Adda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adda
LocationAddaRiver.PNG
Utspring Val Alpisella (Stelviopasset)
- Høgd 2 237 moh
Munning Po
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 313 km
Middelvassføring 187 m³/s
Nedslagsfelt 7 979 km²
Adda ved Trezzo sull'Adda.

Adda (latin Abdua eller Addua) er ei elv nord i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre. Ho har sitt utspring i Alpane nær grensa til Sveits og renn ut i Comosjøen. Adda munnar ut i Po nokre kilometer oppfor Cremona. Ho er 313 km lang.

Av byar langs Adda finn ein Bormio, Sondrio, Bellagio og Lecco (vegge ved Comosjøen) og Lodi.

Kjelda til Adda er nokre små vatn øvst i Fragiledalen, men volumet i elva aukar først nær byen Bormio. Ho renn så sørvestover, så vestover gjennom frodige Valtellina, forbi Tirano, der Poschiavinofossen er på høgresida, og Sondrio, der ho møter Mallero frå høgre. Ho renn så ut i Comosjøen i nordenden. Ho renn vidare ut frå den søraustlege armen til Comosjøen, kalla Leccoarmen, og kryssar sletta i Lombardia der ho mottar elva Serio frå venstre. Til slutt munnar ho ut i Po, 13 km oppfor Cremona.

Dei nedre delane av Adda danna tidlegare grensa mellom Republikken Venezia og Hertugdømet Milano etter Loditraktaten i 1454. Fleire viktig slag er utkjempa ved breidda av elva, menst kjend er slaget ved Lodi, der Napoleon slo austerrikarane i 1796. Fleire slag har òg funne stad ved bruhovedet i Cassano d'Adda.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]