Koptisk kristendom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koptisk relieff frå 400-talet.

Koptisk kristendom har røter tilbake til dei aller første kristne og kyrkja blei i følgje tradisjonen oppretta av apostelen Markus i Egypt på midten av det 1. hundreåret (rundt år 42 e.Kr.). Den koptiske ortodokse kyrkja, som ein ofte berre kallar Den koptiske kyrkja, er nå meir enn 1900 år gammal og høyrer til mellom dei orientalske ortodokse kyrkjer. Hovudsetet til den koptiske kristendommen i Alexandria har eksistert sidan kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Leiaren av kyrkja har tittelen «Pave av Alexandria og Patriark av St. Markus' Heilage Stol», for tida er dette pave Tawadros II av Alexandria. Dei kristne i Egypt blir oftast kalla koptarar, og meir enn 95 % av dei høyrer heime i Den koptiske ortodokse kyrkja.

Ordet koptisk er ei avleiing via arabisk og latin av det greske Αἰγύπτος, aiguptos, altså Egypt. Koptisk kan vise til koptisk kristendom, koptisk språk, og den egyptiske minoriteten koptarar. I tillegg til den koptiske ortodokse kyrkja, som denne artikkelen handlar om, finst også andre koptiske (egyptiske) kyrkjer, som Den koptiske katolske kyrkja og koptiske protestantiske kyrkjesamfunn.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Koptisk bibel med merknader på arabisk.

Evangelisk opphav[endre | endre wikiteksten]

Egypt er nemnd i Bibelen som staden der den heilage familien, jomfru Maria, Josef og Jesusbarnet, rømde til då dei flykta frå Judea: «Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt. Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.» (Matteus 2:12-15).

Josef og Maria budde truleg fire år i landsbyen Babylon, som fekk namnet sitt etter ei romersk festning som ein framleis kan sjå murane av, i dag er staden ein del av det gamle Kairo. I den første kristne tida blei det oppført kyrkjer, kloster og andre heilage stader til minne om desse hendingane. Heilt fram til vår tid har dette vore eit kjerneområde for den koptiske kyrkja i Egypt.

Historisk opphav[endre | endre wikiteksten]

Dei første kristne i det som var den romerske provinsen Aegyptus var for det meste jødar i byen Alexandria, slike som Teofilus som evangelisten Lukas nemner i byrjinga av Lukasevangeliet. Då kyrkja blei grunnlagt av Markus i løpet av regjeringstida til den romerske keisar Nero var det mange innfødde egyptarar som tok til seg den kristne trua, medan egyptiske grekarar og jødar var mindre interesserte i den nye trua. Kristendommen spreidde seg over heile landet i løpet av femti år etter at Markus kom til Alexandria. Det syner skriftene frå Det nye testamentet som har blitt funne i Bahnasa i Midtre Egypt og som kan daterast til rundt år 200. Tilsvarande har eit fragment av Johannesevangeliet som var skrive på koptisk blitt funne i Øvre Egypt og kan daterast til første halvdel av 200-talet. I det andre hundreåret spreidde kristendommen seg utanfor byene, og samstundes blei bibeltekster omsett til det lokale koptiske språket.

Alexandria-skulen[endre | endre wikiteksten]

Den kateketiske skulen i Alexandria er den eldste skulen av sitt slag i verda og blei grunnlagt rundt år 190 av den lærde Pantanaeus. Skulen blei ein viktig institusjon for religiøs læring, og studentane blei underviste av lærde som Athenagoras, Klemens av Alexandria, Didymus, og ikkje minst den store Origenes, som blir rekna som grunnleggjaren av teologien. Han var og aktiv i å kommentere og samanlikne bibeltekster. Origenes skreiv over 6 000 kommentarar til Bibelen i tillegg til sine berømte Hexapla. Mange lærde som Hieronymus besøkte skulen for å drøfte idear og tankar med dei lærde som var der. Skulen var likevel ikkje avgrensa berre til teologiske studie, ein dreiv også med vitskap, matematikk og humanistiske studie her. Metoden med spørsmål og svar oppstod på denne skulen, og 15 hundreår før Louis Braille brukte folk på denne skulen ein teknikk med å skjere bokstavar i treplater for å hjelpe blinde til å lese og skrive.

Den teologiske skulen i Alexandria blei etablert på nytt i 1893. Den nye skulen har avleggjarar i Kairo, New Jersey og Los Angeles, der framtidige koptiske prestar og andre studerer kristen teologi, historie, koptisk språk og kunst, inkludert messing, musikk, ikonografi og biletvev.

Ankh
Tidleg koptisk kross.

Egyptisk opphav til krossymbolet[endre | endre wikiteksten]

I over 2 500 år var det oldtida sin egyptiske ankh eller hankekross det viktigaste symbolet på andeleg liv. I kontrast til dei fleste heilage bilete var ankh-krossen eit reint abstrakt symbol på heilagdom. Ankh-symbolet er kanskje er avleia frå ei sandalreim. Det hadde mange ulike tydingar; liv, død og evig liv, det kvinnelege og mannlege, og balanse. På latin heiter det crux ansata (kross-med-eit-handtak). Ankh-symbolet blei halde som eit septer av mange egyptiske guddommar, spesielt Atum, solguden i Heliopolis og av den sitjande Sekhmet, som var Memfis si krigsgudinne med hovud som ei løve. På veggane i templa gav ankh-symbolet heilag skydd for dei daude.

Dei første egyptiske kristne tok over dette gamle symbolet og knytte det til kristendommen ved at Jesus hadde blitt avretta på ein liknande kross. De koptiske kristne kalla denne krossen for ansate (hadde eit handtak). I resten av Romarriket symboliserte krossen ein avrettingsmetode som hadde samband med til audmjuking og slaveri. Frå ankh-krossen utvikla krossen seg til mange ulike former og symbol.

Kloster og misjon[endre | endre wikiteksten]

Veggmåleri frå Antonius-klosteret utanfor Kairo som blei grunnlagd på 300-talet.

Mange egyptiske kristne dreiv ut i ørkenen i løpet av det tredje hundreåret og blei verande der for å be og arbeide og vie liva sine til Gud. Det blei starten på klosterrørsla. Rørsla blei organisert av Antonius den store og Pachomios, og mot slutten av 300-talet var det fleire hundre kloster og fleire tusen celler og grotter spreidde over det egyptiske fjellandsskapet. Mange av desse klostra er framleis i full drift.

De egyptiske klostra fekk merksemd hos kristne frå andre delar av verda som besøkte Egypt, og somme av dei brakte klostertanken med seg tilbake til heimlanda sine. Slik spreidde klosterrørsla seg over heile den kristne verda. Basilios den store, som organiserte klosterrørsla i Midtausten, besøkte Egypt rundt år 357 mange i dei austlege kyrkjene følgde eksempelet hans. Hieronymus stoppa i Egypt på veg til Jerusalem og etterlet detaljar frå sine erfaringar i breva sine. Benedikt av Nursia grunnla kloster på 500-talet etter modell av Pachomius, men benediktinarordenen var ein strengare utgåve.

Utviklinga av trua[endre | endre wikiteksten]

På 300-talet starta ein prest som heitte Arius ein teologisk debatt kring Jesu natur som spreidde seg over heile den kristne verda. Konstantin den store kalla saman til Kyrkjemøtet i Nikea i 325 for å løyse og avklare debatten. Kyrkjemøtet blei samde om den nikenske truvedkjenninga, som nå blir brukt den kristne verda. Med dette vann synet til Athanasius, som var pave og patriark av Alexandria, over Arius si lære.

Kyrkjemøtet i Efesos i 431 handla i stor grad om læra til patriarken av Konstantinopel, Nestorius. Han hevda at Ordet Gud (Logos) ikkje hang saman med menneskeleg natur, men at det budde i mannen Jesus. Dermed nekta han for at Jomfru Maria skulle vere mor til Gud (Theotokos), han kalla ho i staden mor til Kristus (Christotokos). Dei kristne i Egypt var usamde i dette, og ved kyrkjemøtet i Efesos fekk dei støtte for sitt ortodokse syn.

Utover 400-talet byrja styresmaktene i Austromarriket å blande seg stadig meir i kyrkja sine saker. Paven i Alexandria og keisaren i Konstantinopel låg i konflikt med kvarandre. Ved kyrkjemøtet i Kalkedon i 451 kolliderte det bysantinske og det koptiske synet på ein kristologisk detalj. Mellom dei koptiske / orientalske kristne meinte dei at Kristus er «ein natur av både menneskeleg og guddommeleg natur. Den bysantinske forståinga var at Kristus er i to naturar, både menneskeleg og guddommeleg. Usemja grunna altså i ein linguistisk skilnad mellom ordet av og i, men i det arameiske språket var ulikskapen enda mindre: berre ein bokstav - dolath i motsetnad til beth. Skilnaden mellom dei to blei uttrykt med ein liten strek på botnen og ein prikk i midten av bokstaven. Den bysantinske forståinga, nemleg at Kristus er i to naturar, vann fram i Kalkedon. Dei fleste kristne i Egypt avviste dette, og frå då av fekk Alexandria to patriarkar, ein kalkedonsk og keisarvennleg som vi seinare kjenner som den gresk-ortodokse patriark av Alexandria, og ein nasjonal, ikkje-kalkedonsk patriark som vi kjenner som den koptiske pave og patriark av Alexandria.

Den koptiske kyrkja meinte seg misforstått av konsilet i Kalkedon. Nokre koptarar meiner og at kyrkjemøtet forstod dei rett, men at dei ønskte å isolere og forby den egyptiske og uavhengige paven av politiske årsaker. Paven i Alexandria hadde heldt fast på at kyrkje og stat skulle vere delt, og dette var det mange i kretsen rundt keisaren som ikkje var samde i.

Kalkedonarar kalla nokre gonger ikkje-kalkedonarar for «monofysittar» (ein natur), sjølv om den koptiske kyrkja nektar for at ho står for monofysittisme, dette kallar dei for kjetteri. Koptarane har nokre gonger kalla kalkedonarane for «dyofysittar» – eit omgrep som er nærare den koptiske doktrina «miafysitt», som viser til Kristi sameinte natur, både menneskeleg og guddommeleg, sameint og udelt i Logos, Ordet. Den koptiske kyrkja trur at Kristus er perfekt gud og at han er perfekt mann, men at hans guddom og hans menneskelegdom er sameint i ein natur kalla «naturen av det inkarnerte ord». Koptarar trur på to naturar, «menneskeleg» og «guddommeleg» som er sameint i ein ‘hypostasis’ utan å vere blanda, utan forvirring, og utan konflikt.

Historie fram til moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Innskrift i Kairo. Johannes 4:13-14 på koptisk og arabisk.
Sjå også Egyptisk historie

Koptarane hadde vanskelege tider som austromerske undersåttar etter Kalkedon-møtet. Keisaren peika ut patriarkar som heldt seg til det som var bestemt i Kalkedon, og desse såg på ikkje-kalkedonske koptarar som kjettarar. Mange koptarar blei torturerte, og fleire ende som martyrar i staden for å akseptere den kalkedonske læra.

I 639 kom ein arabisk, muslimsk hær på 4000 mann til Egypt. Året etter kom 5000 nye soldatar, og arabarane slo ein bysantinsk hær i slaget om Heliopolis. Innan slutten av år 641 var Egypt kontrollert av arabarane. Sidan egyptarane hadde vore så hardt handsama av bysantinarane, var dei ikkje så fiendtleg innstilte mot arabarane. Under arabisk styre fekk dei kristne halde fram å dyrke religionen sin, tryggja av dei islamske Sharia-lovane. I bytte mot ein skatt kalla jizya, fekk koptarane fritak frå militærteneste og religionsfridom.

Det var få egyptarar som konverterte til islam i byrjinga, men talet auka stadig, og på 1200-talet var Egypt blitt eit hovudsakleg muslimsk land. Kristne måtte betale høgare skatt, var utestengde frå offentlege embete og blei forfølgde i fleire rundar, særleg rundt tusenårsskiftet og under krosstoga.

Under dynastiet til Muhammad Ali blei Egypt meir stabilt og tolerant, og tilhøva betra seg for koptarane i Egypt. Dei blei ikkje lenger sett på berre som ei administrativ eining, og i 1855 blei jizya-skatten fjerna. Rett etter byrja koptarar å gjere teneste i den egyptiske hæren. Utover 1900-talet utvikla det seg ein tydelegare egyptisk identitet, som både muslimar og koptarar kunne ta del i.

Koptisk kristendom i dag[endre | endre wikiteksten]

Pave Shenouda III er overhovudet for den koptiske ortodokse kyrkja. Han har tittelen Pave av Alexandria og Patriark av St. Markus' Hellige Stol

Overhovudet for den koptiske ortodokse kyrkja har tittelen Pave av Alexandria og Patriark av St. Markus' Hellige Stol, og han som no er pave og patriark er Shenouda III.

Det finst truleg rundt 15 millionar koptisk ortodokse kristne i verda, dei er først og fremst i Egypt, der rundt 11 millionar av dei bur. Det er også ein stor diaspora i Nord-Amerika, Europa, Australia, Sudan og Israel.

Det finst truleg rundt 15 millionar koptisk ortodokse kristne i verda, dei er først og fremst i Egypt, der rundt 11 millionar av dei bur. Det er også ein stor diaspora i Nord-Amerika, Europa, Australia, Sudan og Israel, om lag 3 til 4 millionar. I tillegg finst rundt 350 000-400 000 menneske som reknar seg som koptisk ortodokse rundt om i Afrika. Ofte reknar ein også den ortodokse Tewahedo-kyrkja i Etiopia, med rundt 45 millionar medlemmar og den motsvarande Tewahedo-kyrkja i Eritrea med rundt 2,5 millionar som koptiske ortodokse kyrkjer. Den etiopiske ortodokse tewahedokyrkja fekk sin eigen patriark i 1959 av den koptiske paven Kyrillos VI av Alexandria, og Den eritreiske ortodokse tewahedokyrkja blei uavhengig saman med landet Eritrea i løpet av 1990-talet. Desse tre kyrkjene er uansett i kommunion med kvarandre og med alle andre orientalske ortodokse kyrkjer.

Sidan 1980-talet har teologar frå dei orientalske ortodokse og dei kalkedonske ortodokse (gresk-ortodokse, russisk-ortodokse mm) kyrkjene møtst for å freiste å finne ut av dei teologiske skilnadene, og dei har konkludert med at mange av skilnadene handlar om at dei to gruppene nyttar ulik terminologi for å skildre dei same tinga. I løpet av sommaren 2001 blei dei koptisk-ortodokse og gresk-ortodokse patriarkane av Alexandria einige om at dei gjensidig skal godta dåp som er utført i kvarandre sine kyrkjer slik at medlemmane ikkje treng å døype seg på nytt for å byte kyrkjesamfunn, og dei er blitt samde om å godta kvarandre sitt ekteskaps-sakrament. Tidlegare måtte ein koptisk-ortodoks og gresk-ortodoks som ønskte å gifte seg utføre bryllupseremoniane to gonger, i kvar si kyrkje, for å bli godkjent av begge kyrkjene.

I samsvar med eldre kristen tradisjon og kyrkjelov ordinerer den koptiske kyrkja berre menn, og om desse ønskjer å gifte seg må det ha skjedd før dei blir ordinert. Det er den same praksisen som den austlege ortodokse kyrkja har. For å kunne bli biskop i den koptiske ortodokse kyrkja kan ikkje vere gift. Dei fleste koptiske prestane, også den noverande paven, har ei bakgrunn frå klosterrørsla. Dei koptiske klostra opplevde ei ny oppblomstring på 1960-talet, og i dag finst det 33 koptiske kloster med om lag 1000 munkar og seks nonnekloster med om lag 300 nonner til saman.

Tradisjonelt har det koptiske språket blitt nytta i kyrkja, og den heilage Skrifta blei skrive med det koptiske alfabetet, men på grunn av arabiseringa av Egypt har kyrkja i aukande grad nytta arabisk i gudstenestene. Utanfor Egypt bruker ein det lokale språket, men ofte saman med både koptisk og arabisk.

Koptiske kristne feirar jul eller kristmesse den 7. januar som sidan 2002 er ein offisiell nasjonal heilagdag i Egypt.

Koptarar er ein minoritet i det hovudsakleg muslimske Egypt, og det kjem stadig rapportar om forskjellsbehandling, trakassering og regelrett forfølging av koptarar. Særleg gjeld dette tidlegare muslimar som har konvertert.

Mange koptarar i Egypt har ein liten kross tatovert på undersida av høgre arm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Koptisk kristendom