Karl Gustav-krigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Gustav-krigane
Del av Nordiske krigar
Tåget över bält2.jpg
Toget over Bält
Dato 1655–1660
Stad Danmark, Sverige, Det polsk-litauiske samveldet
Resultat Freden i Roskilde (1658) and København (1660) (Sverige og Danmark)
Freden i Oliva (Sverige og Habsburg, Brandenburg, Polen-Litauen)
Freden i Valiesar (1658) og Kardis (1661) (Sverige og Russland)
Partar
Flag of Sweden.svg Sverige
Flagget til Brandenburg Brandenburg-Preussen
Coat of arms of Transylvania.svg Transylvania
Herb Viyska Zaporozkogo (Alex K).svg Ukrainske kosakkar[1]
Flag of Wallachia.svg Valakia
Flag of Moldavia.svg Moldavia
Flag of Denmark.svg Danmark–Noreg
Counts of Habsburg Arms.svg Habsburgmonarkiet
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Polen-Litauen
Flag of Tsar of Moscow.jpg Russland
Flagget til Brandenburg Brandenburg-Preussen
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Flag of Sweden.svg Karl X Gustav
Flag of Sweden.svg Arvid Wittenberg
Flag of Sweden.svg Magnus de la Gardie
Flag of Sweden.svg Carl Gustaf Wrangel
Flag of Sweden.svg Gustaf Otto Stenbock
Flag of Sweden.svg Per Brahe den yngre
Flagget til Brandenburg Fredrik Vilhelm I
Coat of arms of Transylvania.svg George II Rákóczi
Herb Viyska Zaporozkogo (Alex K).svg oberst Zjdanovitsj
Flag of Denmark.svg Fredrik III
Flag of Denmark.svg Ulrik Frederik Gyldenløve
Flag of Denmark.svg Anders Bille
Flag of Denmark.svg Iver Krabbe
Flag of Tsar of Moscow.jpg Aleksej av Russland
Flag of Tsar of Moscow.jpg Matvej Sjeremetev  
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Jakob II Kasimir Vasa
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Stefan Czarniecki
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Janusz Radziwiłł
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Paweł Jan Sapieha
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Stanisław Lanckoroński
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Stanisław Potocki
Chorągiew królewska króla Zygmunta III Wazy.svg Wincenty Gosiewski
Flagget til Brandenburg Fredrik Vilhelm I
Counts of Habsburg Arms.svg Raimondo Montecuccoli
Counts of Habsburg Arms.svg Jean-Louis Raduit de Souches

Karl Gustav-krigane (16551660, òg kalla den første nordiske krigen, den andre nordiske krigen eller den vesle nordiske krigen) vart utkjempa mellom Sverige og fiendane Det polsk-litauiske samveldet (1655–1660), Russland (1656–1658), Brandenburg-Preussen (1657–1660), Habsburgmonarkiet (1657–60) og Danmark-Noreg (1657-1658 og 1658–1660). Dei sameinte Nederlanda blanda seg ofte inn mot Sverige.

I 1655 invaderte og okkuperte Karl X Gustav av Sverige det vestlege Polen-Litauen, den austlege halvdelen var alt okkupert av Russland. Den raske svenske framrykkinga vart i Polen kjend som den svenske syndefloden. Storhertugdømet Litauen vart eit svensk len, dei polsk-litauiske armeane overgav seg og den polske kognen Jakob II Kasimir Vasa flykta til habsburgarane. Kurfyrste Fredrik Vilhelm I av Brandenburg og hertug av Preussen støtta i starten godsa i Det kongelege Preussen, men allierte seg med Sverige i byte for Hertugdømet Preussen som eit svensk len. Jakob II Kasimir Vasa utnytta dei såre religiøse kjenslene til katolikkane som levde i dei protestantisk-okkuperte områda og organiserte dei polsk-litauiske militære leiarane i Tyszowce-forbundet, og klarte slik å ta tilbake områda i 1656. Russland utnytta det svenske tilbakeslaget og erklærte krig mot Sverige og pressa inn i Litauen og Svensk Livland.

Karl X Gustav gav så Fredrik Vilhelm I full suverenitet i Hertugdømet Preussen i byte mot militær støtte, og med Radnot-traktaten allierte han seg med transilvanske George II Rákóczi som invaderte Polen-Litauen frå søraust. Jakob II Vasa fann ein alliert i Leopold I av Habsburg, og armeane hans kryssa inn i Polen-Litauen frå sørvest. Dette utløyste invasjonen til Fredrik III av Danmark av det svenske fastlandet våren 1657, i eit forsøk på å gjere opp for resultatet av Hannibalfeiden medan Sverige var oppteken andre stader. Brandenburg forlet alliansen med Sverige då dei fekk full suverenitet over Hertugdømet Preussen av den polske kongen med freden i Wehlau og Bromberg.

Fredrik III sin krig mot Sverige gav Karl X Gustav årsak til å forlate stillstanden i Polen-Litauen og kjempe mot Danmark i staden. Etter å ha marsjert armeen sin vestover og gjort ei farleg kryssing av dei islagde sunda over til Danmark vinteren 1657/58, overraska han ein uførebudd Fredrik III på dei danske øyane og tvinga han til å overgje seg. Med freden i Roskilde måtte Danmark sei frå seg alle dei danske provinsane i det som i dag er Sør-Sverige. Den anti-svenske alliansen hadde samstundes nøytralisert den transilvanske armeen og dei polske styrkane herja Svensk Pommern.

I 1658 bestemte Karl X Gustav at i staden for å dra attende til dei svenske skansane i Polen-Litauen, skulle han heller angripe Danmark på ny. Denne gongen stod Danmark imot åtaket og den anti-svenske alliansen følgde Karl X Gustav til Jylland og Svensk Pommern. Gjennom 1659 forsvarte Sverige skansane sine i Danmark og på sørsida av Austersjøen, dei allierte gjorde liten framgang og det vart forhandla fram ein fredsavtale. Då Karl X Gustav døydde i februar 1660, underteikna etterfølgjaren hans freden i Oliva med Polen-Litauen, Habsburg og Brandenburg i april og Freden i København med Danmark i mai. Sverige fekk helde dei fleste områda dei hadde fått i avtalen i Roskilde, Hertugdømet Preussen vart ein suveren stat, og elles gjekk områda stort sett tilbake til slik dei hadde vore før krigen starta. Sverige hadde alt underskrive ein våpenkvile med Russland i 1658, som førte fram til den endelege freden i Kardis i 1661.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Av engelske, tyske, russiske og skandinaviske historikarar vert desse konfliktane ofte kalla den første nordlege krigen.[2] Uttrykket «den andre nordiske krigen», vart gjeven av polske historikarar (Druga Wojna Północna), og har seinare vorte mykje nytta på tysk og engelsk òg.[2] Eit anna namn på krigane er den vesle nordiske krigen,[3], som derimot òg kan vise til krigen i 1741-1743. I Polen vert «Syndefloden» nytta om krigen, men dette omgrepet vert òg nytta om andre krigar mot Sverige, Brandenburg, Russland, Transilvania og kosakkane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1648 enda freden i Westfalen trettiårskrigen, der Det svenske imperiet oppstod som ei ny stor europeisk stormakt i lag med Frankrike. I Hannibalfeiden, som var ein del av trettiårskrigen, hadde Sverige slått den tidlegare baltiske stormakta Danmark. Sverige hadde vore i fred med Russland sidan freden i Stolbovo hadde enda den ingermanlandske krigen i 1617.[4] Sverige hadde vore i krig med Det polsk-litauiske samveldet sidan den polsk-svenske krigen 1626–1629, som vart enda med fleire fornya fredsavtalar (Altmark, Stuhmsdorf).[5]

På den andre sida hadde samveldet, under kong Jan II Kasimir av Polen sidan 1648 opplevd ei krise både som følgje av det kosakkiske Khmelnytski-opprøret i søraust og ein handlingslamma administrasjon på grunn av indre stridar i adelen, mellom anna feidar mellom kongen og den litauiske hetmanen Janusz Radziwiłł og feidar mellom sejmikar som hadde krangla sidan eit liberum veto i 1652. Samveldet mangla derfor eit godt forsvar.[6]

I januar 1654 vart den antipolske Pereiaslav-alliansen signert mellom den opprørske kosakk-hetmanen Bohdan Khmelnytskij og Aleksej av Russland, som hadde kontroll over ein velutrusta arme som var i ferd med å moderniserast.[7] I 1654, då Karl X Gustav etterfølgde syskenbarnet Kristina på den svenske trona, rykte dei russiske styrkane inn i det uverna Samveldet, og ved å dra nordaustover hamna dei nær dei svenske interesseområda vest kysten av Austersjøen.[8] Sverige såg den store suksessen russarane hadde, og valte å blande seg inn for å verne den protestantiske folkesetnaden i Polen. Sverige hadde eit tett band til fyrsten av Transilvania og hadde som mål å slå katolikkane i Polen. Sverige fekk òg opprøret i Det kosakkiske hetmanatet, som stod i sterk opposisjon til det polske styret, på si side, og dei lovde militær støtte om kosakkane ville bryte med russarane.[9] Bohdan Khmelnytskij sende eit tokt leia av oberst Halytsjyna, som snart kom attende på grunn av mytteri i eigne rekker. Leiaren av hetmanatet deltok ikkje i handlinga på grunn av dårleg helse.

Sverige var på denne tida eit ekspansivt imperium med ein arme forma for å oppretthalde inntektene i dei okkuperte områda. Dei var klar over at eit direkte åtak på kjerneområdet i Russland kunne føre til ein dansk-polsk-russisk allianse. Sverige vart hindra frå å danne ein svensk-polsk allianse då Jan II Kasimir nekta å droppe kravet om den svenske krona og fordi den polsk-litauiske adelen ikkje ønskte å avstå territorium og makt som ein allianse med Sverige ville koste dei.[10][11] Dei siste forhandlingane i Lübeck i februar 1655 enda utan resultat.[11] Sverige gjekk derfor for eit åtak på Det polsk-litauiske samveldet for å kome fienden i forkjøpet og okkupere dei tilgjengelege områda før russarane.[12]


Det svenske felttoget i Det polsk-litauiske samveldet[endre | endre wikiteksten]

Dei svenske styrkane gjekk inn i Polen-Litauen frå Svensk Pommern i vest og Livland i nord.[11][13] Divisjonen på den vestre flanken bestod av 13 650 mann og 72 kanonar kommandert av Arvid Wittenberg og gjekk inn i Polen den 21. juli 1655 iog ein annan arme på 12 700[13] til 15 000[11] mann kommandert av Karl X Gustav følgde i august, medan divisjonen på den nordlege flanken bestod av 7 200 mann kommandert av Magnus de la Gardie, som alt hadde erobra Dünaburg med dei den 12. juli.[13]

På vestfronten møtte Wittenberg ein polsk hær på 13 000 mann, i tillegg til 1400 bondeinfanteristar. Adelen i Stor-Polen var klar over den militære overmakta til den veltrente svenske armeen, og overgav seg til Wittenberg den 25. juli i Ujscie etter slaget ved Ujście, og sverja så lojalitet til svenskekongen. Wittenberg oppretta ein garnison i Poznan (Posen).[13]

På nordfronten signerte den litauiske hetmanen Janusz Radziwiłł freden i Kėdainiai med Sverige den 17. august 1655, og plasserte storhertugdømet Litauen under svensk vern. Sjølv om Radziwiłł hadde forhandla med Sverige før, under striden sin med den polske kongen, oppretta Kėdainiai eit krav om at dei to delane av samveldet, Polen og Litauen, ikkje skulle måtte kjempe mot kvarandre.[13] Delar av den litauiske armeen gjekk derimot imot avtalen og danna eit forbund leia av magnaten Paweł Jan Sapieha i Wierzbołów.[14]

Den 24. august slo Karl X Gustav seg saman med styrken til Wittenberg. Den polske kongen Jan II Kasimir av Polen forlet Warszawa same månad for møte den svenske armeen i vest, men etter nokre småkampar med den svenske fortroppen, trekte dei sørover til Krakow.[13] Den 8. september okkuperte Karl X Gustav Warszawa, vendte så sørover for å møte den polske kongen. Kongane møttest i slaget ved Żarnów den 16. september, som med det neste møtet i slaget ved Wojnicz den 3. oktober, enda med siger for Sverige. Jan II Kasimir vart driven i eksil til Schlesien, medan Krakow vart overgjeve til Karl X Gustav den 19. oktober.[15]

Den 20. oktober vart ein ny avtale ratifisert ved Kėdainiai i nord. Kėdainiai-unionen samla Litauen med Sverige, og Radziwiłł annerkjende Karl X Gustav som storhertug av Litauen.[13] Dei neste dagane overgav det meste av den polske armeen seg til Sverige. Den 26. oktober overgav Koniecpolski seg med 5385 mann nær Krakow, den 28. oktober overgav feltkronhetman Stanisław Lanckoroński og storkornhetman Stanisław «Rewera» Potocki seg med 10 000 mann, og 31. oktober hæren ved Mazovia etter slaget ved Nowy Dwór.[15]

Nesten heile Polen-Litauen okkupert og Brandenburg blandar seg inn[endre | endre wikiteksten]

Tilnærma utstrekking av det svensk-okkuperte (lyst blått) og russisk-okkuperte (lyst grønt) Polen-Litauen

Samstundes hadde russiske og kosakkiske styrkar okkupert det austlege av Det polsk-litauiske samveldet så langt som til Lublin, med berre Lwow (Lviv, Lemberg) framleis under polsk-litauisk kontroll.[15] Seint i oktober drog Karl X Gustav nordover og forlet Wittenberg i Krakow med ein mobil styrke på 3 000 svenske og 2 000 polske soldatar, i tillegg til mange soldatar spreidd rundt i garnisonane, for å ta kontroll over den sørlege delen av det svensk-okkuperte samveldet.[16]

I nord hadde adelen i Det kongelege Preussen signert ein forsvarsallianse med Kurfyrstedømet Brandenburg den 12. november i Rinsk-traktaten, som tillet brandenburgske garnisonar. Danzig (Gdansk), Thorn (Torun) og Elbing (Elblag) deltok ikkje i avtalen,[5][17] og Thorn og Elbing overgav seg til Sverige. Med Königsberg-traktaten frå 17. januar 1656, tok Fredrik Vilhelm I av Brandenburg og hertug av Preussen Hertugdømet Preussen, eit tidlegare polsk len, som eit len frå Karl X Gustav. Dei brandenburgske garnisonane i Det kongelege Preussen vart trekte attende, og då Marienburg (Malbork) overgav seg i mars, var Danzig den einaste byen som ikkje var under svensk kontroll.[17]

Den raske svenske invasjonane og okkupasjonen av dei polsk-litauiske områda vart i Polen kjend som «(den svenske) syndefloden».[18][19][20][21]

Polen-Litauen kjem attende[endre | endre wikiteksten]

«Syndefloden»[18] og religiøse skilnader mellom hovudsakleg protestantiske svenskar og hovudsakleg katolske polakkar,[14][18] førte til mishandling og mord av den katolske prestestanden og munkar, samt at katolske kyrkjer og kloster vart plyndra. Dette førte til motstandsrørsler i dei svensk-okkuperte områda. Ein geriljastyrke gjekk til åtak på ein liten svensk garnison ved Koscian i oktober 1655 og tok livet av Fredrik av Hessen, svogeren til den svenske kongen. Den paulinske klosteret Jasna Góra i Częstochowa klarte å motstå ei svensk omleiring frå november 1655 til januar 1656.[14] Den 20. november vart det sendt ut eit manifest i Opole (Oppeln) som oppfordra folket til motstand og at Jan II Kasimir måtte kome attende,[17] og i desember tok ein bondestyrke Nowy Sącz.[14] Den 29. desember vart motstandsrørsla Tyszowce-forbundet oppretta av Lanckoroński og Potocki, og 1. januar 1656 kom Jan II Kasimir attende frå eksil. Seint i januar vart Stefan Czarniecki med i forbundet, og i februar hadde dei fleste polske soldatane som hadde vore i svensk teneste sidan oktober 1655 skifta side.[17]

Karl X Gustav, med ein styrke på 11 000 hestar, reagerte med å følgje etter styrken til Czarniecki på 2400 mann, møtte dei og slo han i slaget ved Gołąb i februar 1656.[16] Karl X Gustav meinte så å ta Lwow, men framrykkinga hans vart stogga ved slaget ved Zamość, der han nesten vart omringa av den voksande polsk-litauiske armeen under Sapieha og Czarniecki, og berre så vidt klarte å rømme den 5. og 6. april gjennom linjene til Sapieha under slaget ved Sandomierz. Han mista då alt utstyr og artilleri. Ein svensk støttestyrke under Fredrik av Baden vart øydelagd av Czarniecki den 7. april i slaget ved Warka.[22] Same månad erklærte Jan II Kasimir med Lwów-eida Jomfru Maria som dronning av Polen, og lovde å gjere det godt at for bondestanden om han fekk attende kontrollen.[17]

Brandenburgsk-svensk allianse og russisk krig mot Sverige[endre | endre wikiteksten]

Alexis I of Russia (Hermitage).jpg
For meir om dette emnet, sjå den russisk-svenske krigen 1656–1658.

Den 25. juni 1656 inngjekk Karl X Gustav ein allianse med Brandenburg: Marienburg-traktaten gav Stor-Polen til Fredrik Vilhelm I i byte mot militær støtte. Medan den brandenburgske kurfyrsten var ute av det svenske vasallforholdet i Stor-Polen, vart han verande ein svensk vasall for Hertugdømet Preussen.[18][22] Brandenburgske garnisonar erstatta svenske i Stor-Polen, som forsterka armeen til Karl X Gustav.[23] Den 29. juni vart Warszawa storma av Jan II Kasimir, som hadde stilt opp ein styrke på 28 500 soldatar og ein adeleg arme på 18 000 til 20 000.[22] Deretter deltok Brandenburg aktivt i krigen på svensk side, og fekk Jan II Kasimir av Polen til å uttale at no når tatarane hans alt hadde svenskane til frokost, så skulle han no ta Fredrik Vilhelm I i varetekt, der verken sola eller månen skein.[18]

Alt i mai 1656 erklærte Aleksej av Russland krig mot Sverige, og tok nytte av at Karl var fastbunden i Polen, og at Livland, Estland og Ingermanland berre var sikra av ein livisk arme på 2200 infanteristar og 400 dragonar, Magnus de la Gardie sine 7 000 mann i Preussen og 6 933 mann spreidde rundt i garnisonane langs den austlege Austersjøkysten. Aleksej invaderte Livland i juli med 35 000 mann og tok Dünaburg.[24]

Seint i juli vart Danzig forsterka av ein nederlandsk garnison, og ein samla dansk og nederlandsk flåte heva blokaden av Danzig som Karl X Gustav hadde innført.[25] Den 28. til 30. juli klarte ein samla brandenburgsk-svensk arme å slå den polsk-litauiske armeen i slaget ved Warszawa,[18][23] og tvinga Jan II Kasimir til å trekkje seg attende til Lublin. I August tok armeen til Aleksej liviske Kokenhausen (Koknese), kringsette Riga og Dorpat (Tartu) og raida Estland, Ingermanland og Kexholm.[26]

Den 4. oktober storma Jan II Kasimir Łęczyca i Stor-Polen, før han sette retning mot Det kongelege Preussen,[27] og den 8. oktober køyrde Wincenty Korwin Gosiewski med 12 000 til 13 000 litauiske og krim-tatarske kavaleristar over ein brandenburgsk-svensk styrke i slaget ved Prostken i Hertugdømet Preussen.[28] Gosiewski raida så Hertugdømet Preussen, brende 13 byar og 250 landabyar, i eit felttog som gjekk inn i folkesegnene på grunn av dei høge dødstala og dei mange fangane som vart bortført til Krimhalvøya.[27]

Den 22. oktober vart Gosiewski slått av ein svensk styrke i slaget ved Philipowo og vendte attende til Litauen.[27] Same dag overgav den kringsette Dorpat seg til Aleksej, medan den russiske omleiringa av svenske Riga vart heva.[26] Jan II Kasimir tok samstundes Bromberg (Bydgoszcz) og Konitz i Det kongelege Preussen, og frå 15. november 1656 og fram til februar 1657 var han i Danzig, der ei svensk omleiring måtte avsluttast etter at nederlendarane blanda seg inn, berre 55 km frå leiren til Karl X Gustav i Elbing.[27]

Svensk-brandenburgsk-transilvansk allianse og fred med Russland[endre | endre wikiteksten]

Med Labiau-traktaten den 20. november gav Karl X Gustav av Sverige Fredrik Vilhelm I av Brandenburg full suverenitet over Hertugdømet Preussen i byte for meir aktiv deltaking i krigen.[27][29] Med Radnot-traktaten den 6. desember lovde Karl X Gustav å akseptere Georg II Rákóczi av Transilvania som konge av Polen og storhertug av Litauen mot at han gjekk inn i krigen.[27] Rákóczi gjekk inn i krigen i januar 1657,[27][29] og gjekk inn i samveldet med ein styrke på 25 000 transilvanske, valakiske og moldoviske menn og 20 000 kosakkar som braut den polske omleiringa av Krakow før dei møtte Karl X Gustav, som hadde ført ein svensk-brandenburgsk arme sørover. Månaden etter spelte denne allierte styrken katt og mus med polsk-litauiske styrkar, og flytta rundt i heile samveldet utan store trefningar, bortsett frå erobringa av Brest av Karl X Gustav i mai, og plyndringa av Warszawa av Rákóczi og Gustaf Otto Stenbock den 17. juni.[27]

På grunn av indre konfliktar hos kosakkane, deltok praktisk talt ikkje Det kosakkiske hetmanatet i krigen. Utsliten etter tidlegare felttog og eit ønske om at Bohdan Khmelnytskij skulle bryte med Sverige, signerte til slutt Aleksej av Russland våpenkvilen i Vilna eller Niemież med Det polsk-litauiske samveldet, og møtte ikkje den svenske armeen i store slag gjennom 1657, sjølv om han framleis forsterka armeane sine i Livland. Den 18. juni slo ein svensk styrke ein russisk arme på 8 000 mann kommandert av Matvej V. Sjeremetev i Slaget ved Walk ved Walk (Valga). Tidleg i 1658 vart Sverige og Russland samde om ein våpenkvile,[26] som førte fram til freden i Valiesar (Vallisaare, 1658) og freden i Kardis (Kärde, 1661). Den russiske krigen mot Polen-Litauen heldt fram i 1658.[30]

Austerriksk-brandenburgsk-polsk-litauisk allianse og danske felttog i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Territorialendringar etter freden i Wehlau-Bromberg, samanlikna med grensene før krigen (1654) og freden i Königsberg (januar 1656) og Labiau (november 1656).

Som Sverige, såg òg Jan II Kasimir etter allierte for å bryte stillstanden i krigen. Den 1. desember 1656 signerte han ein allianse med Ferdinand III av Habsburg i Wien,[18][31] som i røynda var meir ei erklæring frå Ferdinand III om å forhandle fram ein fred enn lovnad om militær støtte. Avtalen tredde ikkje i kraft før Ferdinand døydde den 2. april 1657. Avtalen vart fornya og endra den 27. mai av etterfølgjaren til Ferdinand, Leopold I av Habsburg,[29][31] som i Wien gjekk med på å støtte Jan II Kasimir med 12 000 soldatar, kosta av Polen, mot at Leopold fekk Krakow og Posen i pant. Då denne meldinga kom ut erklærte Fredrik III av Danmark med ein gong krig mot Sverige og i juni gjekk den austerrikske armeen inn i Det polsk-litauiske samveldet frå south,[31] og stabiliserte samstundes situasjonen i Sør-Polen.,[29] medan Danmark gjekk til åtak på svenske Bremen-Verden og vendte seg mot Jämtland og Västergötland i juli.[31]

Då Karl X Gustav forlet Samveldet og sette vestover for å slå attende mot danskane, braut den svensk-brandenburgsk-transilvanske alliansen saman. Rákóczi av Transilvania klarte ikkje å stå imot dei samla austerrikske og polsk-litauiske styrkane utan støtte frå svenskane, og etter ei forfølging inn i Ukraina vart han omringa og tvungen til å kapitulere, medan resten av den transilvanske armeen vart slått av tartarane.[31]

Brandenburg skifta side mot at Polen trekte attende kravet om Hertugdømet Preussen, og erklærte Fredrik Vilhelm I som den einaste suvereniteten av hertugdømet med freden i Wehlau den 19. september og Bromberg den 6. november.[29][31] I tillegg til dei nemnde avtalane sikra Brandenburg landa Lauenburg og Bütow ved grensa til Brandenburgske Pommern, medan bispedømet Ermeland vart gjeven attende til Polen.[29]

Danmark og Pommern[endre | endre wikiteksten]

Åtaket til Fredrik III av Danmark i juni 1657 var eit forsøk på å ta attende områda dei tapte i 1645, og gav Karl X Gustav høvet til å forlate stillstanden på den polsk-litauiske slagmarka. Med 9 950 hestar og 2 800 fotsoldatar, marsjerte han gjennom Pommern og Mecklenburg. I Holstein vart den svenske styrken delt og Carl Gustav Wrangel drog vestover for å reinske Bremen-Verden og Karl X Gustav drog nordover for reinske Jylland.[31] Då dei hadde oppnådd desse måla, flytta Karl X Gustav i september seg til den svenske hamnebyen Wismar og sende marinen sinn ut i det uavgjorte slaget ved Møn.[32]

Samstundes herja dei polske styrkane leia av general Stefan Czarniecki sørlege område av Svensk Pommern, og øydela og plyndra Pasewalk, Gartz ved Oder og Penkun.[33] Dei allierte frå Habsburg og Brandenburg var motvillige til å slå seg saman med Czarniecki, og mot ønsket til Jan II Kasimir valte dei å ikkje ta krigen til Det tysk-romerske riket i frykt for ein ny trettiårskrig.[32]

Den strenge vinteren 1657/58 hadde tvunge den dansk-norske flåten til hamn, og Store- og Lillebælt, som skilde dei danske øyane frå fastlandet, var islagd. Etter å ha nådd Jylland frå sør, føretok den svenske armeen på 7000 mann toget over Storebælt; den 9. februar 1658 kryssa dei Lillebælt og øya Funen (Fyn) vart erobra på få dagar, like etter tok dei Langeland, Lolland og Falster. Den 25. februar kryssa den svenske armeen Storebælt til Sjælland med den danske hovudstaden København. Sjølv om berre 5 000 mann klarte å krysse sunda, var det svenske åtaket fullstendig uventa, og Fredrik III måtte overgje seg og signere den ufordelaktige freden i Roskilde den 26. februar 1658.[32]

Sverige hadde vunne den mest prestisjefylte sigeren sin, og Danmark hadde lidd eit dyrt nederlag.[34] Danmark vart tvungen til å gje frå seg provinsane Skåne, Halland, Blekinge og øya Bornholm. Halland hadde alt vore under svensk kontroll sidan signeringa av freden i Brömsebro i 1645, men dei vart no svenske område på ubestemt tid. Danmark måtte òg gje frå seg den norske provinsen Trøndelag til Sverige.

Dei svenske områda i Polen hadde vorte reduserte til nokre byar i Det kongelege Preussen, mellom anna Elbing, Marienburg og Thorn. Med Transilvania nøytralisert og Brandenburg fall frå, var ikkje stillinga til Karl X Gustav i regionen lenger sterk nok til å oppnå målet hans, å få Det kongelege Preussen på permanent basis. Han vart ytterlegare pressa militært av ei austerriksk-polsk kringsetting av Thorn i juli 1658, og diplomatisk då han vart oppfordra av Frankrike om å gå for fred.[32] Frankrike ønskte ikkje å blande seg inn militært, og Sverige hadde ikkje råd til å bryte freden i Westfalen med å gå til åtak på dei habsburgske og brandenburgske områda i Det tysk-romerske riket, som truleg ville ha drive fleire tyskarar inn i den antisvenske alliansen. Karl X Gustav valte derfor å gå til åtak på Danmark på ny.[35]

Då danskane trenerte og utsette nokre av vilkåra i freden i Roskilde om å gje forsyningar og ikkje blokkere utanlandske flåtar frå å kome inn i Austersjøen, og då halvparten av dei 2 000 danske soldatane som i følgje Roskilde-avtalen måtte gå inn i svensk teneste deserterte, sette svenskekongen ut frå Kiel med ein styrke på 10 000 mann den 16. august. Då alle venta at han skulle dra mot Det kongelege Preussen, gjekk han i land på Sjælland den 17. august og sette av stad mot København,[35] som var forsvart av 10 650 danskar og 2 000 nederlendarar. Denne gongen overgav derimot ikkje byen seg, og ei lang kringsetting følgde. Då svenskane tok Kronborg i september, kontrollerte dei begge sidene av Øresund, men i november braut ein nederlandsk flåte den svenske blokkaden i Købnehavn i slaget i Øresund.[36]

Samstundes hadde den antisvenske alliansen sendt ein arme til Danmark for å møte Karl X Gustav med ein styrke på 14 500 brandenburgarar kommandert av Fredrik Wilhelm I, 10 600 austerrikarar kommandert av Raimondo Montecuccoli, og 4 500 polakkar kommandert av Czarniecki. I januar 1659 stod dei allierte styrkane ved Fredriksodde i Kolding og på Als. Karl X Gustav prøvde seg med eit avgjerande åtak på København den 21. og 22. februar, men vart driven attende.[36]

Sverige forskansa[endre | endre wikiteksten]

I 1659 var krigen prega av at dei svenske styrkane forsvarte skansane sine på sørsida av Austersjøen mot åtak frå dei allierte. Ein samla styrke på 17 000 austerrikarar og 13 000 brandenburgarar[36] leia av general Jean-Louis Raduit de Souches invaderte Svensk Pommern, tok og brende Greifenhagen, tok øya Wollin og Damm, kringsette Stettin og Greifswald utan suksess, men tok Demmin den 9. november. Motåtak vart utført av general Müller von der Lühnen, som heva kringsettinga av Greifswald frå den brandenburgske kurfyrsten, og generalmajor Paul Wirtz, som frå den kringsette Stettin klarte å ta eit brandenburgsk ammunisjonslager i Curau og tok det til Stralsund. Brandenburgarane trekte seg attende medan dei herja landsbygda dei passerte.[33]

I dei okkuperte og annekterte danske provinsane, starta motstandsrørsler å presse svenske garnisonar. Etter eit opprør tok nordmennene Trondheim seint i 1658. I Skåne og Sjælland, utførte «snaphaner» leia av Lorenz Tuxen og Svend PoulsenGøngehøvdingen») eit bakhaldsåtak på svenske styrkar. Den svenske garnisonen på Bornholm vart tvungen til å overgje seg til danske opprørarar og kommandanten vart drepen.[37]

I Det kongelege Preussen hadde alt Thorn fall i desember 1658, men Elbing og Marienwerder stod framleis. Den 24. november måtte Sverige forlate Fyn og Langeland etter nederlaget i slaget ved Nyborg. I januar 1660 hadde Sverige tapt den liviske festninga Mitau.[36]

Samstundes oppstod det konflikt i den antisvenske alliansen mellom Habsburg og Polen-Litauen då Habsburg kravde meir og meir krigsskatt utan å delta så mykje i krigen so Polen-Litauen hadde venta. Med den den russisk-polske krigen i gang, vart dei fleste polsk-litauisk styrkane knytte opp i Ukraina. England, Frankrike og Holland vart samde om eit brev i den første Haag-avtalen, der dei oppfordra Sverige til å gjere fred med Danmark med vilkåra i Roskilde, og fredssamtalar med Frankrike som mellommann fann stad gjennom 1659.[36]

Fred[endre | endre wikiteksten]

Områda Det svenske imperiet fekk etter freden i Roskilde (i grønt) og freden i København i 1660 (lys grønt). Karl Gustav-krigane markerte høgdepunktet på stormaktstida til Sverige.

Karl X Gustav vart sjuk tidleg i 1660 og døydde 23. februar same året. Då svenskekongen døydde var eit av dei største hindra for fred borte og freden i Oliva vart signert med dei allierte Polen-Litauen, Habsburg og Brandenburg den 23. april. I Oliva (Oliwa) vart det gjort fred mellom Sverige, Det polsk-litauiske samveldet, Habsburgarane og Brandenburg-Preussen. Sverige vart akseptert som suveren i Svensk Livland, Brandenburg vart akseptert som suveren i Hertugdømet Preussen, og Jan II Kasimir Vasa trekte attende kravet sitt om den svenske krona, sjølv om han fekk ha tittelen sin resten av livet. Alle dei okkuperte områda skulle elles attende til statane som hadde dei før krigen starta.[30]

Danskane ønskte derimot ikkje fred etter at dei hadde byrja å syne suksess og sett svakheiter på den svenske sida. Nederlendarane trekte attende blokkaden sin, men vart snart overtydd av danskane i å støtte dei igjen. Franskmennene og engelskmennene støtta svenskane og situasjonen var igjen på kanten av ein ny storkrig. Den danske statsmannen Hannibal Sehested forhandla fram ein fredsavtale utan å direkte invovlere stormaktene og konflikten vart løyst med freden i København, der Sverige måtte gje attende Bornholm og Trøndelag til Danmark.[30] Freden i 1660 oppretta dei politiske grensene mellom Danmark, Sverige og Noreg som har stått urørt fram til i dag.

Russland var framleis involvert i den russisk-polske krigen 1654–1667, og gjorde fred med Sverige i freden i Kardis, som gav dei russisk-okkuperte svenske områda attende til Sverige.[30]

Fredsavtalar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Second Northern War» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Anisimov, Evgeniĭ Viktorovich (1993). John Alexander. ed. The reforms of Peter the Great: progress through coercion in Russia. The New Russian history. New York: Sharpe. ISBN 1563240483. 
    • Buchholz, Werner, ed (1999) (på tysk). Pommern. Siedler. ISBN 3886807800. 
    • Frost, Robert I (2004). After the Deluge. Poland-Lithuania and the Second Northern War, 1655-1660. Cambridge Studies in Early Modern History. Cambridge University Press. ISBN 0521544025. 
    • Hrushevsky, Mykhailo (2003). «Between Moscow and Sverige» (på russisk). Illustrated History of Ukraine. Donetsk: BAO. ISBN 966-548-571-7. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Moote, Alanson Lloyd (1970). The seventeenth century; Europe in ferment. Heath. 
    • Kozicki, Richard; Wróbel, Piotr, eds (1996). Historical dictionary of Poland, 966-1945. Greenwood Publishing Group. ISBN 0313260079. 
    • Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513-1660. The rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. ISBN 0199271216. 
    • Oakley, Steward (1992). War and peace in the Baltic, 1560-1790. War in Context. Abingdon - New York: Routledge. ISBN 0415024722. 
    • Press, Volker (1991) (på tysk). Kriege und Krisen. Deutschland 1600-1715. Neue deutsche Geschichte. 5. Munich: Beck. ISBN 3406308171. 
  1. Hrushevsky (2003), pp. 327ff.
  2. 2,0 2,1 Frost (2000), s.13
  3. Lloyd (1970), s. 172,176
  4. Anisimov (1993), s.52
  5. 5,0 5,1 Press (1991), s.401
  6. Frost (2000), s.163
  7. Frost (2000), s.164
  8. Frost (2000), s.166
  9. Hrushevsky (2003), s. 327
  10. Frost (2000), pp.166-167
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Oakley (1992), s.85
  12. Frost (2000), s.167
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 Frost (2000), s.168
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Frost (2000), s.170
  15. 15,0 15,1 15,2 Frost (2000), s.169
  16. 16,0 16,1 Frost (2000), s.172
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 Frost (2000), s.171
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 Press (1991), s.402
  19. Frost (2004), s.3
  20. Oakley (1992), s.94
  21. Kozicki & Wróbel (eds.) (1996), s.107
  22. 22,0 22,1 22,2 Frost (2000), s.173
  23. 23,0 23,1 Frost (2000), s.174
  24. Frost (2000), s.176
  25. Frost (2000), s.175
  26. 26,0 26,1 26,2 Frost (2000), s.177
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 27,4 27,5 27,6 27,7 Frost (2000), s.178
  28. Frost (2000), s.177-178
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 Press (1991), s.403
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 Frost (2000), s.183
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 31,4 31,5 31,6 Frost (2000), s.179
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 Frost (2000), s. 180
  33. 33,0 33,1 Buchholz (1999), s.273ff
  34. Roskildefreden (1658)
  35. 35,0 35,1 Frost (2000), s. 181
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 Frost (2000), s. 182
  37. Lockhart (2007), s.238