Det pannoniske havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det pannoniske havet var eit grunt hav som dekte området som i dag er Den pannoniske sletta i Mellom-Europa. Det pannoniske havet eksisterte under pliocen, då tre til fire kilometer med sediment vart lagt ned i Det pannoniske bassenget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det pannoniske havet var ein del av Paratethys fram til dei vart skild frå kvarandre under siste del av miocen (rundt 10 millionar år sidan). Han vart knytt til Middelhavet.

Gjennom Đerdapsundet var Det pannoniske havet knytt til eit anna hav i det valakisk-pontisk bassenget. På det største strekte Det pannoniske havet seg sørover til det som i dag er sør i Serbia, og var knytt til Egearhavet via det som i dag er Preševodalen.

Det pannoniske havet eksisterte i om lag ni millionar år. Dei siste delane av havet forsvann midt i pleistocen, om lag 600 000 år sidan, og etterlet Den pannoniske sletta. Restane av dei tidlegare øyane i havet vert i dag kalla Dei pannoniske øyfjella (Fruška Gora og Vršacfjella).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]