Du vere lova, Jesus Krist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noter til «Gelobet seystu Jesu Christ» i Geystliche gesangk Buchleyn (1524) av Johann Walter.

«Du vere lova, Jesus Krist» er ein julesalme som byggjer på Martin Luther sin «Gelobet seystu Jesu Christ» frå 1524, i nyare tysk skrive «Gelobet seist du, Jesu Christ». Salmen og melodien er blitt musikalsk arrangert og tolka ei rekkje gonger, mellom anna av Michael Praetorius, Dietrich Buxtehude og Johann Sebastian Bach.

«Du vere lova, Jesus Krist» er særleg knytt til juledag, og blir ofte sungen denne dagen i luthersk kristendom.[1] Songen kan også brukast til andre tider og innan andre kyrkjesamfunn.[2][3]

Songteksten i Enchiridion frå 1524.

Luther sitt verk[endre | endre wikiteksten]

«Gelobet seystu Jesu Christ» kom først ut i Enchiridion, ei av dei første protestantiske songbøkene, i Erfurt i 1524. Teksten i førsteverset byggjer på ei lågtysk omsetjing av den latinske sekvensen «Grates nunc omnes» brukt til midnattsmessajulaftan. Denne teksten er spora tilbake til rundt 1380.[4] Dei seks følgjande versa er skrivne av Luther sjølv.[5][4] Kvart vers ender med utropet «Kyrieleis».

Melodien kom ut same året som teksten, i Geystliche gesangk Buchleyn av Johann Walter, som sannsynlegvis samarbeida med Luther. Melodien minner om den som blir brukt til «Grates nunc omnes»-sekvensen, og kan koma derfrå eller frå den lågtyske songen Luther bygde på.[4]

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Salmen blei omsett til landsmål av Elias Blix i 1875, og står som nummer 197 i Norsk Salmebok. Han er også omsett til riksmål som «Du være lovet, Jesus Krist» av M.B. Landstad i 1855, og til dansk som «Lovet være du, Jesus Krist» av N.F.S. Grundtvig i 1837.

Ei engelsk omsetjing frå 1858 har tittelen «All praise to thee, eternal Lord».[6]

Musikalske bearbeidingar[endre | endre wikiteksten]

Salmen har vore utgangspunkt for fleire koralar, kantater og liknande, mellom andre Balthasar Resinarius, so skreiv ein koralmotett i 1544, Johann Walter, som arrangerte salmen i 1551, Johannes Eccard, som laga ein femstemmig motett i 1597, Johann Hermann Schein, som skreiv ein trestemmig kantate i 1618 og Samuel Scheidt, som skreiv eit stykke i 1650. Michael Praetorius skreiv også fleire stykke til salmen.[4]

Johann Sebastian Bach brukte heile salmen som utgangspunkt for sin kantate Gelobet seist du, Jesu Christ skriven til juledag 1724. Fleire enkeltvers blei også brukt til ulik julemusikk, som Sehet, welch eine Liebe hat uns der Vater erzeiget, skriven til tredje juledag 1723, og Juleoratoriet (1734/1735). Elles skreiv også Gottfried August Homilius, Friedrich Zelle (1845–1927) of Kurt Hessenberg kantatar etter salmen.[4] Barokkomponistar som Dieterich Buxtehude, Johann Pachelbel, Georg Böhm, Johann Christoph Altnikol, Johann Philipp Kirnberger, Homilius og Bach skreiv også orgelstykke etter «Gelobet seist du Jesu Christ».[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Du vere lova, Jesus Krist ved Wikisource (de).

Wikisource

Teksten til Du vere lova, Jesus Krist ved Wikisource (da).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]