Fjørekoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjørekoll


Fjørekoll i sprekk på svaberg
Fjørekoll i sprekk på svaberg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Fjørekollfamilien Plumbaginaceae
Slekt: Armeria

Willd.

Art: A. maritima
Vitskapleg namn
Armeria maritima
(Mill.) Willd.

Fjørekoll eller strandnellik (Armeria maritima) er ein 10-25 cm høg fleirårig strandplante med grov jordstengel og lysraud blomsterkvast. Blada sit i ein tuveforma rosett.

Fjørekollen veks langs havstrender og på tørre enger og knausar over det meste av Skandinavia nord til Karlsøy i Troms og Gästrikland i Sverige. Planten veks elles i Mellom- og Vest-Europa, Island og Grønland. Med nærståande underarar er planten cirkumpolær.

Når planten veks i sprekker på svaberga, kiler han seg fast i bergsprekkane slik at det ser ut som han veks på snaue berget. På stader der måsar plar sitje og halde utkik, vert det gjenom åra danna store tuver av strandnellik som får næring av fugleekskrementa. Fjørekollen veks òg i forskjellige engsamfunn.

Synonym[endre | endre wikiteksten]

Planten har fleire vitskaplege namn, forutan A. maritimia er han kalla A. vulgaris Willd., Statice armeria L..

Fjørekollfamilien ver òg kalla hinnebegerfamilien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjørekoll

Kjelder[endre | endre wikiteksten]