Gilli-danda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silhuettframstilling av gillidandaspel, eller kuttiyum kolum på malayalam.
Gilli-danda spelt ved breidda av Ganga i Varanasi.

Gilli-danda[1] er hindustaninamnet på eit pinnespel som er utbreidd over heile Sør-Asia og ein del andre stader. Spelet kan føregå på open mark, vegar ved hjelp ein kort pinne som ein slår og minst ei stikke som ein slå med.Spelet kan ha to spelarar eller fleire spelarar fordelte på to lag.

To gutar i Pakistan speler gilli-danda.

Det finst ulike reglar, men går hovudsakleg ut på at ein slår ein kort pinne lengst mogleg bort frå ei grop i bakken med ei lengre stikke. Motspelaren skal så prøva å få pinnen lengre. Motspelarar har også høve til å prøva å stoppa den flygande pinnen eller slå han tilbake. Om pinnen blir fanga i svevet eller treffer stikka til den som slo, er han ute. Før ein byrjar spelet, kan ein tevla om kven som starta ved å sjå kven som klarer halda den korte pinnen i lufta gjennom å slå han med stikka flest mogleg gonger.

Ofte målar ein lengda ein oppnår ved hjelp av slåstikka, den korte pinnen eller spann. Kvart mål kan gjev eitt poeng, og spelaren eller laget som oppnår flest poeng vinn spelet.

Jente frå Kerala i India med utstyret ein treng til kuttiyum kolum.

På hindustani (hindi og urdu) er gilli er namnet på den korte pinnen ein slår, og danda på stikka ein slår med. Fleire av namna på andre språk er danna på same måte. Spelet er kjend som dandi-biyo[2]nepali, gulli-danda[3]panjabi, dānggűlibengali og assamesisk, viti-dandu[4]marathi, billam-godutelugu, chinni-dandukannada, kuttiyum kolummalayalam, kitti-pul[5]tamil, gooti-billa, karra-billa eller geeti-danna[6]saraiki, iti-dakar[7]sindhi og lappa-duggi[8]pasjto.

Spelet er også kjend som kon ko på khmer og alak-doulak[9] på farsi. I Europa finst spelet som bòlit på katalansk, lippa på italiensk og tip-cat på engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Devanagari (hindi) गिल्ली डण्डा, urdu گلی ڈنڈا
  2. डण्डी बियो
  3. گلی ڈنڈا
  4. विट्टी दांडू
  5. கிட்டி-புல்
  6. گیٹی ڈنا
  7. اٽي ڏڪر
  8. لپا ڈگی
  9. الک دولک