Gilan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°16′39″ N 49°35′20″ E
Provinsen Gilan
provins
Land Flag of Iran.svg Iran
koordinatar 37°16′39″ N 49°35′20″ E
Hovudstad Rasht
Areal 14 042 km²
Folketal 2 404 861 (2006)
Tettleik 171 / km²
Guvernør Keyhan Hashemnia
Tidssone IRST (UTC+03:30)
Fylke 16
Hovudspråk Gilaki
Talysh
Persisk[1]
Aserbajdsjansk[2]
Locator map Iran Gilan Province.png

Provinsen Gilan (farsi استان گیلان‎, Ostan-e Gilan ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg langs Kaspihavet, like vest for provinsen Mazandaran, aust for provinsen Ardabil og nord for provinsane Zanjan og Qazvin. Den nordlege delen av provinsen er ein del av territoriet til det sørlege (iranske) talysh-folket.

Sentralt i provinsen ligg hovudbyen Rasht. Andre byar i provinsen er mellom andre Astara, Astaneh-e Ashrafiyyeh, Fuman, Lahijan, Langrud, Masouleh, Manjil, Rudbar, Roudsar, Shaft, Talesh og Soumahe Sara.

Den største hamnebyen i provinsen er Bandar-e Anzali (tidlegare Bandar-e Pahlavi).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Iransk skog i Gilan

I gammal persisk tid vart området kalla Daylam og var opphavsstaden til buyidane. Folket i provinsen hadde ei viktig stilling under sassanidane og nærværet deira strekte seg til Mesopotamia. Første gongen dei kom i kontakt med invaderande muslimske arabarar var ved slaget ved Jalula i 637. Dei muslimske arabarane klarte ikkje å erobre Gilan. På 800- og 900-talet konverterte folket i Gilan gradvis til zaiditiisk shiisme.

Tyrkarar invaderte regionen på 900- og 1000-talet og ghaznavidane og seldsjukkane tok over. Frå 1000-talet kom safavidane til makta og Gilan vart styrt av lokale herskarar som betalte skatt til den dominerande makta sør for Elburz-fjella, men styrte sjølvstendig.

I 1307 erobra Ilkhan Öljeitü regionen etter en pyrrhossiger.[3] Dette var første gongen regionen kom under mongolsk styre.[4] Etter 1336 vart regionen sjølvstendig att.

Gilan var i korte periodar okkupert av Det osmanske riket. Safavid-herskaren Shah Abbas I enda styret til Kia Ahmad Khan, den siste delvis sjølvstendige herskaren av Gilan, og annekterte provinsen direkte inn i riket sitt. Frå den tid og framover vart herskarane av Gilan utpeikt av den persiske sjahen. Mot slutten av 1600-talet var safavidane svekka, og tidleg på 1700-talet hamna dei i borgarkrig. Peter I av Russland sendte ein styrke som okkuperte Gilan i 1722-1723. Qajarane tok over styret i Persia seint på 1700-talet. Dei tapte fleire krigar mot Russland slik at russarane fekk stor makt i Kaspiregionen.

Før provinsen starta å produsere silke kring 1400-talet var Gilan ein fattig provins. Det var ingen permanente handelsruter mellom Gilan og Persia. Det var noko handel med røykt fisk og treprodukt. Dette endra seg derimot når silkeormen vart innført seint i mellomalderen. På grunn av silkeproduksjonen vart Gilan ein av dei rikaste provinsane i Iran. Frå 1500-talet til midten av 1800-talet var Gilan ein av dei største eksportørane av silke i Asia. På midten av 1800-talet førte ein omfattande epidemi blant silkeormane til at økonomien i Gilan vart lamma, og dette medførte omfattande økonomisk uro.

Etter første verdskrigen vart Gilan styrt usjølvstendig av det sentrale styret i Teheran.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart Forkorting på kart Fylke (Shahrestan)
Gilan-abb.PNG
A Astara
AA Astaneh Ashrafiyeh
BA Bandar-e Anzali
F Fuman
H Hashtpar
Lh Lahijan
Lr Langerood
R Rasht
Rs Roudsar
Rb Rudbar
S Soumahe Sara
Sh Shaft
M Masal

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Regnfull søndag på marknaden i Roudsar

Gilan har eit fuktig subtropisk klima med dei klart største nedbørsmengdene i Iran. På sørvestkysten kjem det opp mot 1900 mm i året og generelt i regionen kring 1400 mm. Rasht, hovudstaden i provinsen, er internasjonalt kjend som «Sølvregnbyen» og i Iran som «Regnbyen». Dei største nedbørsmengdene kjem det mellom september og desember på grunn av pålandsvind skapt av sibirhøgtrykket, men det kan regne heile året med minst regn frå april til juli. Fukta er særs høg på grunn av myrlendte kystsletter og kan nå 90 % om sommaren med våttemperatur over 26 ºC. Elburz-fjella har eit noko anna meir variert klima.

Kystlinja er kjøligare og trekkjer til seg store mengder turistar både frå Iran og utlandet. Store delar av provinsen er fjellendt, grøn og skogkledd. Kystslettene ved Kaspihavet minnar om Mazandaran og vert hovudsakleg nytta til risdyrking.

I mai 1990 vart store delar av provinsen øydelagd av eit massivt jordskjelv, der kring 45 000 menneske omkom. Abbas Kiarostami lagde filmane Zendegi va digar hich og Zire darakhatan zeyton basert på denne hendinga.

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. GUILAN GOVERNMENT PROVINCE WEBSITE
  2. cgie.org.ir
  3. Charles Melville - “The Ilkhan Öljeitü's conquest of Gilan (1307): rumour and reality”, in R. Amitai Preiss & D.O. Morgan (eds), The Mongol empire and its legacy, Leiden 1999, s. 73-125
  4. http://rbedrosian.com/asmp3.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]