Trier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trier
Trier mellom 1890 og 1905
Trier mellom 1890 og 1905
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Trier
Trier is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 16 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

117,14 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

101 685
  868/km²
Koordinatar 49°45′24″N 6°38′29″EKoordinatar: 49°45′24″N 6°38′29″E
Høgd over havet 124 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 54290, 54292, 54293, 54294, 54295, 54296
Telefon-retningsnummer 0651
Bilnummer TR
Heimeside: www.trier.de

Trier (fransk Trèves, luxembourgsk Tréier, latinsk Augusta Treverorum) er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elva Mosel og er den eldste i Tyskland, grunnlagd i eller før 16 fvt.[1] Trier er ikkje den einaste byen som hevdar å vere den eldste i Tyskland, men Trier er den av desse som har lengst historie som by, og ikkje berre som busetnad eller militærleir.

Trier ligg i ein dal mellom låge sandsteinsåsar kledd med vinranker vest i Rheinland-Pfalz, nær grensa til Luxembourg og er ein del av det viktige vinområdet Mosel-Saar-Ruwer.

Byen er det eldste setet for eit kristent bispedøme nord for Alpane. I mellomalderen var erkebiskopen av Trier ein svært viktig kyrkjeleg fyrste sidan erkebispedømet Trier kontrollerte landområde frå den franske grensa til Rhinen. Han var òg ein av dei sju kurfyrstane i Det tysk-romerske riket.

Dei nærmaste storbyane i Tyskland er Saarbrücken, om lag 80 km mot søraust, og Koblenz, om lag 100 km nordaust. Endå nærare ligg hovudstaden i Luxembourg, 50 km sørvest.

I Trier ligg Universität Trier frå mellomalderen, regionalforvaltinga, og eit romersk-katolsk bispedøme..

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Trier ligg i Moseldalen, der størstedelen av byen ligg på høgresida av elva. Bakkar kledde med skog og vinranker strekkjer seg opp til Hunsrückplatået i sør og til Eifel i nord. Grensa til Luxembourg ligg berre 15 km borte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romarriket erobra stamma Treveri i det 1. hundreåret fvt. og oppretta Augusta Treverorum («Byen Augustus i landet til Treveri») i år 30 fvt. Byen vart seinare hovudstad i den romerske provinsen Gallia Belgica, i tillegg til i det romerske prefekturet Gallia. Porta Nigra vart bygd av romarane i byen. Trier var residens for den vestromerske keisaren og fødestad for St. Ambrose.

Frankarane okkuperte Trier i år 459. I 870 vart han ein del av Austfrankarriket, som utvikla seg til Det tysk-romerske riket. Levningar av St. Mattias vart visstnok ført til byen, noko som førte til at mange pilegrimar kom til byen. Biskopane i byen vart etter kvart svært mektige, og erkebiskopdømet Trier vart eit av kurfyrstedøma i riket, og ein av dei mektigaste statane i Tyskland. Universität Trier vart grunnlagd i 1473.

På 1600-talet flytta erkebiskopen og kurfyrsten av Trier til Philippsburg Slott i Ehrenbreitstein nær Koblenz. Ein sesjon av Reichstag vart halde i Trier i 1512, der demarkasjonslinja til Reichkreis endeleg vart fastsett.

På 1600- og 1700-talet prøvde Frankrike fleire gongar å ta Trier, og han vart invadert under trettiårskrigen, den pfalsiske arvefølgjekrigen, den spanske arvefølgjekrigen og den polske arvefølgjekrigen. Frankrike klarte til slutt å erobre Trier i 1794 under den franske revolusjonskrigen og erkebispedømet vart oppløyst. Etter napoleonskrigane tok slutt i 1815 vart Trier ein del av Preussen. Karl Marx vart fødd i byen i 1818.

Som ein del av den prøyssiske provinsen Rheinprovinz utvikla Trier seg økonomisk på 1800-talet. Byen var opphav til Marsrevolusjonen i 1848, men opprørarane vart raskt slått ned. Han vart ein del av Det tyske keisarriket i 1871.

Dei allierte gjekk kraftig til åtak på Trier i 1944 under den andre verdskrigen og han vart kraftig bombardert. Byen vart ein del av den nye delstaten Rheinland-Pfalz etter krigen. Universitetet, som vart lagd ned i 1797, vart opna igjen i 1970-åra, medan domkyrkja i Trier opna på ny i 1974. Trier feira offisielt sitt 2000-årsjubileum i 1984.

Utsyn over Trier frå monumentet Mariensäule.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trier

Kjelder[endre | endre wikiteksten]