François Boucher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pasellportrett av Boucher utført av Gustaf Lundberg i 1741.

François Boucher (29. september 170330. mai 1770) var ein fransk rokokkomålar. Han er kjend for sine raudkritt-teikningar, ornamenteringsverk og elegante og kolorerte portrett, barnegrupper, pastorale og mytologiske måleri.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Boucher var fødd i Paris. Han gjekk nokre månader i lære hjå François Lemoyne, der han tileigna seg den lette og lyse stilen til den tidlege rokokkomålaren. Deretter lærte Boucher etsing hjå Jean-François Cars, og byrja å utføra etsingar etter Antoine Watteau.

I 1720 vann kunstnaren Prix de Rome, som mellom anna omfatta eit studieopphald i Italia. Under opphaldet sitt frå 1727 til 1731 blei han særleg påverka av Giovanni Battista Tiepolo.

I 1734 blei Boucher medlem av det kongelege franske kunstakademiet. Året etter blei han tilsett ved Beauvaismanufakturen, og utforma gobelengtapet for denne og for Des Gobelins i Paris. I 1755 blei han leiar (inspektør) ved Des Gobelins etter Jean-Baptiste Oudry. Boucher verka også som interiørarkitekt, teaterdekoratør, teiknar og grafikar. Boucher blei også kjend som bokillustratør, og var samtidig med Hubert-François Gravelot, Charles Eisen og Charles-Nicolas Cochin.

På 1740-talet var François Boucher blitt kjent med Madame de Pompadour, den offisielle elskarinna til Ludvig XV, og måla fleire portrett av henne. Gjennom hennar innverknad ved hoffet blei han førstehoffmålar (premier peintre) i 1765.

Som kunstnar var François Boucher svært produktiv, og etterlét seg over 10&nbsp000 større og mindre verk. Dei fleste arbeida hans er samla i Louvre, men det finst òg nokre hovudverk i Nationalmuseum i Stockholm. Jean-Honoré Fragonard var elev av Boucher.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: François Boucher

Kjelder[endre | endre wikiteksten]