Drottningholms slott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drottningholm slott
Parken ved slottet

Drottningholms slott med slottsparken er eit kongeleg lystslott ved DrottningholmLovön i Mälaren i Sverige. Frå 1981 er Drottningholms slott den svenske kongefamilien sin offisielle bustad.

Drottningholms slott er rekna som den mest fornemme slottet frå den svenske stormaktstida. Slottet fekk namnet sitt allereie i 1580, medan Johan III av Sverige var konge. Han lét byggja eit steinhus til si dronning Katarina Jagellonica.

1500-talsslottet vart kjøpt av Hedvig Eleonora i 1661, men slottet brann den 30. desember same året. Etter den øydeleggjande brannen fekk arkitekten Nicodemus Tessin d.e. i oppdrag å byggja eit nytt slottsbygg ut frå fri murane og kjellarane som fanst att av Johan III sitt slott. Tessin sitt slottsbygg var for ein stor del ferdig og innreiinga byrja på då han døydde i 1681. Sonen Nicodemus Tessin d.y., fekk etterpå stå for innreiinga. Han leigde hjelp frå nokre av dei fremste kunstnarane i landet, og til utforming av hagen.

Tessins sitt hovudbygg, som i formgjeving er påverka av fransk-hollandsk klassisisme, rommer det praktfulle trappehuset og paraderoma, medan dei to sidelengdene inneheld bustadrom. Vidgjetne husrom er Hedvig Eleonora sitt paradesengkammar og Lovisa Ulrika sitt gustavianske bibliotek.

Ved slottet vart det skipa til ein eksklusiv park i fransk barokk stil. Store delar av parken er teke vare på. Ei stor del av arbeidskrafta var krigsfangar frå krigar med Russland. Skulpturane av bronse er verk av ein av den nordeuropeiske renessansen sine mest framtredande skulptørar, Adrian de Vries. Samlinga vart førd til Sverige som krigsbyte dels frå Praha, dels frå Frederiksborg i Danmark. I utkanten av parken ligg Kina slott.

Drottningholms slott kom til å verta dei kongelege kvinnene sitt slott. I 1744 vart slottet gjeve som det som brullaupsgåve til prinsesse Lovisa Ulrika av Preussen då ho gifta seg med den svenske tronfylgjaren Adolf Fredrik av Sverige. Lovisa Ulrika gav Carl Hårleman i oppdrag å byggja på slottsfløyane med ein etasje for å få rom til bibliotek og portrettgalleri. Ho fekk òg sett opp Drottningholmsteatern.

Drottningholm vart seld i 1777 av Lovisa Ulrika til den svenske staten. Vedlikehaldet av slottet heldt ikkje mål, men reparasjon vart byrja under kong Oscar I av Sverige. Ei grundig restaurering vart gjort i åra 1907-1911.

Drottningholms slott med slottsparken er teke med på UNESCO si liste over verdsarv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]