Aix-en-Provence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aix-en-Provence
Byvåpenet til Aix-en-Provence
Byvåpenet til Aix-en-Provence
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Bouches-du-Rhône
Grunnlagd 122 fvt.
Geografi
Flatevidd 186,08 km²
Flatevidd
 - By

186,08 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

140 100
  721/km²
Koordinatar 43°31′53″N 5°25′24″EKoordinatar: 43°31′53″N 5°25′24″E
Høgd over havet 173 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering

Aix-en-Provence eller berre Aix [eks] (oksitansk Ais de Provença eller Ais de Prouvènço) er ein universitetsby og kommune som ligg sør i Frankrike, om lag 30 km nord for Marseille. Byen har i dag om lag 140 000 innbyggjarar, av dette ca. 30 000 studentar, og er sous-préfecture (administrasjonsstad) i departementet Bouches-du-Rhône i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Måleri frå 1400-talet av kong René av Anjou og dronninga hans, Jeanne de Laval. Biletet heng no i Aix-en-Provence.

Byen vart grunnlagd i 122 f. Kr. ved ei varm vasskjelde av den romerske konsulen Sextius Calvinus, som kalla opp staden etter seg og vatnet, Aquae Sextiae. På 300-talet hadde byen vekse til metropolen Narbonensis Secunda. I mellomalderen vart Aix hovudstaden i den tidlegare provinsen Provence. Størst var han først frå 1100-talet av, då han vart eit lærdoms- og kultursenter under husa av Aragon og Anjou.

I lag med resten av Provence, gjekk byen Aix-en-Provence til den franske krona i 1487 og i 1501 oppretta Louis XII parlamentet i Provence, som eksisterte fram til den franske revolusjonen i 1789.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Aix-en-Provence ligg på ei slette, der ein kan sjå utover elva Arc, om lag ein kilometer får den høgre breidda til elva. Byen stig sakte oppover frå nord til sør, og Montagne Sainte-Victoire er lett synleg i aust. Aix ligg i Sør-Frankrike og har eit varmt klima. Middeltemperaturen i januar er 5 °C, og i juli 22 °C. Han har i snitt 300 dagar med sol, og berre 91 med regn. Byen ligg stort sett i le for den kalde mistralvinden, men stundom fører denne vinden til sure forhold.

Kjende folk frå Aix[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]