Comosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Comosjøen
innsjø
Land  Italia,  Sveits
Område Lombardi (ComoLecco)
Tilsig Adda, Mera
Utløp Adda
Nedslagsfelt 4 509[1] km²
Opphaldstid 4,5 år[1]
Høgd over havet 198 moh.
Lengd 46 km
Breidd 4,5 km
Areal 146 km²
Middeldjupn 154[1] m
Volum 22,5 km³
Koordinatar 46°00′N 9°17′EKoordinatar: 46°00′N 9°17′E
Øyar Isola Comacina
Byar Como, Lecco
Kart
Comosjøen
46°0′0″ N 9°16′0″ E
Kart over Comosjøen. Sveits ligg nordvest for innsjøen.
Kart over Comosjøen. Sveits ligg nordvest for innsjøen.
Kart over Comosjøen. Sveits ligg nordvest for innsjøen.
Wikimedia Commons: Lake Como

Comosjøen (italiensk Lago di Como, òg kalla Lario, vestlombardisk Lach de Comm, latin Larius Lacus) er ein innsjø i Lombardia i Italia. Han har eit areal på 146 km² og er den tredje største innsjøen i Italia etter Gardasjøen og Maggioresjøen. Med eit djup på over 400 meter er han ein av dei djupaste i Europa og botten av innsjøen er meir enn 200 meter under havnivå.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Luftfoto av knutepunktet til dei tre armane i Comosjøen

Innsjøen er forma som bokstaven «Y». Den nordlege greina byrjar ved byen Colico, medan byane Como og Lecco ligg inst i høvesvis den sørvestlege og den søraustlege armen. Småbyane Bellagio, Menaggio og Varenna ligg i området der dei tre armane møtes. Det er oppretta båtsamband mellom desse tre byane.

Comosjøen får hovudsakleg vatn frå elva Adda, som munnar ut i innsjøen nær Colico og renn vidare ut av innsjøen ved Lecco. Den geologiske strukturen til innsjøen gjer at den sørvestlege enden ikkje endar noko stad, og derfor har Como oftare flaum enn Leco.

Det kuperte området mellom dei to sørlege armane vert kalla Lariantriangelet eller Triangolo lariano. Kjelda til elva Lambro ligg her. I midten av triangelet ligg byen Canzo, som er sete i Comunità montana del Triangolo Lariano, ei samanslutning av 31 kommunar med 71 000 innbyggjarar i området.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det latinske namnet på innsjøen er Larius, italianisert som Lario, men dette namnet vert sjeldan nytta. Namnet på innsjøen kjem frå byen Como, som romarane kalla Comum. Namnet Como kjem frå det keltiske ordet cumba (kløft), som tyder «dal» og skildrar plasseringa til byen i ein dal mellom åsar.

Villaer ved innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen er kjend for dei attraktive villaene som har vorte bygd her sidan Plinius den eldre bygde Comedia og Tragedia her. Mange har flotte hagar og det milde klimaet og fast tilgang på vatn gjer at mange av dei kan ha tropiske planter.

Villa Carlotta.

Villa Carlotta vart bygd for marki Giorgio Clerici frå Milano i 1690 ved Tremezzo, med utsyn mot halvøya Bellagio. Ein italiensk hage med trapper, fontener og skulpturar vart bygd samstundes. Villaen vart seinare seld til bankmannen og den napoleonske politikaren Giambattista Sommariva. Stendhal var gjesten hans i 1818, og besøket vert omtalt i starten av La Chartreuse de Parme. I 1843 vart det kjøpt av prinsesse Marianne av Nassau som ei bryllupsgåve til dottera Carlotta, som villaen no er kalla opp etter. Sistnemnde la ut skogparken i romantisk stil i lag med mannen hennar Georg II av Sachsen-Meiningen. Villaen inneheld i dag eit museum med jordbruksreiskapar og skulpturar av Sommariva sin ven Antonio Canova og av Luigi Acquisti.

Villa d'Este.

Villa d’Este ved Cernobbio vart bygd i 1568 av kardinal Tolomeo Gallio, som kom frå byen. I 1816–17 var villane heim til Caroline av Brunswick, som snart vart dronninga til Kong George IV av Storbritannia. Hagane i engelsk stil er frå denne perioden. Seinare vart villaen omgjort til eit luksushotell og er i dag kjend for dei mange kjendisane som vitjar det.

Villa del Balbianello er kjend for sine terassehagar og ligg på eit nes på vestsida av innsjøen nær Isola Comacina. Det vart bygd i 1787 over eit gamal fransiskanarkloster og var siste heimen til eventyraraen Guido Monzino og husar i dag eit museum som omhandlar arbeidet hans.

Villa Melzi ved Bellagio vart bygd i neoklassisk stil av arkitekten Giocondo Albertolli i 1808–10 som sommarbolig for Francesco Melzi, som hadde vore visepresident for den napoleonske italiensk republikken. Parken inneheld eit oransjeri, eit kapell, statuar og ein japansk hage. Av gjestar i villaen på 1800-talet finn ein Stendhal og Franz Liszt.

Sacro Monte di Ossuccio[endre | endre wikiteksten]

Sacro Monte («Heilag fjell») i Ossuccio ligg i ei åsside mellom olivenlundar og skogar på vestsida av Comosjøen med utsyn mot Isola Comacina. Det vart bygd femten barokkinspirerte kapell her mellom 1635 og 1710 og er tileigna Rosenkransen. I 2003 vart Sacro Monte ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Comosjøen er ein populær turistdestinasjon og vert mykje nytta for segling, brettsegling og kiting[2]

Forureining[endre | endre wikiteksten]

I 2007 vart det rapportert at Comosjøen var for forureina for symjing og at det var 68 gonger så høge bakterienivå som det som vert rekna som trygt for bading. Dette fører til risiko for hudinfeksjonar, dermatitt og salmonella.[3]

Stader ved innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Parco Meier, ein offentleg hage i Tremezzo
Byar og landsbyar ved Comosjøen
Vestsida
frå nord til sør
Sørsida
frå vest til aust
Austsida
frå nord til sør

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Lenker[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «laghi italiani». Istituto Italiano di Idrobiologia. Henta 17. november 2006. 
  2. 2006 Kiteboard Pro World Tour i Comosjøen, Italiaspeed.com
  3. Forureining i Comosjøen Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine., TheSpec.com

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Comosjøen