Der Baader Meinhof Komplex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Der Baader-Meinhof-Komplex
Opphavsland Tyskland
Språk Tysk
Sjanger drama
Manus Stefan Aust, Bernd Eichinger
Medverkande Moritz Bleibtreu, Martina Gedeck, Johanna Wokalek

Der Baader-Meinhof-Komplex er ein tysk film frå 2008 om Rote Armee Fraktion, RAF. Moritz Bleibtreu, Martina Gedeck og Johanna Wokalek speler hovudrollane. Filmen er basert på ei dokumentarbok av Stefan Aust med same namn. Handlinga i filmen har tyngdepunktet på det som skjedde frå då studentaktivisten Benno Ohnesorg døydde i ein demonstrasjon i 1967 og til terroristane Gudrun Ensslin, Andreas Baader og Jan Carl Raspe døydde i 1977.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Innspeling av filmen[endre | endre wikiteksten]

Ein tok til å spele inn filmen i august 2007 under dekknamnet "Moby Dick". Innspelingsstadene var Berlin, München, Stammheim, Roma och Marokko. Til no er dette den dyrast filmproduksjonen i Tyskland. Filmen hadde premiere i Tyskland 25 september 2008, norsk førpremiere under Bergen internasjonale filmfestival 15. oktober 2008 og norsk premiere 31. oktober 2008.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sidan filmen tek opp eit fenomen som utgjer eit nasjonalt traume i Tyskland, har filmen vekt stor merksemd og debatt. Mottakinga av filmen har då òg gått i ulike retningar.

Dotter til RAF-medlem Ulrike Meinhof, Bettina Röhl, kritiserte filmen for å drive heltedyrking av Rote Arme Fraktion. Ho var særleg kritisk til at ein hadde brukt Moritz Bleibtreu til å spele Andreas Baader. Ho meinte at Bleibtreu som populær skodespelar i seg sjølv ville vekkje sympati hos ungdom for rollefiguren, dinest at filmen ikkje fekk fram kva for ein stor psykopat Baader var. Röhl meinte òg at ofra ikkje kom nok fram.

Michael Buback, son til tidlegare riksadvokat Siegfried Buback, myrda av RAF i 1977, gjekk tidleg ut med at han tvila på om filmen fortalde det som var historisk korrekt. Etter å ha sett filmen nyanserte han synet sitt, men han var framleis redd for at tilskodarane kunne kome til å identifisere seg for mykje med terroristane.

Meir positiv var Jörg Schleyer, sonen til Hanns Martin Schleyer, som vart drepen av RAF i 1977. Schleyer meinte at filmen var storarta, og at den viste at RAF-medlemene var nådelause, grusame mordarar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]