nord-Tyskland. Det geografiske nedslagsfeltet vart av språksosiologiske grunnar snevra inn i seinmellomalderen. I 1289 vart styringa av det frisiske området i sør overteke av hollendarar, og deretter fall store delar av det frisiske området ifrå, og frisisk tapte terreng for nedertyske dialektar. Det området som heldt stand lengst, var det som i dag utgjer provinsen Friesland. Men på 1500-talet rakna òg det politiske sjølvstendet for Friesland, fyrst gjennom saksisk kontroll (1498), dinest gjennom fyrstehuset Habsburg (1524) og så gjennom Utrecht-unionen (1579).

Perioden frå 1500 til 1800 vert kalla mellomfrisisk tid, og avløyste gamalfrisisk tid. Vi finn lite skriftleg materiale frå mellomfrisisk tid. På landsbygda heldt folk fram med å tale frisiske dialektar, men i byane utvikla det seg ein blandingsvarietet av frisisk og nederlandsk, stedsfrysk (byfrisisk). Frisisk gjekk såleis gjennom eit statustap og domenetap. Reformasjonen gjorde at nederlandsk kom inn som kyrkjespråk, og det gjorde at òg den jamne frisar kom i kontakt med nederlandsk. Auka kontakt med Holland, særleg gjennom handel, spela òg ei viktig rolle. Trass i at skulemeisteren Gysbert Japiks (skrivemåten "Japicx" og "Japix" er òg nytta) (1603-1666) moderniserte frisisk som skriftspråk, låg det frisiske skriftlivet i dvale fram til 1800-talet.

Dagens frisiske skriftnormal spring ut av målreising på 1800-talet, med diskusjonar som gjekk tilbake til 1770-talet. På 1820- og 1830-talet kom det såleis ut fleire vitskaplege arbeid om frisisk språk, og i 1827 vart det danna eit lag for å fremje granskinga av frisisk språk og historie, Friesch Genootschap van Geschied-, Oudheid- en Taalkunde. Eit av dei vitskaplege verka om frisisk språk var Glossarium der friesischen Sprache, besonders in nordfriesischer Mundart av Nicolaus Outzen (utgjeve av L. Engelstoft og C. Molbech, København 1837).

Ut frå innsamlinga av tradisjonsstoff oppstod det eit normproblem: Korleis skulle frisisk skrivast? Etter ein del strid samla frisarane seg om ei norm basert på eit framlegg frå Joast Hiddes Halbertsma (1789-1869). Han ville byggje skriftmålet mest mogleg på talemålet i samtida, ikkje på gamalfrisisk, og tok utgangspunkt i éin dialekt, klaai-frisisk. Den var mest utbreidd og minst påverka av nederlandsk, og hadde såleis mange gamle former òg.

Ei viss demokratisering av den frisiske målrørsla skjedde i 1844, då Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse vart skipa. Demokratiseringa vart sterkare mot slutten av 1800-talet, då det gjekk føre seg ei kopling mellom arbeidarrørsla og målrørsla. Viktig var innsatsen til Pieter Jelles Troelstra (1860–1930); han peikte på at språksituasjonen i Friesland verka sosialt diskrimerande: Bønder og arbeidarar som ikkje kunne formulere seg så godt på nederlandsk, greidde ikkje å hevde seg i samfunnsdebatten.

I mellomkrigstida var Jongfryske Mienskip (Ungfrisisk samfunn) dei fremste talsmennene for frisisk; dei formulerte eit program for å gjere Friesland meir sjølvstendig og frisisk meir utbreidd. På denne tida fekk den frisiske rørsla òg ei viss gjennomslagskraft blant folk flest.

På 1970- og 1980-talet skjedde ei viss revitalisering av den frisiske rørsla, då vart ho kopla til arbeidet for desentralisering og grøne verdiar. Rørsla har dei siste åra fått ein del gjennomslag for forsøk med tospråkleg undervisning, og set no sin lit til at frisisk kan haldast oppe gjennom ei medviten tospråklegheit. Viktig er dessutan institusjonalisering gjennom arbeidet åt provinsstyresmaktene og det frisiske akademiet, Fryske Akademy. Jamvel om frisisk og nederlandsk er offisielle språk i Friesland, og jamvel om alle elevar skal ha noko frisiskundervisning i skulen, er det likevel ikkje tale om språkleg jamstilling, heller ikkje i det offentlege. Frisisk har dessutan ein marginal posisjon i media og næringsliv.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordfriesischer Verein: Die Geschichte der Friesen, arkivert frå originalen 13. oktober 2010, henta 21. august 2008 
  2. Virtuelt Museum: Frisernes udbredelse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediafrisisk


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.