Det arabiske Egypt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Det arabiske Egypt viser til tida frå Egypt blei invadert av Det arabiske riket under Rashidun-kalifatet frå 639 og fram til landet blei hærteke av Det osmanske riket i 1517. Denne perioden førte til at arabisk blei hovudspråket i Egypt og at islam blei den dominerande religionen.

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Arabiske erobringar ██ Profeten Muhammed, 622-632 ██ Patriarkalske kalifat, 632-661 ██ Umayyade-kalifatet, 661-750

I 639 blei Egypt angripe av ein hær av 9000 muslimske arabarar under leiing av Amr ibn al-As, etter at denne hæren hadde erobra Syria. Arabarane sigra over bysantinarane utanfor Heliopolis, og i 642 overgav Alexandria seg, og heile landet blei okkupert av arabarane. Dei fleste egyptarane på denne tida var koptiske kristne, men dei blei sikra religionsfridom under patriarken i Alexandria. Dei blei og fritekne frå militærteneste mot at dei måtte betale ein tributt av pengar og mat til okkupasjonsstyrkane.

I tida som følgde var Egypt utgangspunkt for nye muslimske erobringar i nord-Afrika, og var også eit viktig støttepunkt i kampen om herredømmet på sjøen i Middelhavet. I sjølve Egypt stramma arabarane grepet, og auka skattane. Dette førte til opprør mot dei muslimske herskarane både i år 725, 739 og 750. Opprøra blei slått ned, og som mottiltak blei det etablert koloniar med arabisk busetjing. Samstundes byrja det arabiske språket å fortrengje det koptiske, og det blei daglegspråk for mange innfødde egyptarar. I byrjinga var det ikkje vanleg at koptarane konverterte til islam, men etter som åra gjekk auka talet på muslimar stadig. Ei årsak var nok at ikkje-muslimar måtte betale ein ekstra skatt kalla jizya.

Under Abbaside-dynastiet blei skattane skrudd endå eit hakk opp, og både koptarar og innfødde muslimar heldt fram med å gjere opprør mot skattlegginga. I 914 blei Egypt for første gong angripe av styrket frå det sjiittiske Fatimide-dynastiet, og dei blei ikkje kasta ut før i 921. Den 6. juli 969 marsjerte ei ny fatimide-styrke under leiing av general Jawhar as-Siqilli inn i den dåverande egyptiske hovudstaden, Fostat, og kontrollen over Egypt gjekk frå det austlege til det vestlege kalifatet.

Fatimidane[endre | endre wikiteksten]

Al-Azharmoskéen i Kairo blei bygd under fatimidane.

Egypt blei gjort til sentrum i det fatimidiske kalifatet, og Jawhar as-Siqilli byrja straks arbeidet med å lage ein ny egyptisk hovudstad, Kairo. Her let han byggje ein moské og eit palass til kalifen. Dei fatimidiske herskarane var stort sett tolerante mot andre religionar og andre tolkingar av islam, men dei kristne blei i ein del tilfelle forfølgde og mistenkte for å støtte den bysantinske fienden.

I denne perioden endra den innbringande handelsruta mellom India og Middelhavet seg. Tidlegare gjekk ho over land, gjennom Mesopotamia og Syria, men frå 900-talet av gjekk meir av handelen over Raudehavet og gjennom Egypt. Dette gav store inntekter til herskarane i Egypt.

Fatimidane brente Gravkyrkja i Jerusalem i 1009, og var slik med på å provosere fram krosstoga. Under krosstoga missa fatimidane mykje av den kontrollen dei hadde hatt i Levanten, og sjølve Egypt blei angripe og okkupert av fleire ulike aktørar i løpet av denne urolege perioden. Den siste fatimide-kalifen døydde i september 1171, og Egypt sin nye herskar var kurdaren Saladin, som grunnla Ayyubide-dynastiet.

Ayyubidane[endre | endre wikiteksten]

Saladin tok tittelen Sultan, men han brukte mesteparten av tida si på å kjempe mot krossfararane i det Heilage Land, og han sette derfor bort styringa over Egypt til andre. Saladin døydde i 1193, og ein av sønene hans tok makta i Egypt. Dette dynastiet heldt på den formelle makta fram til 1250, då eit nytt dynasti av mamelukkar tok over.

Mamelukkstyre[endre | endre wikiteksten]

Bahri-mamelukkane auka Egypt si makt og prestisje, og Kairo voks til å bli ein av dei leiande byane i verda. Etter at Bagdad blei plyndra av mongolane blei Kairo den viktigaste byen i den islamske kulturkretsen.

Men frå 1347 gjekk det egyptiske folketalet stadig nedover. Svartedauden slo hardt inn over landet, og sidan kom det stadig pestepidemiar fram til 1514. Landet var svekkja, og kunne ikkje stå imot osmanarane sitt inntog i 1517.

Vidare lesing: Egypt under osmanarane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]