Det austerrikske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det austerrikske nasjonalflagget. Storleikstilhøve: 2:3
Det austerrikske statsflagget. Storleikstilhøve: 2:3

Det austerrikske flagget har tre like breie, horisontale felt i raudt, kvitt og raudt. Flagget vart teke i bruk som krigsflagg 1786, og vart offisielt innført som flagget åt republikken 1918. Saman med det danske flagget er flagget åt Austerrike rekna som eit av dei eldste flagga i verda.

Fargane skal stamme frå hertug Leopold V av Austerrike (1157–1194), som under Slaget ved Acre under krosstoget vart dekt av blod, men då han fjerna beltet sitt, kom det fram ein kvit strek der beltet hadde vore. Raudt og kvitt er også fargane for fleire av delstatane i landet: Oberösterreich, Salzburg, Tirol, Vorarlberg og Wien.

Det austerrikske statsflagget har riksvåpenet sett inn i midten av duken.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Østerrike – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.