Det islandske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det islandske flagget med dimensjonar
Det islandske statsflagget
Flagget til den islandske presidenten

Det islandske flagget er blått med ein kvitkanta raud kross. Det vart offisielt flagg 19. juni 1915, men hadde vore brukt uoffisielt sidan 1913. Som i flagga til dei andre nordiske landa vert den nordiske krossen nytta. Før dette flagget vart laga var eit flagg med kvit kross på blå duk i bruk, men det var aldri godkjend av dei danske styresmaktene.

Statsflagget er utan riksvåpen, men har splitt. Island har ikkje militære styrkar og har heller ikkje noko orlogsflagg. Frå statsflagget vert det danna andre statstjenesteflagg, slik som tollflagget. Dette har ein sylv T i det øvste feltet ved stonga. Presidentenflagget har riksvåpenet i senteret av krossen.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Islands flagg» henta frå Wikipedia på bokmål 12. februar 2007.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det islandske flagget