Den russisk-persiske krigen (1722–1723)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den russisk-persiske krigen (1722-1723)
Del av russisk-tyrkiske krigar
Lansereships.jpg
Eugene Lanceray. Fleet of Peter the Great (1909).
Dato 1722-1723
Stad Sør-Kaukasus og Nord-Iran
Resultat Russisk siger; freden i St. Petersburg
Partar
Flagget til Russland Det russiske imperiet
Flag of the Cossack Hetmanat.svgUkrainske kosakkar
Flag of Georgia.svg Georgia
Flag of Armenia.svg Armenia
Flag of Shah Tahmasp I.svg Safavidane
Kommandantar
Flagget til Russland Peter den store
Flagget til Russland Fjodor Apraksin
Flagget til Russland Mikhail Matjusjkin
Flag of the Cossack Hetmanat.svgDanylo Apostol
Vakhtang VI
Flag of Shah Tahmasp I.svg Sjah Tahmasp II
Styrkar
Den russiske armeen: 22 000
Kosakkar: 22 000
Den georgisk-armenske armeen: 40 000
Totalt: 84 000
70 000 mann
Tap
4000 mann ukjend

Den russiske-persiske krigen, 1722-1723, av russiske historikarar kalla Det persiske felttoget til Peter den store, var ein krig mellom Russland and Persia (Iran), utløyst av at tsaren ønskte å utvida makta til Russland i regionane kring Kaspihavet og Sør-Kaukasus for å hindre at rivalane deira, Det osmanske imperiet, fekk kontroll over regionane no når safavidane vart gradvis svekka.

Før felttoget sikra Peter I av Russland ein allianse med den georgiske kongen Vakhtang VI av Kartli og med katolikosen av Armenia Asdvadzadur. Desse kristne herskarane søkte støtte hos russarane i konfliktane deira med Persia og det ekspansjonistiske Osmanske riket.

I juli 1722 gjekk om lag 22 000 russarar og kosakkar ombord i den nybygde kaspiske flotiljen leia av admiral Fjodor Apraksin frå Astrakhan. Dei vart seinare møtt av om lag 22 000 kavaleristar og kosakkar som marsjerte over land frå Tsaritsyn. Den 23. august 1722 erobra den russiske armeen Derbent sør i Dagestan. Men denne hausten tvinga stormar i Kaspihavet Peter den store til å vende attende til Astrakhan og etterlet russiske garnisonar i Derbent og Svjatoj Krest. I september 1722 slo Vakhtang VI leir ved Ganja med ein samla georgisk-armensk armé av 40 000 for å slutte seg til det russiske felttoget, men etter å ha fått meldingar om at Peter I hadde dradd nordover for vinteren, vendte dei attende til Tbilisi i november.

I desember 1722 erobra den russiske armeen og marinen, under generalmajor Mikhail Matjusjkin, tok Rasht og i juli 1723 heldt dei fram til Baku, som dei erobra. Suksessen til russarane og den tyrkiske invasjonen av dei persiske områda i Sør-Kaukasus våren 1723 tvinga Tahmasp II til å signere ein fredsavtale i St. Petersburg, der han overgav Derbent, Baku, og dei persiske provinsane Sjirvan, Gilan, Mazandaran og Astrabad til russarane den 12. september 1723.

I 1735, like før den russisk-tyrkiske krigen, gav tsarina Anna Ioannovna alle dei annekterte områda attende til Persia som eit vilkår for å opprette ein allianse med persarane mot Det osmanske riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]