Ganges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ganges
- Høgd 7756 moh
- Høgd 6 moh
Land i nedslagsfelt India, Bangladesh
Lengd 2500 km
Middelvassføring 12 015 m³/s
Ganges - Ganges med sideelvar
Ganges med sideelvar

Ganges, på indiske språk Ganga, er ei storelv som renn gjennom Det nordindiske låglandet i Sør-Asia og som blir dyrka som ei gudinne i hinduismen. Elva er rundt 2500 km lang og har eit nedbørfelt på 1 125 000 km². Løpet går frå vestlege Himalaya søraustover til ho munnar ut gjennom Gangesdeltaet i Bengalbukta.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Elva har utspring i Himalaya i delstaten Uttarakhand, nær grensa til Den autonome regionen Tibet i Folkerepublikken Kina. Ho blir danna gjennom møtet mellom elvane Alaknanda frå aust og Bhagirathi, med kjelde i Gangotribreen, frå vest. Ved den heilage byen Haridwar (311 moh.) når elva slettelandet, og renn gjennom dette med eit lite fall. Retninga endrar seg frå sørvestleg til søraustleg.

Satellittbilde av Ganges-Brahmaputra-systemet fram til utløpet i Bengalbukta.

Mellom Haridwar og Kanpur går Ganges-kanalen, som blir brukt til å vatna jordbruksjord i Punjab, parallelt med elva. Ved Allahabad møter ho Yamuna.

Etter å ha runne inn i Bangladesh er hovudgreina av elva kjend som Padma. Ho renn saman med Jamuna og seinare Meghna, begge delar av Brahmaputra, Om lag 200 km frå munningen i Bengalbukta dannar elvesystemet verdas største elvedelta. Gangesdeltaet er 7 700 km² og omfattar mykje fruktbart jordbruksland i den øvre delen, medan deltaet nærare sjøen er vill, salthaldig mangrovesump med stor naturrikdom.

Elva har fleire bielvar, dei største er Yamuna, Sarda, Gogra og Gandak frå nord og Chambal og Son frå sør. Ho har tilførsel frå snøsmelting, og er vassrik sjølv i tørketida. Floda fører også med seg slammassar som gjødslar og endrar deltaet hans.

Gangessletta er eitt av dei folkerikaste områda på jorda, noko som har gjort elva sterkt ureina. Langs elva finn ein viktige byar som Patliputra, Kannauj, Kara, Allahabad, Murshidabad, Varanasi, Patna, Bhagalpur og Kolkata.

Religiøs og mytologisk tyding[endre | endre wikiteksten]

Høgtida kavad mela ved ghaten Har ki Pauri i Haridwar.

For mange hinduar er Ganga særs heilag, og dei bruker elva til ritual som å vaska seg, be og dryssa kremasjonsoske i. Vatn frå elva blir brukt ved bryllaup og gjeve til sjuke og døyande. Daglege seremoniar og meir sjeldne høgtider som kumbh mela blir haldne i og langs Ganges. Viktige punkt ved elva er pilegrimsmål, til dømes Gangotri, Haridwar, møtepunktet mellom Ganga og Yamuna ved Allahabad, Varanasi.

Ifølgje mytologien kom elva ned til jorda for å reinsa menneske frå synd. Flaumen hennar blei dempa av at ho blei teken imot av guden Sjiva sitt hår. Gudinna kan sjåast på som ei mor, og som den kvinnelege krafta til Sjiva, sjakti. Den personleggjorde Ganga blir ofte framstilt som ei ung kvinne som held symbol for grøde. Ho blir ofte framstilt saman med Yamuna, ei sideelv som også blir vist som ei ung kvinne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ganges