Edward Boscawen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Boscawen av Joshua Reynolds, om lag 1755

Admiral Edward Boscawen (19. august 171110. januar 1761) var ein britisk admiral og politikar.

Boscawen var den tredje sonen til Hugh Boscawen, 1. vicomte Falmouth. Han gjekk tidleg inn i Royal Navy og i 1730 utmerkte han seg med å ta Porto Bello. Gjennom karrieren hans gav aggressiviteten han synte i slag og dei mange sigrane hans kallenamna «Old Dreadnaught» («gamle slagskip») og «Wry-necked Dick» («skeivhalsa Dick»).

Den austerrikske arvefølgjekrigen[endre | endre wikiteksten]

Ryktet til Boscawen auka under den austerrikske arvefølgjekrigen (1740—1748). Under omleiringa av Cartagena i mars 1741 førte han eit mannskap av sjømenn til å ta eit batteri med 15 24-punds kanonar, medan han var eksponert frå kanoneld frå eit anna fort. Då han kom tilbake til England året etter, gifta han seg med Frances Evelyn, dotter til William Glanville Evelyn av St Clare i Kent. I 1742 kom han òg inn i Parlamentet som medlem av Truro. I 1744 tok han den franske fregatten «Médée», kommandert av M. de Hocquart, det første skipet som vart teken i krigen. I mai 1747 utmerkte han seg i det første slaget ved Kapp Finisterre og vart skdd i skuldera av ei muskettkule. Hocquart vart igjen fangen hans og alle dei ti franske skipa vart teken. Den 15. juli vart han kontreadmiral og øvstkommanderande for ein ekspedisjon til Austindia. Den 29. juli 1748 nådde han fram til Fort St David's og la like etter omleiring på Pondicherry, men på grunn av sjukdom hos mennene sine og monsunen som var på veg, måtte han ende omleiringa.

Like etterpå nådde nyhendene om freden til han og Madras vart gjeven til han av franskmennene. I april 1750 kom han attende til England og vart året etter ein av lordane i admiralitetet, samt vald til ein eldre bror av Trinity House. På denne tida kjøpte han Hatchlands Park, som han bygde om.

Sjuårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Like før og under sjuårskrigen (1756–1763) heldt suksessen til Boscawen fram. I februar 1755 vart han utpeikt til viseadmiral og den 8. juni 1755 avskar han ein fransk skvadron som var på veg til Nord-Amerika, og tok skipa «Alcide» og «Lys», som kvar hadde 64 kanonar. Hocquart vart fangen hans for tredje gong og Boscawen reiste attende til Spithead med utbyttet og 1500 fangar. For dette fekk han takksemd frå Parlamentet.

I 1758 vart han utpeikt til admiral og øvstkommanderande for ekspedisjonen til Cape Breton, der han i lag med General Amherst, tok festninga Louisbourg og øya Cape Breton. Igjen vart han takka av dei britiske styresmaktene. Bror hans, oberst George Boscawen, kommanderte eit regiment ved Louisburg. I Nova Scotia inviterte guvernør Charles Lawrence Boscawen til kolonirådet og han kan ha vore involvert i avgjersla som førte til den store deportasjonen av 10 000 akadiar i 1755.

Den største sigeren til Boscawen kom i 1759. Frankrike planla ein invasjon av Storbritannia frå Brest, men måtte samle flåten sin for å verne styrken under kryssinga. Boscawen fekk ansvar for Middelhavet og forfølgde den franske flåten kommandert av M. de la Clue og etter slaget ved Lagos tok han tre store skip og brende to, returnerte til Spithead med utbyttet og 2000 fangar. Sigeren hindra Frankrike frå å samle flåten og utføre den planlagte invasjonen.

I desember 1760 vart han utpeikt til general for marinesoldatane, med ei løn på £3000 per år. Han vart òg medlem av Geheimerådet.

Han døydde av feber i 1761 og vart gravlagd i Penkivel i Cornwall. Byen Boscawen i New Hampshire er kalla opp etter han, og det same er Boscawen Street og Park i Truro i Cornwall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]