Giorgio de Chirico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giorgio de Chirico i 1936


Giorgio de Chirico (10. juli 188820. november 1978), også kjend som Népo, var ein italiensk målar og skulptør. Hans metafysiske målestil danna skule for andre målarar og har seinare vorte rekna som ein del av surrealismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Chirico vart fødd i Volos i Hellas av foreldre frå Genova og Sicilia i Italia. Etter studiar i Aten og Firenze resite han i 1906 til München og vart elev ved kunstakademiet i byen. Der studerte han særleg bilete av Arnold Böcklin og Max Klinger, og las elles filosofiske verk av Friedrich Nietzsche og Arthur Schopenhauer.

Tilbake i Italia måla han i 1910 det fyrste biletet i serien Metafysisk Piazza: Gåta med haustettermiddagen, basert på ei kjensle av openberring han fekk av Piazza Santa Croce i Firenze. Også måleriet Orakelets gåte måla han under opphaldet i Firenze. Bileta formidlar ei sjeleleg uro, ei kjensle av noko utanom, noko som synest plage eller forundre figurane og dermed publikum. På veg til Paris besøkte han elles Torino, og vart fascinert av det metafysiske aspektet ved piazzaene og gatene med sine bogegangar.

År 1912 fekk han stilt ut tre verk på Salon d’Automne i Paris; dei nemnde to frå Firenz, samt eit sjølvportrett. I løpet av 1913 stilte han ut både på Salon des Indépendants og Salon d’Automne og fekk seld sitt fyrste måleri: Det raude tårnet.

Under fyrste verdskrigen fór Chrirco til Italia for å melde seg som friviljug til krigsteneste. Han vart funnen udyktig som soldat. I staden vart han plassert i eit sjukehus, noko som gav han høve til å halde fram med å måle.

Chirico er best kjend for bileta han laga mellom 1909 og 1919; hans såkalla metafysiske periode. Seinare i livet forlet han denne stilen, noko som førte til at kunstverda fekk mindre interesse for dei nye verka hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]