Laponia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rapadelta i Sarek nasjonalpark

Laponia i Lappland i Sverige er det største samanhengjande naturlandskapet i Europa med så godt som urørd natur. Namnet kjem av det latinske namnet på Lappland. Laponia blei teke med på UNESCO si verdsarvliste i 1996 for naturlandskapet sitt, i tillegg til at det har vore samanhengande brukt av reindriftssamar sidan førhistorisk tid.

Laponia er prega av fjell, isbrear, myrer og urskog. Det har ei flatevidd på 9 400 km² og inkluderer fire nasjonalparkar, Sarek, Muddus, Padjelanta og Stora Sjöfallet, og to naturreservat, Sjaunja og Stubba. Området ligg innanfor kommunane Gällivare, Jokkmokk og Arjeplog.

Laponia er av UNESCO teke med på lista over verdsarv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]