Gartnarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gartnarar


Flammegartnar, Sericulus aureusIllustrasjon John Gould, Public domain
Flammegartnar, Sericulus aureus
Illustrasjon John Gould, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Ptilonorhynchidae
Slekter

Gartnarar eller lauvhyttefuglar er ein biologisk familie av 20 fugleartar i sju slekter av gartnarar og kattefuglar. Det vitskaplege namnet er Ptilonorhynchidae. Dette er mellomstore sporvefuglar med variasjon i storleik frå 22 cm og 70 gram for gyldengartnar til 40 cm og 230 gram for grågartnar. Dietten deira er hovudsakleg sett saman av frukt, men kan òg femne om insekt, blomar, nektar og blad hos einskilde artar[1].

Sjølv om utbreiinga er sentrert rundt tropiske regionar av Ny-Guinea og nordlege Australia, har nokre artar leveområde som strekkjer seg inn sentrale, vestlege og søraustlege Australia. Dei okkuperer ei rekkje ulike habitat, inkludert regnskog, eukalyptus og akasieskog, og dessutan i buskskog.

Gartnarar er mest kjente for den unike åtferda si på spelplassen, der hannar byggjer ein overbygd konstruksjon, ei «lauvhytte», og dekorerer ho med kvister og fargerike objekt i strevet på å trekkje til seg ein make.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Regentgartnar, Sericulus chrysocephalus
Foto: Flickr-brukar Seabamirum
Okerbukgartnar, Chlamydera cerviniventris
Foto: Doug Janson
Atlaskgartnar, Ptilonorhynchus violaceus
Illustrasjon N. H. le Jeune og J-G Prêtre, 1838, Public domain

Kattefuglar, fuglar i slekta Ailuroedus, er monogame, men alle andre gartnarar er polygyniske, der hofuglen byggjer reiret, rugar og syter for ungane åleine. Desse sistnemnde artane er vanlegvis kjønnsdimorfistiske, og hannfuglen har mest iaugefallande farger i fjørdrakta. Hoene byggjer reiret ved å leggje mjukt materiale, slikt som lauv, bregnar og andre plantedelar, over eit laust fundament av trepinnar. Dei legg eit eller to egg, som blir klekt etter 19 til 24 dagar, avhengig av arten.[1]

Det mest særmerkte for gartnarar er den ekstremt komplekse åtferda ved paringsspel og kurtise, der hannar byggjer eit slags bur eller hytte for å vekkje merksemd ovanfor makar. Det finst to typar konstruksjonar:

Ei gruppe av gartnarar byggjer såkalla maistangbur ved å setje småpinnar rundt eit lite treskot, hos einskilde artar får desse konstruksjonane eit hytteliknande tak.
Hos den andre gruppa byggjer hannen eit allé-type bur laga av to vegger av vertikalt plasserte pinnar.
Døme på hytte lagd av gartar.

I og rundt buret til legg han ei rekkje fargerike gjenstandar han har samla. Desse objekta - vanlegvis ulike hos kvar enkelt art - kan femne om hundrevis av skjel, blad, blomar, fjører, steinar, bær, og til og med plastavfall, myntar, spikrar, riflekuler eller glasbitar. Hannane arbeider i mange timar med å arrangere denne samlinga. Innanfor same arten finst ei generell utforming av hyttene, i tillegg viser dei monaleg variasjon. Innsamling av gjenstandar reflekterer hannane sine artsspesifikke tendensar og evna dei har til å skaffe element innanfor habitatet, ofte stel dei frå nabohytta. Fleire studium av ulike artar har vist at fargene i dekorasjonar er tilpassa preferansane til hofuglane.

Mange artar av gartnarar er dyktige imitatorar. Fakkelgartnar, til dømes, har vorte observert i å imitere griser, fossefall, og menneskeleg prat. Atlaskgartnar vil vanlegvis etterlikne andre lokale artar som del av kurtisen sin.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Gartnarar og kattefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Ailuroedus

Slekt Scenopoeetes

  • Tannkattefugl, Scenopoeetes dentirostris, Tooth-billed Catbird, LC, Ramsay, 1876

Slekt Archboldia

Slekt Amblyornis

  • Brungartnar, Amblyornis inornata, Vogelkop Bowerbird, LC, Schlegel, 1871
  • Fakkelgartnar, Amblyornis macgregoriae, Macgregor's Bowerbird, LC, De Vis, 1890
  • Stripegartnar, Amblyornis subalaris, Streaked Bowerbird, LC, Sharpe, 1884
  • Gullmankegartnar, Amblyornis flavifrons, Golden-fronted Bowerbird, LC, Rothschild, 1895
  • Gyllengartnar, Amblyornis newtoniana, Golden Bowerbird

Slekt Sericulus

  • Flammegartnar, Sericulus aureus, Flame Bowerbird, LC, Linné, 1758
  • Eldmankegartnar, Sericulus bakeri, Fire-maned Bowerbird, NT, Chapin, 1929
  • Regentgartnar, Sericulus chrysocephalus, Regent Bowerbird, LC, Lewin, 1808

Slekt Ptilonorhynchus

  • Atlaskgartnar, Ptilonorhynchus violaceus, Satin Bowerbird, LC, Vieillot, 1816

Slekt Chlamydera

  • Vestgartnar, Chlamydera guttata, Western Bowerbird, LC, Gould, 1862
  • Flekkgartnar, Chlamydera maculata, Spotted Bowerbird, LC, Gould, 1837
  • Grågartnar, Chlamydera nuchalis, Great Bowerbird, LC, Jardine & Selby, 1830
  • Kastellgartnar, Chlamydera lauterbachi, Yellow-breasted Bowerbird, LC, Reichenow, 1897
  • Okerbukgartnar, Chlamydera cerviniventris, Fawn-breasted Bowerbird, LC, Gould, 1850

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Frith, Clifford B. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 228–331. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]