Elva Mesta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mesta
Nestos or Mesta River - Greece-Bulgaria.jpg
Utspring Rila i Bulgaria
- Høgd 2 240 m
Munning Det thrakiske havet, aust for Keramotí
Land i nedslagsfelt Bulgaria, Hellas
Lengd 230 km
Middelvassføring frå 1 462 m³/s ved kjelda til Tsjerna Mesta til 29 285 m³/s ved Hadzjidimovo
Nedslagsfelt 2 767,1 km²
Néstos i Hellas.

Mesta (bulgarsk Места) eller Néstos (gresk Νέστος) er ei elv i Bulgaria og Hellas. Ho har sitt utspring i Rilafjella i Bulgaria og munnar ut i Egearhavet nær øya Thásos. Ho stupar gjennom bratte juv mot Egearhavet gjennom stort sett metamorfe formasjonar. I den nedre delen renn elva ut over kystsletta Khrysoúpoli og deler seg opp i eit deltasystem, kalla Néstosdeltaet, med fleire ferskvassinnsjøar og tjern. Mesta er 230 km lang, der 126 km i Bulgaria medan resten ligg i Hellas. Ho dannar fleire juv i Rila og Pirin.

Den lengste sideelva til Mesta er Dospat. Breidda av elva er stort sett dekt av lauvtre som strekkjer seg halvvegs mellom Bulgaria og Hellas, og ho dannar grensa mellom Makedonia og Thráki, i tillegg til grensa mellom periferieiningane Kavála og Xánthi.