Antoine Watteau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Waatteau, av ukjend kunstnar

Jean-Antoine Watteau (10. oktober 168418. juli 1721) var ein fransk kunstmålar, teiknar og grafikar. Han var aktiv under rokokkoen. Med kunsten sin vekte han oppatt interessa for farge og rørsle, i tradisjonen etter Correggio og Rubens. Slik gav verka hans nytt liv til det barokke idiom, med ein stil som ettertida kalla rokokko. Han er kjend for å ha skapt sjangeren fêtes galantes; lett teatralske bilete fylt av pastoral og idyllisk sjarm. Nokre av dei mest kjende motiva vart henta frå italiensk komedie og ballett. Watteaus verk speglar det leikande og festande borgarskapet på 1700-talet. Røyndomen i bileta er mytologisk; kvinner vert forvandla til gudinner og menn til satyrar i elegante klesdrakter. Han forvandla det grove og jordiske til draumar og fantasiar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Watteaus vart fødd i Valenciennes i Flandern, der faren var murar. Han viste tidleg interesse for målarkunst og var ei kort tid i lære hos den lokale målaren Jacques-Albert Gérin (ca. 1640-1702).

Watteau reiste i 1702, 17 år gammal, til Paris, der han fyrst gjekk i lære på ein verkstad der han kopierte flamske og nederlandske sjangermåleri. Frå 1703 og i fem år framover, arbeidde Watteau som ein av Claude Gillot (1673-1722) sine medhjelperar. Gillot var i samtidas Paris den leiande målaren av teatermotiv i tradisjonen etter Commedia dell'arte.

1708-09 samarbeidde Watteau med hoffmålaren Claude Audran (1658-1734), som hadde utsmykkingsoppgåver i kongelege palass. Med dette fekk Watteau kontakt med den sosiale og økonomiske eliten i Paris. Han trefte mesénen Pierre Crozat i 1716. Støtta av Crozat fekk han tilbod om plass i Det franske akademi. I 1717 vart han fullverdig medlem av akademiet, under devisen dei galante festars målar (fransk: féte-galante). Han skildra selskapslivet til eliten, og fekk mange oppdrag frå dei rikaste i Frankrike.

Watteau døydde i Nogent-sur-Marne i 1721.

Kunsten. Enkeltverk[endre | endre wikiteksten]

Watteau var påverka av fortidige koloristar. I private samlingar fekk han høve til å studere gamle meisterverk, og kopierte flittig. Størt påverknad på han hadde Rubens og den venetianske skulen, blant andre Tizian. I Harlekin og Columbine (ca. 1715) er påverknaden tydeleg, men den vare teikninga og drøymeliknande stemninga er hans eiga, og kjenneteiknar den modne Watteau.

Les fêtes vénitiennes, 1718

Avreisa frå Kythera, som vart måla i 1717 og var Watteaus opptaksmåleri til akademiet, er kanskje hans mest berømte måleri. Måleriet viser svermande par på pilegrimsferd til det legendariske Venustempeletøya Kýthira i Middelhavet. Her ser ein den franske rokokkoen i eit fortetta uttrykk.

Eit av Watteaus siste og største måleri var Kunsthandlaren Gersaints husrom. Måleriet vart måla i 1720, i fylgje tradisjonen på åtte dagar, og er eit høgdepunkt kva gjeld observasjon, komposisjon og teikning. Utføringa og fargebruken føregrip impresjonismen.

Les fêtes vénitiennes (1718), opphavleg kalla Dansen, går føre seg i ein type parkanlegg utvikla i samtida. Balansen mellom det kunstige og det naturlege går klart fram av positurane til Watteaus figurar, og til og med i komposisjonen som heilskap.

Verknadshistorie[endre | endre wikiteksten]

Verda Watteau framheva i sine fêtes galantes er stort sett henta frå fantasien. Kunsten hans har vorte etterlikna i både måleri, porselen, lakkarbeid, tekstilar, emaljar, sølvsmedkunst og til og med på snusdåsar i gull. Trykk utført etter måleria og teikningane vart spreidd over heile Europa, og inspirerte så ulike kunstnarar som Boucher, Gainsborough og Goya. Dei noggranne skildringane har gjort Watteaus verk til ei mykje brukt kjelde for drakthistorikarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antoine Watteau
  • Cohen, Sarah R., Art, dance, and the body in the French culture of the ancien régime. Cambridge University Press, 2000. ISBN 0-521-64046-6
  • Levey, Michael, Rococo to Revolution: major trends in eighteenth-century painting. Thames & Hudson, 1979. ISBN 0-500-20050-5
  • Plax, Julie Anne, Watteau and the cultural politics of eighteenth-century France. Cambridge University Press, 2000. ISBN 0-521-64268-X