J.J. Thomson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
J.J. Thomson
J.J Thomson.jpg
Fødd 18. desember 1856
Cheetham Hill i Manchester i Storbritannia
Død 30. august 1940 (83 år)
Cambridge i Storbritannia
Nasjonalitet Britisk
Institusjonar Cambridge University
Alma mater University of Manchester
University of Cambridge
Kjend for Thomsons atommodell
Oppdaginga av elektronet
Oppdaginga av isotoper
Massespektrometri
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1906)
Merknader
Thomson er far til nobelprisvinnararen George Paget Thomson.

Sir Joseph John Thomson (ofte berre J.J. Thomson) (18. desember 185630. august 1940) var ein engelsk fysikar og oppdagaren av elektronet. Denne oppdaginga gav han Nobelprisen i fysikk i 1906.

Frå 1884 til 1918 var han professor i Cambridge, og frå 1905 samstundes professor i Natural Philosophy ved Royal Institution i London. Frå 1918 var han Master of Trinity College i Cambridge. I 1880 viste han ut frå teorien til Maxwell at kvar og ein ladd lekam har ein elektromagnetisk tregleik. Han undersøkte elektrisk leiing i gassar og oppdaga i 1897 at katodestrålar består av ladde partiklar som han kalla korpusklar, som seinare viste seg å vere identiske med elektrona i atoma, og fann tilhøvet mellom ladningen deira og massen.

Han undersøkte òg ionestråler og fann prinsippa som vart lagt til grunn for massespektrografen.

Thomson vart utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: J.J. Thomson