Elveniauga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elveniauga

Status i verda: LC Livskraftig

Elveniauga
Elveniauga

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
overklasse: Agnatha
Klasse: Cephalaspidomorphi
Orden: Petromyzontiformes
Familie: Petromyzontidae
Slekt: Lampetra
Art: L. fluviliatis
Vitskapleg namn
Lampetra fluviatilis
Elveniauge
Namn på andre språk
Engelsk River lamprey
Tysk Flussneunauge
Fransk Lamproie de rivière
Spansk Lamprea de río

Elveniauga er ein niaugeart som finst i elvar langsmed den europeiske atlanterhavskysten frå Middelhavet i sør og nord til Bergen. Arten er òg utbreidd i Østersjøen. Han høyrer til dei meir økonomisk viktige artane av kjevelause fiskar, og vert rekna som ein delikatesse mange stader i vest-Europa.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Elveniauga er bronsebrunt eller grønaktig til grått på ryggen, lysare med tonar av grønt på sidene og kvitaktig med mørke prikkar på buken. Ein kan skilja det frå bekkeniauga på at det har klart definerte mellomrom mellom ryggfinnane.

Storleiken varierer frå 20 cm opp mot ein halv meter, med registrert maksimalvekt på 150 g.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Elveniauga lever stort sett anadromt, men finst òg i reine ferskvassbestandar mellom anna i Mjøsa. Dei vaksne fiskane lever stort sett i brakkvatn, i elvemunningar eller i havet, men ikkje så langt frå land som havniauga. Til skilnad frå mange andre niaugo lever dei ikkje parasittisk; dei berre bit små stykke av byttefisken sin for så å symja med ein gong. Larvene et mikroalgar, detritus, små makk og planktonkreps.

Gytetida er i april-juni. Fisken grev gytegrop på sand- eller grusbotn i rennande vatn med vassføring på 1-2 m/s. Dei gyt i grupper; gytegroper med opp til 50 individ er registrert. Etter fullført gyting døyr dei vaksne i løpet av to veker.

Larvane klekker ut or egga etter 10-14 døger, og ligg nedgravne i 3-6 år før dei vert vaksne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase