Summertime Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Summertime Blues»
Singel av Eddie Cochran
A-side «Love Again»
Utgjeve 11. juni 1958
Sjanger Rock and roll, blues
Selskap Liberty Records 55144
Låtskrivar(ar) Eddie Cochran
Jerry Capehart

«Summertime Blues» er ein song frå 1958 spelt inn av Eddie Cochran. Songen omhandlar vanskane ein vanleg tenåring hadde i USA på denne tida.

Songen vart skriven seint i 1950-åra av Eddie Cochran og manageren hans Jerry Capehart. Han vart opphavlege gjeven ut som ei B-side og nådde åttande plass på Billboard Hot 100 den 29. september 1958 og 18. plass på den britiske singellista. Handklappinga vart gjort av Sharon Sheeley og den djupe vokalen på slutten av kvart vers er av Cochran.

Songen vart nytta i filmen Caddyshack (1980). I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på 77. plass over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 73. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Delar av teksten omhandlar misnøye med valrettsalderen i USA som på denne tida var 21. Slike protestar førte til at alderen vart sett ned til 18.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Summertime Blues»
Singel av The Who
frå albumet Live at Leeds
B-side «Heaven and Hell»
Utgjeve Juni 1970
Sjanger Rock
Lengd 3:22
Selskap Track (UK)

Decca (US)

Låtskrivar(ar) Eddie Cochran, Jerry Capeheart
Produsent Kit Lambert, Chris Stamp
The Who-kronologi
«The Seeker»
(1970)
«Summertime Blues» «See Me, Feel Me»
(1970)
«Summertime Blues»
Singel av Alan Jackson
frå albumet «Who I Am»
Utgjeve 4. juli 1994[1]
Innspelt 11. januar 1994
Sjanger Country
Lengd 3:13
Selskap Arista Nashville
Produsent Keith Stegall
Alan Jackson-kronologi
«(Who Says) You Can't Have It All»
(1993)
«Summertime Blues» «Livin' on Love»
(1994)
Summertime Blues
Singel av Rush
frå albumet Feedback
Utgjeve Juni 2004
Sjanger Rock
Lengd 3:52
Selskap Anthem (CAN)

Atlantic Records (US)

Låtskrivar(ar) Eddie Cochran, Jerry Capeheart
Produsent Rush & David Leonard
Rush-kronologi
«Secret Touch»
(2002)
Summertime Blues «Far Cry»
(2007)

Beach Boys[endre | endre wikiteksten]

Beach Boys spelte inn ei utgåva av songen som finst på albumet Surfin' Safari.

Blue Cheer[endre | endre wikiteksten]

Blue Cheer spelte inn songen for albumet Vincebus Eruptum i 1968. I deira versjon er alle svar-linjene i Cochran-utgåva fjerna og i staden bytta ut med instrumentale svar frå kvart medlem i bandet. Songen har vorte trekt fram som ein av dei første heavy metal-songane nokon gong i dokumentaren Metal: A Headbanger's Journey.

The Who[endre | endre wikiteksten]

The Who si utgåve av songen finst på konsertalbumet Live at Leeds frå 1970. Denne utgåva er langt meir aggresiv (og høgare) enn originalen. Han vart spelt i A-dur, medan tredjeverset vert modulert opp til H-dur.

I denne utgåva syng John Entwistle vokaldelen til «the boss», «the father» og «the congressman» med den djupe, rumlande røysta si. I tillegg spelar han bassgitar og doblar Roger Daltrey på solovokal på versa. Pete Townshend spelar gitar og Keith Moon trommer.

Andre konsertutgåver frå The Who finst i dokumentarfilmen Woodstock og Monterey Pop Festival.

The Who spelte «Summertime Blues» fast på konsertane sine mellom 1967 og 1976, og stundom i åra etter, men aldri etter Entwistle døydde i 2002.

Andre Who-utgåver av songen finst på Live at the Isle of Wight Festival 1970, Odds & Sods og CD-utgåva av Live at the Royal Albert Hall.

Olivia Newton-John[endre | endre wikiteksten]

Oliva Newton-John spelte songen på albumet hennar Clearly Love frå 1976.

Alan Jackson[endre | endre wikiteksten]

Alan Jackson spelte inn songen for albumet «Who I Am» i 1994. Songen vart gjeven ut på singel og nådde førsteplassen på countrylista i USA, samt 104. plass på Billboard-lista.

Rush[endre | endre wikiteksten]

Rush spelte inn songen for albumet Feedback i 2004 og gav han ut på singel. Dei nyttar gitarintroen frå Blue Cheer-utgåva og på same vis som The Who så vert tredjeverset modulert opp til H-dur.

The Black Keys[endre | endre wikiteksten]

The Black Keys spelte inn ei utgåva av songen og gav han ut som B-side til singelen «10 A.M. Automatic», samt som bonusspor på den janpanske utgåva av albumet Rubber Factory

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har òg vorte spelt av

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alan Jackson Discography at LP Discographies.com link