Egyptisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953


Egypt er det landet i verda som har den lengste samanhengande nasjonale historia. Elva Nilen grev seg gjennom det nordaustlege Afrika, og saman med ugjestmild ørken i aust og vest, hav i nord og dei såkalla kataraktane i Nilen i sør blir derfor det området vi kallar Egypt ei naturleg geografisk og økonomisk eining. Det var truleg trongen for ei samla handsaming av vatnet i Nilen som gjorde at det oppstod ein stat her om lag 3000 f.Kr.

Egypt sin spesielle geografi gjorde at det var eit vanskeleg land å angripe, og mykje av den grunn var Egypt lenge ein sjølvstendig stat under faraoane. Men når landet først bukka under for utanlandske herskarar tok det om lag 2400 år før det blei sjølvstendig igjen. Mellom dei første framande som herska i Egypt var Hyksos-folket, som blei etterfølgd av ein periode med egyptisk styre. Etter dette kom i tur og orden assyrarar, persarar, grekarar, romarar, bysantinarar, arabarar, osman-tyrkarar, franskmenn og britar.

Gamal abd-al-Nasser, som var president i Egypt frå 1954 til 1970, overdreiv faktisk ikkje stort når han hevda at han var den første innfødde egyptaren som styrte landet sidan farao Nektanebos II blei avsett av persarane i 343 f.Kr.

Egyptisk historie er her delt inn i følgjande kronologiske kategoriar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]