Evangelisten Markus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit russisk ikon som skal førestille evangelisten Markus.

Evangelisten Markus[1] (1. hundreåret e.Kr.) blir rekna for å vere forfatteren av Evangeliet etter Markus og ein følgjesvenn av Apostelen Peter. Han følgde Apostelen Paulus og Barnabas på Pauli første reise. Etter ein kraftig disputt skilde Paulus og Barnabas lag, og Markus vart med slektningen sin, Barnabas til Kypros (Apg. 15, 36-40). Dette var medverkande til at Markus skreiv sitt evangelium. Paulus kalla han seinare til seg, og kallar han for sin medarbeidar. Hans symbol som evangelist er ei løve.

Markus var mellom dei fyrste som slutta seg til tanken om å omvende folka i Romarriket til den kristne trua, og reiste mykje kring i riket i samband med dette. Mellom anna var han i Roma, der han vart ein uskiljande disippel, samarbeidspartnar og sekretær til apostelen Peter. Han evangeliserte òg i Egypt, der han ifylgje tradisjonen skipa Den ortodokse koptiske kyrkja, vart den fyrste biskopen i denne kyrkja, med sete i byen Alexandria, og etablerte den koptiske kyrkja sin liturgi, som er rekna som den eldste liturgien (ordninga av gudstenesta) i heile den kristne kyrkja.

Men folk som irriterte seg over dei mange han fekk kristna, tok han til fange, og han døydde som martyr i år 67 i ei lita fiskarhamn i nærleiken av Alexandria, der det seinare vart bygd eit kapell for leivningane hans. Opplysningar frå trehundretalet syner at grava til den heilage Markus vart rekna som ein viktig valfartsstad, og kappa hans, som vart teke vare på i Alexandria, skulle dei koptiske patriarkane i hundreåra etterpå take på seg når dei vart sett inn i embetet.

Byvåpenet for Venezia, løva med venger, som er symbolet for evangelisten Sankt Markus, er å sjå på den venetianske festninga på øya Spinalonga ved Kreta i Hellas.

I året 828 var byen og republikken Venezia i det noverande Italia på leiting etter ein kraftfull vernehelgen som sette byen i stand til å kunne ta opp kampen med Roma og denne byen sin vernehelgen, apostelen Sankt Peter. To venetianske kjøpmenn reiste difor til det vesle kapellet ved Alexandra, der relikviane etter Markus låg, og stal dei med seg til Venezia, der den store Markuskatedralen (Basilica di San Marco) deretter vart bygd for å hyse dei. Ei legende vart nytta til å rettferdiggjere det grove tjuveriet og overtyde om at det var i samsvar med den himmelske styringa at relikviane skulle vere i Venezia: Ein engel hadde synt seg for Markus under ei av misjonsreisene hans til den lagunen der Venezia langt seinare vart grunnlagt, og sagt til han: «Fred over deg, Markus, evangelisten min, her skal du få kvile». Slik vart evangelisten Markus vernehelgen for byen og republikken Venezia, og symbolet for han, løva med venger, vart symbolet for Venezia, og nytta i byvåpenet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. hebr. מרקוס, gresk Μάρκος