Dickie Peterson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dickie Peterson

Peterson in 2008
Fødd12. september 1946(1946-09-12)
FødestadGrand Forks i North Dakota i USA
Død12. oktober 2009 (63 år)
DødsstadErkelenz i Tyskland
OpphavUSA
Aktiv1966–2009
SjangerBluesrock, psykedelisk rock, heavy metal
InstrumentBass, vokal, gitar, trommer
Tilknytte artistarGroup B, Blue Cheer, Hank Davison Band, Mother Ocean
Verka somMusikar, låtskrivar

Richard Allan Peterson[1] (12. september 194612. oktober 2009),[2] kjend som Dickie Peterson, var ein USA-amerikansk musikar som er mest kjend som bassist, songar og einaste kontante medlem i Blue Cheer. Han spelte òg inn to soloalbum: Child of the Darkness og Tramp.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Peterson vart fødd i Grand Forks i Nord-Dakota og spelte bass frå han var tretten år gammal, og allereie som åtteåring visste han at han ville bli profesjonell musikar. Han kom frå ein musikalsk familie: faren spelte trombone, mora piano og broren, Jerre Peterson, spelte til å byrja med fløyte. Trommer var det første instrumentet til Peterson.

Peterson var store delar av ungdomstida i East Grand Forks i Minnesota, tvillingby til Grand Forks i Nord-Dakota, der han vart fødd.[3] Han gjekk på Grand Forks Central High School frå 10. til 12. klasse.[4] Foreldra døydde då han var ung, og han budde derfor hos tanta og onkelen sin på ein gard i Nord-Dakota i delar av oppveksten.[3]

Peterson nemnde Otis Redding som ein viktig innverknad.[5] Han krediterte bror sin, avdøde Jerre Peterson,[6] som den livslange musikalske innverknaden sin.[7] Jerre var ein av gitaristane i den første besetninga av Blue Cheer (den andre var Leigh Stephens) og spelte med ulike formasjonar av bandet i åra som følgde.[8]

Peterson var store delar av dei siste to tiåra før sin død i Tyskland, der han av og til spelte med Blue Cheer og andre grupper. I 1998 og 1999 spelte han fleire gonger i Tyskland med Hank Davison Band og som ein akustisk duo med Davison under namnet «Dos Hombres».[9] Han medverka på albumet Hank Davison and Friends - Real Live. I 2001 og 2002 spelte Peterson, hovudsakleg i Tyskland, med Mother Ocean, ei gruppe han danna saman med den tidlegare Blue Cheer-gitaristen Tony Rainier og broren Jerre Peterson.[10]

Gjennom heile livet hadde forhold Peterson hadde til musikk vore altoppslukande. Peterson gav følgjande skildring av seg sjølv: «Eg har vore gift to gonger, eg har hatt mange kjærastar, og dei vil alle fortelja deg at viss eg ikkje speler musikk, er eg eit dyr å leva saman med. ... Musikken er ein stad der eg får utløp for mykje av kjenslene og energien min. Eg har alltid berre vilja spela musikk, og det er framleis det einaste eg vil gjera.»[7]

Tidleg i livet var Peterson bruker av ulike rusmiddel og var heroinmisbrukar i ei årrekkje. I 2007 sa Peterson at han meinte at LSD og andre liknande stoff kan ha positive effektar, men at han og dei andre medlemmene i Blue Cheer «tok det over toppen.»[11] Han hadde slutta med mykje av narkotikabruken på midten av 1970-talet, og slutta å drikka 10 år før han døydde.[12]

Blue Cheer har vorte vurdert som eit banebrytande band i mange sjangrar. Peterson meinte ikkje at bandet tilhøyrde nokon spesiell sjanger: «Folk prøver heile tida å seia at me er heavy metal eller grunge eller pønk, eller at me er det eine eller det andre. I røyndommen er me berre ein powertrio, og me speler ultrablues, og det er rock 'n roll. Det er veldig lett det me gjer.»[7]

Den 12. oktober 2009 døydde Peterson[2] i Erkelenz i Tyskland, 63 år gammal av leverkreft, etter at prostatakreft hadde spreidd seg i kroppen hans.[11][11][13] Han etterlét seg si andre kone,[14] den tidlegare kona si,[15] ei dotter frå sitt første ekteskap,[16] og eit seks år gammalt barnebarn.[1][13][17][18]

Peterson vart kremert og oska gitt til dottera Corrina. Peterson ønskte at oska skulle spreiast i Rhinen i Tyskland og i Redwoods i Nord-California, på ein stad som dottera skulle bestemma.[19]

Neil Peart, trommeslagaren i Rush, sa i ei hyllest til Peterson:

« Dickie Peterson var til stades ved skapinga - stod i det brølande hjartet til skapinga, eit primalskrik gjennom vilt hår, bassen hang lågt, i ein auditiv apokalypse av trassig energi. Musikken hans etterlét seg øyredøyvande ekko i tusenvis av andre band i tiåra som følgde, begeistra nokon, gjorde andre sinte og forstyrra alt - slik kunst er meinte å gjera.[20] »

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1998: Child of the Darkness Captain Trip Records; berre utgjeve i Japan
  • 1999: Tramp Captain Trip Records; berre utgjeve i Japan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Comments of Marilyn (Peterson) Stephens Arkivert 2009-10-16 ved Wayback Machine., Dickie Peterson si første kone, 13. oktober 2009. Hyllestblogg til Dickie Peterson; www.inlog.org. Petersons første kone hevdar at fødselsåret hans var 1946, og ikkje 1948.
  2. 2,0 2,1 R.I.P. Richard ‘Dickie’ Peterson (Blue Cheer) (1948 – 2009) Arkivert 2009-10-16 ved Wayback Machine.; www.inlog.org.
  3. 3,0 3,1 Chuck Haga, «Final cheer for a Blue Cheer». Grand Forks Herald, 22. oktober 2009; www.grandforksherald.com.
  4. Online-kommentar frå tidlegare skulekamerat som svar på Chuck Haga, «Final cheer for a Blue Cheer». Grand Forks Herald, 22. oktober 2009; www.grandforksherald.com.
  5. Interview with Dickie Peterson] av Jason Ritchie, 2003; www.getreadytorock.com.
  6. Døde 9. august 2002; sjå «Blue Cheer News». Arkivert frå sitelutions.com/~peterson/bluecheernews01.htm originalen Check |url= value (hjelp) 20. september 2007. Henta 18. august 2013. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Intervju med Dickie Peterson Arkivert 2011-09-28 ved Wayback Machine. av Ken Schneider, 2005; www.stonerock.com.
  8. Intervju med Dickie Peterson av John Battles, 2007; www.roctober.com.
  9. Blue Cheer News Arkivert 2011-07-25 ved Wayback Machine., «Dickie Peterson-hank Davison Band-Dos Hombres»
  10. Sjå Notice of 2001 performance og Notice of 2002 performance; www.klubder40.de
  11. 11,0 11,1 11,2 story Dickie Peterson blir dia at 63; bassist and lead singer for the power trio Blue Cheer] Los Angeles Times, 16. oktober 2009.
  12. Slik Blue Cheer-bandkollegaen Andrew «Duck» MacDonald fortel i eit intervju med Chuck Haga,«Final cheer for a Blue Cheer». Grand Forks Herald, 22. oktober 2009; www.grandforksherald.com.
  13. 13,0 13,1 William Grimes, Dickie Peterson, Singer for Rock Band Blue Cheer, Dies at 63. Obituary, The New York Times, 13. oktober 2009.
  14. Ilka Diener
  15. Marilyn (Peterson) Stephens
  16. Corrina Peterson-Kaltenrieder, 36 år, tidlegare profesjonell ballerina, tidlegare knytt til Texas Ballet Theatre; sjå Performance announcement and bio, 2006; www.rpcb.net.
  17. Blue Cheer's Dickie Peterson Remembered; www.roadrunnerrecords.com.
  18. Vincent; sjå Performance announcement and bio of Corrina Peterson; www.rpcb.net
  19. Kommentarar frå Blue Cheers medgrunnleggjar, produsent og tidlegare manager Eric Albronda, 28. oktober 2009 på Blue Cheer Message Board (Tråd: «Death of Dickie»); www.bluecheer.proboards.com.
  20. «Louder Than God»: Rush's Neil Peart Remembers Blue Cheer's Dickie Peterson. Rolling Stone Rock & Roll Daily, 21. oktober 2009; www.rollingstone.com.