Fader vår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

«Fader vår» (latin Pater noster) eller «Herrens bøn» er ei av dei mest sentrale kristne bønene; det var denne bøna Jesus lærte disiplane. Ho finst i to ulike versjonar, Matt. 6:9–13[1] og Luk. 11:2–4[2]. Versjonen frå Matteusevangeliet er den som blir nytta mest.

Fadervåret er ein del av Jesu bergpreike. Bøna er vend til «Vår Far i himmelen», og sett saman av sju bøner; tre som gjeld tilhøvet mellom Gud og menneskja, fire som gjeld tilhøvet mellom menneske. Avslutninga («For riket er ditt» o.s.v.) er ikkje med i dei eldste handskriftene, og vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Ho kan vere henta frå ei lovprising som i følgje 1. Krønikebok 29,11 vart nytta av kong David.

I den kristne gudstenesta inngår fadervåret som ein del av liturgien ved dåp og nattverd. Om det ikkje er dåp eller nattverd, vil liturgen avslutte kyrkjebøna med å be 'Fader vår'. Tekstgrunnlaget kan i Den norske kyrkja vere preiketekst femte sundag etter påske.

I Den norske kyrkja avgjer soknerådet om kyrkjelyden skal nytte omsetjinga frå 1985 eller 2011. Det er også høve til å bruka Fadervår etter 1920-liturgien.[3]

2011-utgåva[4][endre | endre wikiteksten]

Jesus Kristus lærer disiplane å be. Carl Heinrich Bloch, Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg Slott, Danmark

Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

1985-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Fader vår, du som er i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.

1920-utgåva[endre | endre wikiteksten]

FADER VAAR, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast;
lat riket ditt koma;
lat viljen din raada paa jordi som i himmelen;
gjev oss i dag vaart daglege brød;
og forlat oss vaar skuld, som me og forlet vaare skuldmenn;
og før oss ikkje ut i freisting;
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og magti og æra i all æva!
Amen

1891-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Fader vaar, du som er i himlom!
Ditt namn verte helgat!
Ditt rike kome!
Din vilje verte, som i himmelen, so og på jordi!
Giv oss i dag vaart daglege braud!
Og forlat oss vaar skuld, som og me forlata vaare skuldmenner!
Og før oss ikkje inn i freisting!
Men frels oss fraa det vonde!
Amen.

Norrøn tekst[endre | endre wikiteksten]

Faðir várr sá ert á himnum,
helgist nafn þitt,
til komi ríki þitt,
verði vili þinn svá sem á himni, svá ok á jǫrðu,
brauð várt hversdagligt gef þú oss í dag,
fyrirgef þú oss sakir várar, svá sem ok vér fyrirgefum skuldurum várum,
ok eigi leiðir þú oss í freistni,
heldr leys þú oss frá illu!

På latin[endre | endre wikiteksten]

Evangelisten skriv ned Matteusevangeliet; handskrift frå ca år 800, I Trier Stadtbibliothek
Pater noster, qui es in cælis
sanctificétur nomen tuum;
Advéniat regnum tuum, fiat volúntas tua,
sicut in cælo et in terra.
Panem nostrum quotidiánum da nobis hódie;
et dimítte nobis débita nostra, sícut et nos dimíttimus debitóribus nostris.
Et ne nos indúcas in tentatiónem;
sed líbera nos a malo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ved kongeleg resolusjon av 25. juli 1891 vart Blix si utgåve av Luthers katekismelandsmål tilllaten brukt i den offentlege norske skolen.

I 1908 vart Hognestad si omsetjing av Altarboka autorisert. Teksten ovanfor er henta frå Utdrag or altarboki, Kristiania 1920.

I 2006 brukte kyrkjelyder med nynorsk liturgi i hovudsak omsetjinga slik ho lyder på nr 950 i nynorskutgåva av Norsk Salmebok frå 1985.

Den norrøne teksten er henta frå Eskeland og Liestøl: Gammalnorsk, Oslo 1965. Den latinske teksten er henta frå Lov Herren Katolsk salmebok, Oslo 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]