Safavidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
سلسلهٔ صفويان
Ṣafawīyān Irân
Safavid-dynastiet i Iran[2][1]
Rike
Timurid.svg
 
Blank.png
 
Marashiyan government 1359-1582 AD.png
 
Blank.png
15011736
Flagg Våpen
Det iranske flagget Våpen
Plasseringa til Safavidane
Safavid-riket på det største
Hovudstad Tabriz
(1501–1555)
Qazvin
(1555–1598)
Isfahan
(1598–1736)
Språk
Religion sjia-islama
Styreform Teokratisk monarki
Sjahansjah
 - 1501–1524 Ismail I (first)
 - 1732–1736 Abbas III (last)
Historie
 - Opprettinga av Safaviyya av Safi-ad-din Ardabili 1301
 - Oppretta 1501
 - Hotaki Invasion
 - Gjenerobra under Nader sjah
 - Opphøyrde 1736
 - Nader sjah krona 1. oktober 1736
Valuta Tuman, abbasi, shahi.[9]
  • 1 Tuman = 50 abbasi.
  • 1 Tuman = 50 franske livre.
  • 1 Tuman = £3 6s 8d.
Føregjengar
Etterfølgjarar
Timurid.svg Timuridane
Blank.png Ak Koyunlu
Marashiyan government 1359-1582 AD.png Marashiyan
Blank.png Paduspanis
Hotaki-dynastiet Blank.png
Afsharidane Afsharid Imperial Standard (3 Stripes).svg
Mosul Eyalet Flag of the Ottoman Empire (1517-1844).svg
Baghdad Eyalet Flag of the Ottoman Empire (1517-1844).svg
Basra Eyalet Flag of the Ottoman Empire (1517-1844).svg
I dag ein del av Flag of Afghanistan.svg Afghanistan

Flag of Armenia.svg Armenia
Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Flag of Bahrain.svg Bahrain
Flag of Georgia.svg Georgia
Flag of Iran.svg Iran
Flag of Iraq.svg Irak
Flag of Kuwait.svg Kuwait
Flag of Pakistan.svg Pakistan
Flag of Russia.svg Russland
Flag of Syria.svg Syria
Flag of Tajikistan.svg Tadsjikistan
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Flag of Turkmenistan.svg Turkmenistan
Flag of Uzbekistan.svg Usbekistan

a Statsreligion.[10]

Safavidane var eit iransk dynasti av kurdisk[11] og aserbajdsjansk opphav som herska frå 1501 til 1736 i Iran og som etablerte sjiaislam som den offisielle religionen i Iran.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Safavide-dynastiet hadde opphavet sitt i ein lenge etablert sufi-orden, kalla safaviyeh, som blømde i Aserbajdsjan frå 1300-talet. Grunnleggaren av dynastiet var sjeik Safi Al-Din (1252–1334) som det er kalla opp etter.

Sjeik Safi kom frå Ardebil, ein by i Aserbajdsjan der tempelet hans framleis står. Han var ein disippel av den kjende sufi-stormeisteren sjeik Zahed Gilani (1216–1301) av Lahijan. Safi Al-Din var andeleg arving av sjeik Zahed og forandra den arva Zahediyeh-sufi-ordenen til safaviyeh-ordenen. Opphavleg var safaviyeh ein andeleg respons til opptøyane og uroa i det nordvestre Iran/austlege Anatolia i tiåra etter den mongolske invasjonen. På 1400-talet fekk safaviyeh gradvis politisk og militært fotfeste i maktvakuumet som følgde nedgangen til timurid-dynastiet. Etter å ha blitt safaviyeh-leiar i 1447, endra Junayd det til ei revolusjonær sjiamuslimsk rørsle med mål å ta makta i Iran.

Starten på Safavide-staten[endre | endre wikiteksten]

Safavide-imperiet på det største.
Ālee-Qāpu-palasset var setet i safavide-hovedstaden i Isfahan i Iran.

I løpet av 1400-talet ekspanderte osmanarane over Anatolia og sentraliserte kontroll ved å forfølgje sjiaislam. Dei gjorde han ulovleg ved overgangen til det nye hundreåret. I 1501 samla forskjellige upåverka militsar frå Aserbajdsjan kollektivt kalla Qizilbash (aserbajdsjansk for «raude hovud» pga. dei raude hovudplagga sine) seg med safaviyeh i Ardebil for å erobre Tabriz fra den då herskande sunni-turkmenske alliansen kjent som Ak Koyunlu (emiratet til dei kvite sauene) under leiarskapen til Alwand.

Safaviyeh vart leia av ein femten år gamal gut, Ismail I. Han var Jaunayd sitt barnebarn og ein etterkomar, på farssida, av sjeik Safi Al-Din, og, på morssida, barnebarnet av Uzun Hasan, grunnleggjaren av Ak Koyunlu.

Med erobringa av Tabriz starta safavide-dynastiet. I mai 1501 erklærte Ismail I Tabriz som hovudstaden sin og seg sjølv som sjah av Aserbajdsjan. Ismail I fortsette å ekspandere basen sin i det nordvestre Iran. Han vart erklært sjah i Iran i 1502, deretter fekk han tittelen «Sjahansjah av Iran». Gjennom resten av tiåret slo Ismail I tilbake åtak frå osmanarane, fjerna restane av Ak Koyunlu og fortsette å ekspandere territoriet sitt, Hamadan i 1503, Shiraz) og Kerman i 1504, Najaf og Karbala i 1507, Van i 1508, Khorasan og Herat i 1510. Innan 1511 var usbekarane i nordaust drive over Amu-Darja der dei erobra Samarkand og etablerte shaibanid-dynastiet, og frå der dei fortsette å angripe safavidane. Under styret hans var det offisielle språket ved det kongelege hoffet aserbajdsjansk.

I mellomtida tapte dei flåtelause safavidane Hormuz til portugisarane i 1507.

I 1514 invaderte den osmanske sultanen Selim I det vestlege Armenia og fekk den uførebudde safavidiske hæren til å trekke seg tilbake. Safavidane var væpna med sverd og bogar, medan osmanarane hadde muskettar og artilleri. Osmanarane rykte vidare og 23. august 1514 klarte dei å engasjere safavidane i slaget om Chaldiran vest for Tabriz. Safavidane vart sigra over og, då osmanske styrkar flyttar seg mot Tabriz, starta ein brent-jords-taktikk. Tabriz vart teken, men den osmanske hæren nekta å følgje safavidane vidare og trekte seg i løpet av vinteren ut av Tabriz. Dette krigføringsmønsteret gjentok seg under sjah Tahmasb I og sultan Suleiman I.

Sjiaislam blir statsreligion[endre | endre wikiteksten]

Ismail I gjorde sjiaislam obligatorisk for heile nasjonen, med dødsstraff for avvik. Ismail tvang den lokale folkesetnaden (som på den tida hovudsakleg var sunni) til å konvertere. Ulamaen til sunniane, den religiøse autoriteten, vart anten drepen eller sendt i eksil. Ismail innførte sjiitiske religiøse leiarar, gav dei land og pengar i byte mot lojalitet. Dette gjorde dei effektivt til eit religiøst aristokrati og ei forlenging av regjeringa. Trass i opphavet til safavidane vart til og med uoffisielle sufi-grupper forbode. Dette var første gong sidan fallet til Fatimid-kalifatet i 1171 at sjiittar hadde fått så mykje makt i den islamske verda. I dei neste hundreåra ville denne religiøse ordninga både sementere den interne samansetninga i Iran og den nasjonalistisk skilnaden og provosere frem åtak frå dei sunniislamske naboane deira.

Iran vart eit føydalt teokrati. Der var ingen skilje mellom religion og stat. Sjahen hadde posisjonen som guddommeleg utpeikt leiar for begge. Qizilbashi-leiarane vart gjeve posisjonen som wakil, embete ansvarleg for den provinsielle administrasjonen. Innleiingsvis hadde safavidane berre indirekte kontroll over provinsane, men i løpet av 1500-talet konsoliderte qizilbashi herredømet sitt over provinsane og konkurrerte med sjahen om makta. Qizilbashi-stammene var essensielle for militæret i Iran og under svake sjahar, klarte wakilane å kjempe til seg meir makt og delta i hoffintriger (eit døme er attentatet på sjah Ismail II).

Konstante krigar med osmanarane gjorde at sjah Tahmasp I flytta hovudstaden fra Tabriz, som fleire gonger vart erobra av dei osmanske troppane, til den indre byen Qazvin i 1548. Seinare flytta sjah Abbas I hovudstaden enno djupare inn til den sentrale iranske byen Isfahan, og bygde ein ny by ved sidan av den antikke persiske byen. Frå denne tida byrja staten å få ein meir persisk karakteristikk. Safavidane lukkast til slutt i å etablere eit nytt persisk nasjonalt monarki.

Sjah Abbas[endre | endre wikiteksten]

Sjah Abbas konge av persarane
Koparutskjeringar av Dominicus Custos, frå hans Atrium heroicum Caesarum pub. 1600-1602

Den største av safavide-monarkane, sjah Abbas I (1587–1629) kom til makta i 1587 etter å ha overlevd qizilbashi-hoffet sine intriger og mord. Han anerkjente ineffektiviteten til hæren sin som stadig tapte for osmanarane som hadde erobra Georgia og Armenia og av usbekar som hadde erobra Mashhad og Sistan i aust. Først bad han om fred i 1590 med osmanarane ved å gje vekk territorium i nordvest. Så hjelpte ein engelsk general, Robert Sherley, Abbas I med å reorganisere soldatane til sjahen til ein veltrent ståande hær med profesjonelle offiserar etter europeisk modell (og som osmanarane alt hadde adoptert). Han adopterte heilhjarta bruken av krutt. Hæren var delt inn i ghulamarar (kongelege tenarar eller slavar som vanlegvis vart rekruttert frå Armenia, Georgia og det nordvestre Kaukasus), tufengchi (aserbajdsjansk for musketerar) og topchu (aserbajdsjansk for artillerimenn).

Abbas I kjempa først mot usbekane, gjenerobra Herat og Mashhad i 1598. Så snudde han seg mot osmanarane og gjenerobra Bagdad, det austlege Irak og provinsane i Kaukasus innan 1622. Han brukte òg den nye styrken sin til å fjerne portugisarane frå Bahrain (1602 og, med engelsk marine, frå Hormuz (1622) i Persiagulfen (ei vital lenkje i potugisisk handel med India). Han utvida kommersielle band med det Det engelske austindiakompaniet. På denne måten klarte Abbas Å bryte avhengigheita av qizilbashi for militær styrke og sentraliserte kontrollen.

Dei osmanske tyrkarane og safavidane kjempa om dei fruktbare slettene i Irak i meir enn 150 år. Erobringa av Bagdad av Ismail I i 1509 vart berre følgd av tapet av byen til den osmanske sultanen Suleiman I i 1534. Etter etterfølgjande kampanjar gjenerobra safavidane Bagdad i 1623, men tapte han att til Murad IV i 1638. Etterpå vart ein traktat etablert som fastsette ei grense mellom Iran og Tyrkia, ei grense som framleis består i det nordvestlege Iran/søraustlege Tyrkia. Den meir enn hundreårlange kampen førte til splitting mellom sunni- og sjiamuslimar i Irak.

Makta til Qizilbash gjekk nedover i byrjinga av 1600-talet, den opphavlege militsen som hadde hjelpt Ismail I til å ta Tabriz og som i tida etterpå hadde sikra dei som byråkratar i administrasjonen. Makta vart overført til ei ny klasse med handelsmenn, mange av dei etniske armenarar, georgiarar og indarar.

På høgda si, under det lange styret til sjah Abbas I, bestod imperiet av Iran, Irak, Armenia, Aserbajdsjan, Georgia og dessutan delar av Turkmenistan, Usbekistan og Afghanistan.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Posisjonen til Iran mellom dei gryande sivilisasjonane i Europa i vest og India og det islamske Sentral-Asia i aust og nord, dreiv den safavidiske økonomien. Silkevegen som gjekk gjennom det nordlege Iran til India vart gjenoppretta på 1500-talet. Abbas I støtta òg handelen direkte med Europa, særleg England og Nederland som ynskte iranske teppe, silke og tekstil. Andre eksportartiklar var hestar, geitehår, perler og hadam-talka. Hovudimporten var myntar, tekstilar (av ull frå Europa, bomull frå Gujarat), krydder, metall, kaffi og sukker.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturen blømde under leiinga til safavidane. Sjah Ismail I skreiv sjølv dikt på aserbajdsjansk, medan sjah Tahmasp var ein målar. Sjah Abbas anerkjende den kommersielle fordelen av å fremje kunstartane, kunstprodukt stod for mykje av utanlandshandelen til Iran.

I denne perioden vart handverksprodukt som flisar, keramikk og tekstil utvikla og store framsteg vart gjort i små måleri, bokbinding, dekorering og kalligrafi. På 1500-talet utvikla teppeveving seg frå ein nomadisk og bondehandverk til ein veldriven industri med spesialisering på design og produsering. Tabriz var senteret for denne industrien. Teppa frå Ardebil vart laga for å hylle safavide-dynastiet.

Ved hjelp av tradisjonelle former og materialar innførde Reza Abbasi (1565–1635) nye emne til persiske måleri, halvnakne kvinner, ungdomar, elskarar. Måleria hans og kalligrafistil hadde innverknad på iranske kunstnarar i store delar av perioden til safavidane, som vart kjent som Isfahan-skulen. Auka kontakt med fjerne kulturar på 1600-talet, særleg Europa, gav eit inspirasjonsløft for iranske kunstnarar som adopterte teknikkar og mediet oljemåleri (sjah Abbas II sende Zaman for å studere i Roma). Den episke Shahnameh (Boka til kongane) vart laga under sjah Tahmasps styre. Eit anna manuskript er Khamsa av Nezamiutført 1539-43 av Aqa Mirak og skulen hans i Isfahan.

Isfahan har dei mest prominente døma på arkitekturen til safavidane, alle konstruert i åra etter at sjah Abbas flytte hovudstaden på permanent basis dit i 1598, den imperielle moskeen, Masjid-e Shah, fullført i 1630, imami-moskéen, Masjid-e Imami, Lutfullah moskeen og det kongelege palasset.

Diktinga stagnerte under safavidane, den store mellomalderske ghazal-forma var prega av lyrikk som var over toppen. Diktinga mangla den kongelege støtta til dei andre kunstartane og vart avslått av religiøse forholdsreglar.

Nedgangen til safavide-staten[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til den rivaliserande osmanske arkitekturen, som fokuserte på skala og det storslagne, søkte safavide-arkitekturen å forbedre djupleiken. Chehel-sotoon-palasset i Isfahan i Iran.

I tillegg til å kjempe mot sine evige fiendar, osmanarane og usbekarane, måtte Iran etter kvart som 1600-talet gjekk fram, konkurrere med oppkomsten av to nye naboar. Dei russiske moskovittane hadde i det føregåande hundreåret kasta to vestlege khanatar av den gylne horden og ekspanderte makta si inn i Kaukasus-fjella og Sentral-Asia. I aust hadde Mughal-dynastiet i India ekspandert inn i Afghanistan på kostnad av iransk kontroll og tok Kandahar og Herat.

Vidare hadde handelsrutene mellom aust og vest flytta seg frå Iran, noko som førde til tap av handel og kommersiell verksemd. Sjah Abbas forandringar til eit ghulam-basert militærvesen, sjølv om det var fordelaktig på kort sikt, hadde i løpet av eit hundreår veikt styrken til landet ved å krevje tung skattlegging og kontroll over provinsane.

Med unntak av sjah Abbas II var safavide-herskarane etter Abbas I ineffektive. Slutten av styret hans i 1666 markerte byrjinga på slutten for safavide-dynastiet. Trass i fallande inntekter og militære truslar, hadde seinare sjahar ein særs dyr livsstil. Suleiman I er sagt å ha brukt åtte år etter kvarandre i haremet sitt. Sjah Soltan Hosein drakk utan ende. Sjahen innførde høge skattar som frårådde investeringar og oppfordra til korrupsjon blant administratorane.

Landa vart fleire gonger angripe på grensene sine, Kerman av baluchi-stammemenn i 1698, Khorasan av afghanarane i 1717 og konstant i Mesopotamia av arabarar frå halvøya. Sjah Soltan Hosein freista med makt å konvertere afghanske undersåttar frå sunni- til sjiaislam. Som svar gjorde ein afghansk hær under Mir Mahmud opprør i 1722, marsjerte tvers over det austlege Iran, kringsette og plyndra Isfahan samstundes som dei erklærde Mir Mahmud som sjah i Persia.

Afghanarane handsama det erobra territoriet sitt arrogant i eit dusin år, men vart hindra frå å gjere vidare framsteg av Nadir Shah, ein tidlegare slave som hadde stege til den militære leiarskapen innan den afshar-turkmenske stamma i Khorasan, ein vasallstat til safavidane. Han tok tilbake kontrollen over Iran frå afghanarane og fortsette på ein ambisiøs militærkampanje. Han erobra område så langt aust som Delhi utan å sikre den persiske basen sin og utmatta styrken til hæren sin. Han hadde kontrollen under sjah Tahmasp II og herska så som regent av spedbarnet Abbas III til 1736 då han fekk seg sjølv krona til sjah.

Like etter at attentatet til Nadir Shah i 1747 vart safavidane gjeninnsett som sjahar i Iran for å gje legitimitet til Zand-dynastiet. Men det korte marionettregimet til Ismail III enda i 1760 då Karim Khan følte seg sterk nok til å ta makta i landet og enda offisielt slutten på safavide-dynastiet.

Safavide-sjahane i Iran[endre | endre wikiteksten]

Sjah Ismail I, grunnleggeren av safavide-staten.
År Sjah Merknader
1502–1524 Ismail I
1524–1576 Tahmasp I
1576–1578 Ismail II
1578–1587 eller 1588 Muhammed Khodabanda
1587 eller 1588–1629 Abbas I
1629–1642 Safi I
1642–1666 eller 1667 Abbas II
1666 eller 1667–1694 Suleiman I (Safi II)
1694–1722 Husayn
1723–1732 Tahmasp II
1732–1736 Abbas III

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Safavid Persia. Books. Google. 
  2. Safavid dynasty. Britannica. 
  3. Roemer, H. R. (1986). "The Safavid Period". The Cambridge History of Iran, Vol. 6: The Timurid and Safavid Periods. Cambridge: Cambridge University Press, s. 189–350. ISBN 0-521-20094-6.
  4. Cyril Glassé (ed.), The New Encyclopedia of Islam, Lanham, Maryland: Rowman & Littlefield Publishers, revised ed., 2003, ISBN 0-7591-0190-6, s. 392
  5. Mazzaoui, Michel B; Canfield, Robert (2002). «Islamic Culture and Literature in Iran and Central Asia in the early modern period». Turko-Persia in Historical Perspective. Cambridge University Press. ss. 86–7. ISBN 0-521-52291-9, ISBN 978-0-521-52291-5. 
  6. Savory, Roger (2007). Iran Under the Safavids. Cambridge University Press. s. 213. ISBN 0-521-04251-8, ISBN 978-0-521-04251-2. 
  7. Zabiollah Safa (1986), "Persian Literature in the Safavid Period", The Cambridge History of Iran, vol. 6: The Timurid and Safavid Periods. Cambridge: Cambridge University Press, ISBN 0-521-20094-6, s. 948–65.
  8. Price, Massoume (2005). Iran's Diverse Peoples: A Reference Sourcebook. ABC-CLIO. s. 66. ISBN 1-57607-993-7, ISBN 978-1-57607-993-5. "The Shah was a native Turkic speaker and wrote poetry in the Azerbaijani language." 
  9. Ferrier, RW, A Journey to Persia: Jean Chardin's Portrait of a Seventeenth-century Empire, p. ix.
  10. The New Encyclopedia of Islam, Ed. Cyril Glassé, (Rowman & Littlefield Publishers, 2008), 449.
  11. RM Savory. Ebn Bazzaz. Encyclopædia Iranica

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Safavidane