Giacomo Carissimi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giacomo Carissimi
Giacomo Carissimi.jpg
Giacomo Carissimi
Fødd døypt 18. april 1605, Marinoi Italia
Død 12. januar 1674 (68 år), Roma
Periode Barokken
Sjanger Vokalmusikk, kormusikk
Aktive år 1640-1672
Yrke Komponist

Giacomo Carissimi (160512. januar 1674) var ein italiensk komponist, og ein av dei mest hylla frå den tidlege barokken. Han høyrde til den romerske skulen i musikk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner ikkje til nøyaktig når han vart fødd, men det var truleg i 1604 eller 1605 i Marino, nær Roma.

Ein kjenner lite til dei tidlege åra hans. Faren var ein tønnemakar og 20 år gammal vart Giacomo kapellmeister i Assisi. I 1628 fekk han den same stillinga i kyrkja Sant'Apollinare, som høyrte til Collegium Germanicum i Roma. Denne stillinga hadde han til han døydde, trass i at han fekk mange tilbod til framståande stillingar andre stader, mellom anna å overta etter Claudio Monteverdi i St. Markus-kyrkja i Venezia. I 1637 vart han ordinert til prest. Det ser ut til at han aldri reiste ut av Italia.

Han døydde i Roma i 1674.

Han har fått æra for å ha utvikla resitativet, som seinare vart nytta av Monteverdi og for å ha vore særs viktig i utviklinga av dramatisk musikk. Han vidareutvikla kammer-kantaten ved å erstatte concertato-madrigalar, som igjen hadde erstatta madrigalane seint i renessansen. I tillegg utvikla han oratorium-forma og var den første viktige komponisten av desse.

Han har same posisjon i historia til kyrkjemusikken og vokal kammermusikk, som det of Cavalli har i historia til operaen. Sjølv om Luigi Rossi utvikla kammer-kantater før han, var det Carissimi som først gjorde denne forma til den mest intellektuelle stilen innan kammermusikk, noko forma var fram til Alessandro Scarlatti, Astorga og Marcello døydde.

Carissimi er òg kjend som ein av dei første som komponerte oratorium, med Jephte kanskje den mest kjende, i tillegg til Jonas. Dette verket og andre er viktige i utviklinga av oratorium-forma uta akkompangment. Namnet kjem frå framføringane av verka i bedekammeret Santissimo Crocifisso (oratorium) i Roma. Han nytta òg meir varierte og interessante instrumentale akkompagnement til vokalstykka. Dr. Burney og Sir John Hawkins publiserte delar av komposisjonane hans i verka sine om musikkhistoria, og Dr. Aldrich samla eit nesten fullstendig sett av komposisjonane hans, som i dag finst i biblioteket i Christ Church i Oxford. British Museum har òg fleire verk av Carissimi. Dei fleste oratoria hans finst i Bibliothèque Nationale i Paris.

Carissimi var aktiv på ei tid då verdsleg musikk var i ferd med å ta over for den dominerande kyrkjemusikken i Italia, og endringa var avgjerande og permanent. Då han starta komponeringa, var påverknaden frå dei førre komponistgenerasjonane i Roma framleis stor (til dømes stilen til Palestrina), og då karrieren hans nærma seg slutten var operaformene, og dei instrumental verdslege formene dominerande. I tillegg var Carissimi ein viktig lærar og påverknaden hans spreidde seg langt inn i Tyskland og Frankrike. Det meste av musikkstilen til Charpentier, er til dømes særs prega av Carissimi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]