Aegyptus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Romarriket i år 120, Aegyptus er markert med raudt

Aegyptus, den latinske forma av 'Egypt', var namnet på landet den tida det var ein romersk provins.

I år 30 blei Egypt erobra av den romerske hærføraren Octavian, som seinare skulle bli keisar Augustus. Like før hadde styrkane til Octavian sin rival Marcus Antonius og hans elskarinne Kleopatra VII av Egypt tapt slaget ved Actium. Etter dette blei Egypt innlemma i Romarriket som ein romersk provins, kalla Aegyptus. Denne provinsen dekte mesteparten av dagens Egypt, utanom Sinaihalvøya. Aegyptus kom til å fungere som Romarriket sitt kornkammer.

Romersk styre i Egypt[endre | endre wikiteksten]

Den første prefekten over Aegyptus, Gaius Cornelius Gallus, fekk lagt øvre Egypt under romersk kontroll ved bruk av makt, og han etablerte eit protektorat i det sørlege grenseområdet som ptolemearane hadde forlate. Den neste prefekten, Aelius Gallus, gjorde eit mislykka forsøk på å erobre kystane av Raudehavet heilt ned til våre dagars Jemen. Romarane fekk likevel ikkje kontroll over raudehavskysten av Egypt før under keisar Claudis si regjeringstid. Den tredje prefekten, Gaius Petronius, fekk rydda opp i kanalane for kunstig vatning, og dette førte til at jordbruket tok seg opp.

Mynt frå keisar Hadrian si regjeringstid som markerer at Aegyptus er ein romersk provins, frå ca. 135 e.Kr.

Frå keisar Nero si regjeringstid og utover var det oppgangstider i Egypt, og desse varte om lag i hundre år. Det var likevel ein del religiøse konfliktar mellom grekarar og jødar, spesielt i Alexandria, som var blitt verdas sentrum for jødisk religion og kultur etter øydelegginga av tempelet i Jerusalem i år 70. Under keisar Trajan gjorde jødane i Egypt, Cyrenaica og på Kypros eit nytt opprør mot romarane. Dette opprøret blei slått ned, og jødane i Alexandria missa alle privilegia dei hadde hatt tidlegare. Den neste romerske keisaren, Hadrian, vitja Egypt to gonger. Frå og med hans regjeringstid blei det bygd mange nye bygg i gresk-romersk stil rundt om i Egypt. Det kom eit nytt opprør mot den massive skattlegginga i år 139, i Marcus Aurelius si regjeringstid, og dette opprøret blei først slått ned etter fleire år med kampar. Den egyptiske økonomien tok stor skade av krigen, og på mange måtar markerer han byrjinga på Aegyptus sin økonomiske nedgang.

Tida frå Marcus Aurelius si regjeringstid og utover var prega av stadige opprør mot den romerske sentralmakta, og etter kvart også av forfølging av den veksande kristne minoriteten. Caracalla, som var keisar frå 211 til 217, gav romerske borgarrettar til alle egyptarar, slik som han gjorde med borgarane av andre provinsar. Dette var først og fremst eit grep for å tyne ut meir skattar av undersåttane, sidan keisaren byrja bli desperat etter nye inntekter.

Mynt frå Zenobia si regjeringstid, der ho har tittelen "Dronning av Egypt"

Zenobia, dronninga av Palmyra, tok Egypt frå romarane i år 269, og kalde seg frå då av dronning av Egypt også. Ho hevda å vere i familie med den tidlegare egyptiske dronninga Kleopatra, og var godt kjend med landet sin historie, religion og språk. Den romerske keisaren Aurelian omleira Zenobia sine styrker i fire månader og tok tilbake Aegyptus i år 274. Seinare klarte to romerske generalar, Probus og Domitius Domitianus, å slå seg opp som keisarar frå ein opphavleg base i Aegyptus. Keisar Diocletian tok Alexandria frå Domitius i 298 og omorganiserte heile provinsen. Han sette og i gang forfølging av dei kristne, men dette blei det siste seriøse forsøket på å stoppe framveksten til kristendommen i Egypt.

Styresett og administrasjon i det romerske Egypt[endre | endre wikiteksten]

Romarane vidareførte mykje av det ptolemeiske systemet, men dei innførte viktige endringar i statsadministrasjonen for å effektivisere produksjonen og auke utbyttet. Prefekten i Egypt hadde ansvaret både for den militære tryggleiken, for finans og skattlegging og for å handheve justisen i provinsen.

Reformene tidleg på 300-talet gjorde dei neste 250 relativt gode, økonomisk sett. Men prisen for økonomisk framgang var eit strengare og meir rigid samfunn med auka statleg kontroll. Egypt blei delt opp i små distrikt, og ulike sivile og militære embetsmenn blei sette inn for å kontrollere dei. Seinare blei den sivile og militære makta i kvart distrikt samla i hendene på ein dux, romarane meinte at dette var naudsynt for å motverke makta til kyrkja, som var sterkt aukande utover i perioden. Militærvesenet gjennomsyra samfunnet stadig meir, og greip inn i dei daglege rutinane i livet både i byane og på landet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Romarane handla med India frå Egypt

Ressursane i Egypt var stort sett dei same under romersk styre som dei hadde vore under ptolemearane. Men romarane gjennomførte eit langt meir effektivt skattleggingssystem, med skatt på land både i form av pengar og naturalia, saman med eit innfløkt system av småskattar som skulle betalast med pengar, tollpengar og mange andre avgifter. Store mengder korn blei frakta nedover Nilen for å fø innbyggjarane i Alexandria, og mykje blei frakta vidare til Roma. Sjølv om mange vanlege egyptarar klaga over utbytting, er det ikkje sikkert at dei offisielle skattesatsane var spesielt høge. Romarane oppmuntra til privatisering av eigedom, handel og produksjon, og brukte låge skattesatsar som eit verkemiddel. I staden var det ofte høge leigeprisar som heldt mange egyptarar nede i fattigdommen.

Det mest slåande med den egyptiske økonomien på denne tida er at han var veldig kompleks. Varer blei flytta rundt i landet i stor skala, og pengar var bytemiddelet. Det var stor kommersiell aktivitet i provinsen, og mykje av dette var basert på dei gode tidene i jordbruket. Den innanlandske og utanlandske handelen nådde eit toppunkt på 100-talet e.Kr., men utover på 200-talet byrja store problem å kome til overflata. Det viktigaste var at romarane byrja å minke edelmetall-innhaldet i myntane sine, og dette førte til at folk ikkje stolte på pengesystemet lengre.

Militærvesen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Aegyptus var ein av dei mest produktive og ressursrike provinsane i Romarriket, skulle det ikkje store hærstyrken til for å halde området. Fordi provinsen var så viktig for å forsyne Roma med korn ville alle stopp i utførselen skade romarane. Aegyptus blei halde trygt av tre, seinare to, romerske legionar, kvar på om lag 6000 mann, i tillegg til ein god del leigesoldatar. I det første hundreåret med romersk styre i Egypt var romarane innstilte på å erobre landområda aust og sør for Egypt. Flesteparten av soldatane i den romerske hæren i Egypt var av gresk/makedonsk opphav, saman med innfødde egyptarar som hadde vore med i den nå oppløyste ptolemeiske hæren. Seinare blei det fleire og fleire romarar i denne styrken.

Det kristne Egypt[endre | endre wikiteksten]

Sjå også Koptisk kristendom

Kristne i Egypt meiner at patriarkatet i Alexandria blei grunnlagd av evangelisten Markus rundt år 33, men lite er sikkert om korleis kristendommen kom til Egypt. Historikaren Helmut Koester meiner at kristendommen i Egypt i byrjinga var dominert av gnostiske straumdrag, med stor vekt på personleg innsikt og med eit klart dualistisk verdsbilete. Demetrius av Alexandria oppfatta gnostisismen som kjettersk , og arbeidde med hell for å få dei kristne i Egypt til å godta den allmenne (katolske) trua. Det er ikkje mange detaljar frå denne perioden som er skrive ned, dette kan kanskje ha samband med at seinare kristne i Egypt var flaue over si fortid som kjettarar.

Den gamle religionen i Egypt gav forbausande lite motstand mot spreiinga av kristendommen. Kanskje hadde dei religiøse leiarane missa mykje autoritet etter at dei hadde samarbeidd med ptolemeiske og romerske herskarar i lang tid. Ein annan teori er at den livsnære naturreligionen missa si tiltrekkingskraft når vanlege folk hadde dårlege kår. Den gamle egyptiske religionen såg på det jordiske livet som evig, det er årsaka til mumie-tradisjonen. Når det jordiske livet var hardt og strevsamt, freista den kristne førestillinga om evig liv på ei omskapt jord meir. I tillegg likna dei kristne førestillingane om treeininga, ein gud si oppstode og eit liv saman med guddommen etter døden på trekk i den tidlegare egyptiske religionen. Frå år 200 og utover var Alexandria eit sentrum for teologien. Dei kristne apologetane Klement av Alexandria og Origenes levde og verka her.

Keisar Konstantin I av Romarriket gjorde slutt på forfølginga av kristne med ediktet i Milano frå år 312. Utover 300-talet var det i staden heidenskapen som blei fortrengd og undertrykt. I 390 blei heidenskap forbode, men vi veit frå veggmåleri frå Philae i øvre Egypt at gudinna Isis blei dyrka her langt inn på 400-talet. Mange jødar konverterte også til kristendommen. Dei som nekta dette blei den einaste religiøse minoriteten av ein viss storleik i eit kristent Egypt.

Ikkje før hadde den egyptiske kyrkja vunne fridom og ein leiande posisjon før ho blei rive opp av skisma og konflikt mellom ulike grupper. Alexandria blei sentrum for ei av dei første store splittingane i den kristne verda. Denne konflikten stod mellom arianarane, som følgde ein alexandrinsk prest som heitte Arius, og ortodoksien, representert av Athanasius. Kyrkjemøtet i Nikea i 325 vedtok den nikenske truvedkjenninga og innsette Athanasius som erkebiskop av Alexandria som ein reaksjon mot Arius sitt syn. Dette roa ikkje ned stemninga i landet, og det kom mange opprør utover 300-talet. Athanasius blei jaga ut frå Alexandria og gjeninnsett som erkebiskop mellom fem og sju gonger.

Ei anna religiøs nyutvikling i Egypt var klostervesenet som ørkenfedrane utvikla då dei takka nei til materielle gode og valde eit liv i forsaking ute i audemarka. Egyptiske kristne omfamna klosterlivet i slikt omfang at keisar Valens innførte restriksjonar på kor mange som fekk bli munkar. Frå Egypt spreidde klostervesenet seg til resten av den kristne verda. Ei anna nyvinning i denne tida var utviklinga av det koptiske språket, som var ei form av det eldgamle egyptiske språket, skrive med det greske alfabetet supplert med fleire andre teikn for å uttrykkje lydar som ikkje finnast i gresk. Koptisk blei teke i bruk av dei kristne for å spreie evangeliet til innfødde egyptarar, og framleis i vår tid er koptisk det liturgiske språket i egyptisk (koptisk) kristendom.

Det bysantinske Egypt[endre | endre wikiteksten]

Midtausten i 565 e.Kr., syner Austromarriket og naborika.

Keisar Konstantin flytta hovudstaden i Romarriket til Konstantinopel, og etter år 395 var Romarriket delt i ein austleg og ein vestleg del. Egypt var i den austlege delen, der gresk var hovudspråk og Konstantinopel hovudstaden. Gjennom 400-talet og 500-talet utvikla Austromarriket seg til å bli ei gjennomgåande kristen statsdanning med ein kultur som var veldig ulik den klassiske, heidenske greske kulturen. Ein konsekvens av kristendommen sin triumf i Egypt var at den tidlegare egyptiske religionen døydde heilt ut. Prestane og prestinnene forsvann frå templa, som blei gjorde til kyrkjer eller begravde av ørkensanden, og med tida kunne ingen lenger lese dei gamle hieroglyfane frå faraoane sitt Egypt.

Austromarriket utvikla seg til å bli eit meir typisk austleg despoti etter kvart som banda til den gamle gresk-romerske verda forsvann. Det gamle greske systemet, der at borgarane stod for lokalstyret sjølv, var heilt borte. Titlar og embete gjekk i arv i mektige adelsfamiliar. Alexandria var den nest største byen i imperiet etter Konstantinopel, og byen heldt fram med å vere sentrum for religiøs disputt, usemje og vald. Patriarken Cyril av Alexandria fekk guvernøren i byen til å utvise jødane i 418 med god hjelp frå folkemassane. Dette var ein reaksjon på at jødar skulle ha massakrert kristne om nettene. Drapet på filosofen Hypatia markerte slutten på den klassiske hellenske kulturen i Egypt.

Eit anna kristent stridsspørsmål gjorde Egypt religiøst annleis enn resten av Austromarriket, og førte til ein regulær borgarkrig. Spørsmålet var om Jesus Kristus var fullstendig guddommeleg (Monofysittisme), eller om han hadde både ein guddommeleg og ein menneskeleg natur. Dette var tema både på kyrkjemøtet i Konstantinopel i 381 og heldt fram til kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Då blei det fastsett at Kristus var både fullstendig menneske og fullstendig gud. Mange av monofysittane heldt til i Egypt, og dei var ikkje einige i at det var noko skilnad på deira synspunkt og det som kyrkjemøtet i Kalkedon hadde vedteke. Mange var framleis usamde med det ortodokse synet, og egyptarane heldt fram med organisert motstand mot kyrkja sitt offisielle syn heilt fram til 570-talet.

På tross av religiøse spenningar fortsette Egypt å vere eit viktig økonomisk støttepunkt for Austromarriket. Mykje av imperiet sin jordbruksproduksjon og handverksarbeid gjekk føre seg i provinsen, samstundes som særleg Alexandria heldt fram å vere eit sentrum for lærdom. Under keisar Justinian I erobra Austromarriket byen Roma og andre viktige område i vest-Middelhavet, men dette gjorde at forsvaret av austgrensa blei rimeleg nedprioritert. "Brødkorga" til imperiet låg nå ope for fiendane.

Den persiske invasjonen[endre | endre wikiteksten]

Persarane byrja invasjonen av Egypt i år 618 eller 619, og dette blei ein av persarane sine siste triumfar i den langvarige konflikten mellom romarar og persarar. Egyptarane var ikkje ovglade i keisaren i Konstantinopel, og gjorde liten motstand mot dei nye herskarane. Etter ein kort periode med persisk styre blei det underskrive ein fredsavtale der Austromarriket fekk dei tapte landområda tilbake. Invasjonen hadde ført til at monofysittismen hadde kome til overflata igjen i Egypt, men når keisarmakta fekk kontrollen igjen blei monofysittane forfølgde. Egypt var dermed i ein situasjon utan korkje religiøs eller politisk samkjensle med resten av Austromarriket då ei ny gruppe erobrarar dukka opp.

Den arabiske erobringa[endre | endre wikiteksten]

Ein hær med om lag 4000 muslimske arabarar kom inn i Egypt i desember 639, og kom seg raskt inn i Nildeltaet. Dei keisarlege styrkane trekte seg tilbake til festningsverka sine, der dei klarte å helde ut i eit år. Men arabarane fekk forsterkingar, og i april 641 erobra dei Alexandria. Dei fleste kristne egyptarane ønskte dei nye herskarane velkomne, fordi det ville gjere slutt på dei religiøse forfølgingane frå den bysantinske statskyrkja. Bysantinarane tok tilbake Alexandria i 645 med flåtemakt, men muslimane tok byen for godt i 646. Dermed var det slutt på 975 år med gresk-romersk herredømme i Egypt.

Vidare lesing: Det arabiske Egypt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen er i hovudsak omsett frå engelsk wikipedia

  • Bowman, Alan Keir. 1996. Egypt After the Pharaohs: 332 BC–AD 642; From Alexander to the Arab Conquest. 2nd ed. Berkeley: University of California Press
  • Chauveau, Michel. 2000. Egypt in the Age of Cleopatra: History and Society under the Ptolemies. Translated by David Lorton. Ithaca: Cornell University Press
  • Ellis, Simon P. 1992. Graeco-Roman Egypt. Shire Egyptology 17, ser. ed. Barbara G. Adams. Aylesbury: Shire Publications Ltd.
  • Hill, John E. 2003. "Annotated Translation of the Chapter on the Western Regions according to the Hou Hanshu." 2nd Draft Edition. [1]
  • Hill, John E. 2004. The Peoples of the West from the Weilue 魏略 by Yu Huan 魚豢: A Third Century Chinese Account Composed between 239 and 265 CE Draft annotated English translation. [2]
  • Hölbl, Günther. 2001. A History of the Ptolemaic Empire. Translated by Tina Saavedra. London: Routledge Ltd.
  • Lloyd, Alan Brian. 2000. "The Ptolemaic Period (332–30 BC)". In The Oxford History of Ancient Egypt, edited by Ian Shaw. Oxford and New York: Oxford University Press. 395–421
  • Peacock, David. 2000. "The Roman Period (30 BC–AD 311)". In The Oxford History of Ancient Egypt, edited by Ian Shaw. Oxford and New York: Oxford University Press. 422–445

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]