Garbh Eilean

Koordinatar: 57°54′N 6°22′W / 57.9°N 6.36°W / 57.9; -6.36
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garbh Eilean
Geografi
Garbh Eilean is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°54′N 6°22′W / 57.9°N 6.36°W / 57.9; -6.36
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,43 km²

Høgaste punkt Mullach Buidhe (160 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Garbh Eilean er ei øy i Shiant Isles sør i the Minch på vestkysten av Skottland.

Garbh Eilean frå Eilean an Taighe
Strand mellom dei to hovudøyane i Shiants Isles (Garbh Eilean og Eilean an Taighe)

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk setter øyane eit framhald av TrotternishhalvøyaSkye. Bergartane her er vulkanske og om lag 60 millionar år gamle, som er særs unge til å vere Hebridane. Det finst dolerittsøyler på nordsida av Garbh Eilean som er over 100 meter høge, og om lag 2 meter breie.[1]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Øyane var busette til seint på 1800-talet, då nye eigarar kom til og samfunnet endra seg slik at øya ikkje lenger vart levedyktig.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst ruinar av fleire mogelege kapell på øya. Det første kan ha vore tileigna St. Columba og kan ha lege på vestsida av Garbh Eilean, kanskje ved Àirighean na h-Annaid - namnet Annaid tyder «gammal kyrkje». Det finst òg spor etter ei nyare kyrkje, tileigna Jomfru Maria, nær hyttene på Eilean an Taighe.[2]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det finst store fuglekoloniar på øyane. Mykje lundefugl hekkar i hole gongar i sidene på Garbh Eilean, i tillegg til ein del teist, alke, havhest, krykkje, skarv, måse og storjo. Sjølv om det finst meir lundefugl på St Kilda står dei tettare på Shiants Isles.[1][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Western Isles Guide Book: Shiant Islands». Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 26. februar 2010. 
  2. «Shiant Islands». Arkivert frå originalen 30. juni 2007. Henta 26. februar 2010. 
  3. «Birds of the Shiant Islands: 1970 & 1971 census». Shiant Islands. Arkivert frå originalen 2. juli 2007. Henta 26. februar 2010.