Dei bergamaskiske Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei bergamaskiske Alpane
Dei bergamaskiske Alpane - Dei bergamaskiske Alpane sett frå Val Seriana
Dei bergamaskiske Alpane sett frå Val Seriana
Høgd over havet Pizzo di Coca - 3 052 moh
Ligg i/på Italia
Fjellkjede Dei sentrale Alpane
Koordinatar 46°00′N 10°00′EKoordinatar: 46°00′N 10°00′E

Dei bergamaskiske Alpane eller Bergamoalpane (italiensk Prealpi Orobie) er ei fjellkjede i Dei italienske Alpane som er ein del av Dei sentrale Alpane. Dei ligg nord i Lombardia og er kalla opp etter byen Bergamo, som ligg sør for fjella.

Bergamoalpane strekkjer seg mellom Comosjøen og Iseosjøen. Dei grensar til Addadalen (Valtellina) i nord, og på andre sida ligg Bregaglia- og Berninafjella. I nordaust ligg Ortleralpane på andre sida av Apricapasset. På andre sida av Ogliodalen (Val Camonica) i aust ligg Adamello-Presanella-gruppa.


Toppar[endre | endre wikiteksten]

Dei største fjelltoppane i Bergamoalpane er:

Topp Høgd (m)
Pizzo di Coca 3 052
Pizzo di Scais 3 040
Pizzo di Redorta 3 037
Pizzo del Diavolo 2 915
Pizzo Recastello 2 888
Monte Gleno 2 883
Monte Tornello 2 688
Corno Stella 2 620
Monte Legnone 2 610
Pizzo dei Tre Signori 2 554
Monte Toro 2 524
Pizzo Arera 2 512
Pizzo di Presolana 2 511
Pizzo Camino 2 492
Grigna 2 410
Monte Resegone 1 876

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Bergamoalpane er:

Pass Stad Type Høgd (m)
Passo di Val Morta or del Diavolo Valle Seriana til Sondrio sti 2 601
Passo di Venina Valle Brembana til Sondrio sti 2 433
Passo del Salro Valle Seriana til Sondrio sti 2 419
Passo del Venerocolo Val di Scalve til Aprica rideveg 2 315
Passo di Idordona Valle Brembana til Sondrio sti 2 080
Passo di San Marco Bergamo til Morbegno veg 1 985
Passo del Vivione Val di Scalve til Edolo veg 1 819
Passo di Presolana Clusone til Val di Scalve veg 1 286
Apricapasset Edolo til Sondrio veg 1 181

Kjelde[endre | endre wikiteksten]