Freden i Oliva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grensene til Det polsk-litauiske samveldet i 1660
Polen på tida til avtalen frå 1660 (store landområde okkupert av Russland under den russisk-polske krigen 1654–1667

Freden i Oliva av 3. mai 1660[1] var ein av fredsavtalane i Karl Gustav-krigane (1655-1660).[2] I Oliva (Oliwa i Det kongelege Preussen), vart det gjort fred mellom Sverige, Det polsk-litauiske samveldet, Habsburgarane og Brandenburg-Preussen.[2]

Sverige vart akseptert som suveren i Svensk Livland, Brandenburg som suveren i Hertugdømet Preussen, og Jan II Kasimir Vasa trekte tilbake kravet sitt om den svenske krona, men fekk halde tittelen som arving til den svenske kongen resten av livet.[2] Alle dei okkuperte områda skulle tilbake til statane som hadde hatt dei før krigen starta.[2] Katolikkar i Livland og Preussen fekk religionsfridom.[1]

Underskrivarane var den tysk-romerske keisaren Leopold I av Habsburg, kurfyrte Fredrik Vilhelm av Brandenburg og kong Jan II Kaismir Vasa av Polen. For den umyndige kong Karl XI av Sverige signerte onkelen hans og kanslaren Magnus Gabriel de la Gardie, som leia ein svensk delegasjon.[3]

Forhandlingar[endre | endre wikiteksten]

Forhandlingane hadde starta i Toruń (Thorn) hausten 1659. Den polske delegasjonen flytta seinare til Danzig, medan den svenske delegasjonen gjorde byen Sopot (Zoppot) ved Austersjøen til basen sin.

Under Karl Gustav-krigane hadde Polen-Litauen og Sverige vore i krig sidan 1655 og begge ønskte fred for å kunne ta seg av dei andre fiendane sine, Polen mot Russland og Sverige mot Danmark. I tillegg ønskte den politisk ambisiøse polske dronninga Ludwika Maria Gonzaga, som hadde stor påverknad over både den polske kongen og det polske parlamentet (Sejm), fred med Sverige fordi ho ønskte at sonen til ein nær slektning, franske prince of Condé, skulle veljast som etterfølgjar til den polske trona.[4] Dette kunne berre skje dersom Frankrike og deira allierte Sverige samtykka.

På den andre sida gjorde danske og nederlandske utsendingar, samt dei frå Det tysk-romerske riket og Brandenburg, det dei kunne for å avspore forhandlingane.[4] Dette klarte dei ved å dei langtekkelege formalitetane som alltid fann stad under forhandlinga på denne tida. Fleire månader gjekk før den faktiske fredsforhandlinga kunne kome i gang, 20. januar 1660. Sjølv då, vart det skrive så mange fiendlete ord i dokumenta som gjekk mellom dei to partia at hovudmeklaren, den franske ambassadøren De l'Hombres, måtte reinlese lange seksjonar som elles ville ha vore fornærmande.

Ein polsk kontingent leia av erkebiskopen av Gnesen ønskte at krigen skulle halde fram for å drive ut dei utslitne svenske styrkane i Livland. Dei danske delegatane kravde frå Polen at dei skulle lage ein avtale i lag med Danmark; polakkane ønskte derimot ikkje å knyte seg sjølv til den uheldige lagnaden til danskane i krigen mot Sverige. Austerrike, som ønskte å drive Sverige ut av Tyskland gjennom å halde fram krigen, lovde Polen forsterkingar, men polakkane var mistenksame mot intensjonane til austerrikarane og det polske senatet nølte. Sjølv kurfyrste Fredrik Vilhelm av Brandenburg tilbaud assistanse til Polen om dei heldt fram krigen, med håp om å erobre Svensk Pommern.

Frankrike, som i praksis vart styrt av kardinal Mazarin, ønskte at svenskane framleis skulle vere i Tyskland, som ei motvekt til Austerrike og Spania, som var tradisjonelle fiendar av Frankrike. Frankrike frykta òg at om krigen heldt fram, så ville Austerrike verte sterke i Tyskland og Polen. Inntrenginga til austerrikarane og brandenburgarane i Svensk Pommern vart rekna som eit brot på freden i Westfalen, som Frankrike var forplikta til å straffeforfølge. Frankrike truga derfor med å bidra med ein arme på 30 000 soldatar til svenskane om ikkje avtalen mellom Sverige og Brandenburg vart underteikna før februar 1660.

Rommet i klosteret i Oliwa der avtalen vart signert

Då meldinga om at kong Karl X Gustav av Sverige hadde døydde kom ut, starta Polen, Austerrike og Brandenburg å auke krava sine, men ein ny fransk trugsel om assistanse til Sverige førte til at den polske sida gav seg. Avtalen vart signert i klosteret i Oliwa den 23. april 1660.

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

I avtalen skulle Jan II Kasimir sei frå seg kravet om den svenske krona, som faren Sigismund III Vasa hadde tapt i 1599. Polen avstod formelt Livland til Sverige med byen Riga, som hadde vore under svensk kontroll sidan 1620-åra. Avtalen enda konflikte mellom Sverige go Polen som hadde vart sidan krigen mot Sigismund (1598-1599), den polsk-svenske krigen (1600-1629) og dei nordlege krigane (1655-1660).

Hohenzollern-dynastiet i Brandenburg vart òg stadfesta som sjølvstendig og fekk suverenitet over hertugdømet Preussen. Tidlegare hadde dei halde dette området som eit len i Polen. I tilfelle Hohenzollern-dynastiet skulle ende i Preussen, skulle området gå attende til den polske krona. Avtalen vart oppnådd av den brandenburgske diplomaten Christoph Caspar von Blumenthal, på det første diplomatiske oppdraget hans i karrieren.

Freden i Oliva, freden i København same året og freden i Kardis året etter markerte høgdepunktet for Det svenske imperiet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Treaty of Oliva» frå Wikipedia på engelsk, den 20. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bély, Lucien; Isabelle Richefort (2000). Lucien Bély. ed. L'Europe des traités de Westphalie: esprit de la diplomatie et diplomatie de l'esprit. Presses universitaires de France. ISBN 2130499643. 
    • Evans, Malcolm. Religious Liberty and International Law in Europe. Cambridge Studies in International and Comparative Law. 6. Cambridge University Press. ISBN 0521047617. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Starbäck, Carl Georg; Bäckström, Per Olof (1885-1886). Berättelser ur svenska historien. 6. 
  1. 1,0 1,1 Evans (2008), s.55
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Frost (2000), s.183
  3. Bély (2000), s.511
  4. 4,0 4,1 Starbäck (1885/86), s.363